Anmeldelser

Ein sjarmerande, liten Bibel

Alt er smått og enkelt, men det er likevel noko originalt og rørande ved «Tegneseriebibelen». Om den tok litt fleire sjansar, kunne den blitt skikkeleg god.

Kanskje er teikneserie den kunstforma der du raskast, nesten på eit augeblikk, gjer deg opp ei meining om du liker verket eller ikkje. Med Tegneseriebibelen lønner det seg å ikkje vere for streng. Dei første sidene, der ordet var i Gud og Gud skaper himmelen og jorda, viser illustratør Picanyol seg frå si verste side.

Rutene er for små til det han prøver å fortelje, og dei få teikningane han nyttar i kvar rute, lener seg tung mot klisjeane vi er vand med om korleis Gud skapte verda. Men så viser det seg snart at Tegneseriebibelen har mykje meir å by på. Trass i den svake starten, og den billege innpakninga IKO-forlaget har spandert på boka, er dette ei uventa sjarmbombe.

I eit nytt lys

Det er ikkje utvalet av tekstar frå Bibelen som løftar Tegneseriebibelen opp, men korleis Picanyol overraskar med sine teikningar. Fleire kjende historier står fram i eit nytt lys for meg, ikkje minst øydelegginga av Sodoma og Gomorra. Her bruker Picanyol to sider, nesten utan tekst, og lar elden sveve ned frå himmelen over byen. Denne elden, og blikket til Lots kone, er uventa, og underleg nok, vakkert teikna.

Picanyol har også løyst historia om Kain og Abel på ein god måte. Utan så mykje tekst, men med eit blodig drap i ei steinur i dagslys, får han fram den nakne, brutale valden. Eg synest også han er ein av få illustratørar som løyser godt scena der Farao og hærens hans blir drukna i havet. I motsetning til alle andre, droppar han fiskane som stirer på Moses og følget hans, og lar oss heller sjå Faraoen og hestane og soldatane flyte sjokkerte i det mørke vatnet.

Slit med tyngdekrafta

Slike grep er med på å løfte Tegneseriebibelen. Det kjennest som om ein kunstnar har tatt tak i dette stoffet og prøvd å vise fram sine visjonar frå Bibelen. Ikkje alt fungerer, og den enkle og barnelege streken Picanyol nyttar, legg av og til band på forteljinga. Nokre historier blir for korte, nokre stoppar for brått, og andre vender seg om litt for plutseleg. Eg synest òg at Picanyol av og til slit med tyngdekrafta i teikningane, det gjer at nokre av rutene der mykje skal skje, ser litt hjelpelause og rotete ut. Historia om kong Salomo som skal avgjere kven som er den rette mora til eit spedbarn, lir av dette.

Skilnadene mellom Det gamle testamentet (GT) og Det nye testamentet (NT) blir veldig tydelege ved å lese barne- og teikneseriebiblar. Der historiene i GT ofte er korte eller ikkje heng saman med kvarandre, og raskt kan stå litt for aleine, heng det meste i NT saman. Tegneseriebibelen har ingen gode grep for å teikne ein raud tråd i GT, og det gjer at fleire av historiene er vanskeleg å sjå i ein større samanheng. Eg får også kjensla av at nokre av dei er tatt med slik at lesaren kan diskutere teksten etterpå. Det fungerer kanskje i ein barnebibel, men dette er ein teikneserie for eldre barn, og da bør skaparane av boka sjølv makte å fullende dei ulike historiene.

---

tegneseriebibelen

Barnebibel

Toni Matos og Picanyol (ill.)

Tegneseriebibelen

Målgruppe 6 til 9 år

IKO-forlaget 2019

---

NT sterkast

Halvvegs i Tegneseriebibelen, da vi startar på NT, endrar dette seg. Her heng historiene saman på ein heilt annan måte, ikkje minst ved at dei har kutta ut alt anna enn evangelia om Jesus. Vi får ingen skalla Paulus som går rundt og lagar bråk, ingen strid mellom dei ulike fraksjonane som oppstod etter Jesu død. Dermed prøver heller ikkje Tegneseriebibelen å seie noko om dei delane av NT færre og færre har kjennskap til, men som framleis er aktuelle. Det burde Tegneseriebibelen hatt plass til, ikkje minst fordi eg gjerne skulle sett Picanyol løyse dei ulike scenene med bråkebøtta Paulus.

Barnebibler

Men det som er med frå NT, utgjer altså den sterkaste halvdelen av Tegneseriebibelen. Fleire av dei kjende scenene er godt fortalt. Gjetarane får nesten ei heil side, og det er rørande å sjå dei forferda og overraska ansikta deira når dei får høyre at eit Guds barn er blitt fødd. Like sterke er dei små rutene med foreldre som prøver å gjere motstand da soldatane til Herodes kjem for å drepe alle dei førstefødde.

Smått og godt

Om de blar i Tegneseriebibelen, vil de sjå at det eg trekk fram her, er små ting. Men alt i denne boka er ganske smått. På mange måtar er det nettopp dette som gjer boka god. Ved å ta originale val, og ved å bruke ein enkel strek i teikningane, utan å fjerne alvoret, har forfattar Matos og illustratør Picanyol skapt ein sjarmerande versjon av Bibelen. Om dei hadde turt å frigjere seg meir frå originalstoffet, og turt å teikne ein større himmel over desse sidene, kunne dette blitt verkeleg interessant.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser