Anmeldelser

Terroristen som vart frelst av C.S. Lewis – ni månader før åtaket

Blant dei næraste såg dei fleste radikaliseringa som skjedde med Philip Manshaus, likevel klarte ingen å stoppe han. Det er ein lærdom alle bør lese om.

5. august 2019, bar Johanne Zhangjia Ihle-Hansen ein pakke frå DHL inn i huset og la den på senga til broren sin. Ho las på innhaldslista som følgde med pakken at det var ein skotsikker vest. Fem dagar seinare skulle broren, Philip Manshaus, ta på seg vesten og drepe henne – for deretter å prøve å drepe flest mogleg muslimar i al Noor-moskeen i Bærum. Han var førebudd på rasekrig og at politiet ville drepe han.

I staden hamna han i fengsel – som ein mislukka terrorist, ein høgreradikal barnedrapsmann.

Moras sjølvmord

Det hadde starta heilt annleis mellom Johanne og Philip.

Dei hadde vore søsken, heilt sidan den dagen Johannes adoptivmor Ellen flytta inn i huset i Bærum der Philip budde med storebrørne og pappen sin, Morten. Den biologiske mora til Philip hadde tatt sitt eige liv få år tidlegare, i november 2001. Lenge trudde Philip at det som skjedde den novemberdagen var hans første minne frå oppveksten.

Han var traumatisert av opplevinga, men hadde ein trygg og stabil heim på Eiksmarka i Bærum.

Som søsken flest

Philip var fem år eldre enn Johanne. Dei sov på same rom, delte køyeseng og var som søsken flest. Philip sov oppe, Johanne nede.

Dei reiste på seglturar, hytteturar, feriar og delte kvardagane i det store huset. Philip vert skildra som den omsorgsfulle storebroren som tok hand om veslesøstera, som leika med henne. Men òg den storebroren som krangla og erta henne.

Det er fortellinga vi kan lese i Anders Hammers nye bok, Terroristen fra Bærum, som kjem denne veka.

---

Sakprosa

Anders Hammer

Terroristen fra Bærum. Radikaliseringen av Philip Manshaus

201 sider, J.M. Stenersen Forlag 2022

manshaus

---

Mysteriet Philip Manshaus

Forfattaren går grundig til verks.

Boka er mest av alt ei grundig undersøking av livet til Philip Manshaus, og kva som førte til at han 10. august 2019 valde å først drepe si eiga adoptivsøster og deretter gjennomføre eit terrorangrep mot ein moské i Bærum. Hammer har tidlegare laga dokumentar om Hassan Dhuhulow, som i 2013 var med på å drepe 67 menneske i terroråtaket mot West Gate-kjøpesenteret i Nairobi. Dhuhulow var norsksomaliar, og kom frå Larvik.

Hammer skriv sjølv at han trekte på erfaringane frå arbeidet med Dhuhulows radikalisering i bokskrivinga om Manshaus: «Det er på mange måter enklere å forstå at en norsksomalier som ble mobbet, ble en terrorist, enn Philip – en ambisiøs mann med tilsynelatende gode framtidsutsikter».

Det er det store mysteriet i Hammers bok. Og at dei rundt såg på at det skjedde, utan å fullt ut forstå alvoret.

anders hammer

Treng å forstå terroren

Han presenterer ingen enkle svar, men ei komplisert og truverdig fortelling om kva som leidde fram til det grusomme. Vi får sjå terroråtaket gjennom perspektiva til Philip, heltane frå al Noor-moskeen, mora Ellen og venene frå både skulen, nabolaget og folkehøgskulen.

Med kløktig, nøkternt og lågmælt språk skildrar Hammer livet til Manshaus frå starten og heilt fram til i dag. Fortellinga har driv og nerve frå første stund. Kapitla er disponert for å få lesaren sugd inn i ei fortelling som alle veit korleis endar. Likevel er det spennande å lese. Mest av alt er boka viktig.

Forfattaren tar oss med inn i venegjengane, klassane, fritidsaktivitetane og alle dei fasene som finst i eit ungt liv. Vi kjem tett på Philip Manshaus. Nokre lesarar vil kanskje tenke at det blir ubehageleg tett, med tanke på kva denne unge mannen seinare skulle gjere seg skuldig i. Men det trengs.

Hammer teiknar eit bilete av ei samansett tragedie.

—  Emil André Erstad

For å forstå terroren og kva som skapar ein terrorist, treng vi bøker som går djupt inn i dei ulike påverkingsfaktorane som prega dei som til slutt valde å utføre terror. Hammer vaktar seg veldig for å sette lit til ei enkelt forklaring på radikalisering. Han granskar grundig dei psykologiske, religiøse, sosiale og ideologiske forklaringsmodellane i tilfellet Philip Manshaus. Det teiknar eit bilete av ei samansett tragedie.

Klarte ikkje stoppe han

Var det mora sitt sjølvmord som prega han? Var det kjensla av å ikkje passe inn? Var det alle søka på nettet? Var det vrangførestillingar? Var det psykisk sjukdom?

Hammer tar med alt. Også den religiøse dimensjonen.

Etter haustferien på Fosen folkehøgskole, der Philip gjekk skuleåret 2018/2019, fekk han låne ei bok av ein medelev. Philip hadde fleire gonger kalla denne medeleven med det nedsettande uttrykket «neger». Boka var skriven av C.S. Lewis, utan at det er spesifisert kva bok. I boka lærte Philip argument for å vere kristen – noko som tyder på at det kan ha vore boka Mere Christianity. Fleire av argumenta hadde Philip aldri høyrt før.

Den komande terroristen var særleg fengsla av det C.S. Lewis skreiv om at ein del av det moderne samfunn ikkje var oppteken av normar og reglar: «Et lys gikk opp for ham. Da han så begynte å lese i Bibelen, fant han støtte for mye av det han hadde tenkt. Philip var frelst.»

Deretter byrja Philip å vanke i det læstadianske miljøet på Fosen, og gjekk seinare på møter med læstadianarar i Oslo. Mora Ellen tenkte at kristendommen var bra for han, fordi Philip sikkert der ville lære seg at det var gale å bruke vald og at han ikkje skulle hate andre menneske.

Kunne ingen ha stoppa han i tide?

Det er det store spørsmålet ein sitt att med etter å ha lese boka. Philip Manshaus trakk seg ikkje tilbake på eit småbruk langt oppi Østerdalen, slik 22. juli-terroristen Anders Behring Breivik gjorde i månadane før angrepa mot regjeringskvartalet og Utøya i 2011. Philip Manshaus budde i huset til foreldra sine den dagen han gjennomførte terroraksjonen.

Løyste kryssord på terrordagen

Faren Morten og Philip åt frukost saman dagen som enda med terror. Dei prata, åt og løyste eit lite kryssord i avisa saman. Faren Morten «syns de hadde det ordentlig hyggelig sammen denne morgenen, lørdag 10. august 2019».

Likevel visste dei aller fleste som stod Philip nær, at han enten var blitt eller var i ferd med å bli radikalisert. Dei høyrde han forkynne konspirasjonsteoriane om jødar, innvandrarar og den overlegne kvite rase. Dei visste at han hadde byrja å hate veslesøstera, Johanne, fordi ho var adoptert frå Kina.

Dei visste òg at Philip hadde vore gjennom ulike fasar. Han hadde studert litteratur, gått på folkehøgskule, vore emo, hatt ein homofil kjærast, tatt narkotika og vore oppteken av japansk anime.

Kanskje var alt snakket om konspirasjonsteoriane og dei ekstreme haldningane noko som ville gå over òg.

Ei åtvaring til alle

Likevel var fleire så rysta over det dei høyrde Philip Manshaus sei, at dei hadde bestemt seg for å varsle PST.

Det er her boka er på sitt mest interessante, der Anders Hammer går møysommeleg til verks for å undersøke kvifor ingen av dei mange personane tett på Philip Manshaus aldri fullt ut forstod kor farleg han var blitt. At han var blitt i stand til å drepe mange menneske. Òg si eiga søster.

Den lærdommen er så smertefull og vond – på ein måte som kan røre lesaren til tårer gjennom dei nære skildringane i boka – at alle bør lese den. Boka er derfor ei viktig åtvaring mot radikalisering på ein måte som gjer oss betre i stand til å sjå faresignala og handle, før det er for seint.

Det er ikkje sikkert at Philip Manshaus er den siste nordmannen som tyr til terror for det han trur på.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser