Anmeldelser

Fossil og samtid

Nils Chr. Moe-Repstads nye diktsamling grip dei lange linene i jordas og menneskets utvikling i dikt der historie stig fram som samtid.

Ei smal, grøn diktsamling har eg hatt med meg på fly og tog, ved bord og til sengs. Ho er vanskeleg å skriva om. Ikkje fordi ho er uinteressant, tvert om: det er så fortetta poesi at eg har tenkt at det som står på desse sidene er det som skal seiast og skrivast.

Men så, medan eg var ute og slo gras på det gamle bruket mitt i dag, gjekk det opp for meg at jau, det er jo akkurat slik: det er dikt om akkurat slik det er her eg går her på eldgamal grunn «under» himmelen, og det veks kring meg, og minnebrokkar og lærdomsbrokkar dukkar fram og kverv i meg, og eg slår og slår, og det er desse røystene, eller ekko, som T.S. Eliot kallar dei, i hagen frå ulike tider som er samtidige i meg, «in the garden».

Det er Nils Chr. Moe-Repstads Devon som slik har reist med meg gjennom tider og stader.

Geologi og landskap

Tittelen, Devon, er den eine av to nøklar som opnar dør inn til dei mange biletkoplingane og tids- og landskapsforskuvingar vi finn gjennom heile diktboka. Devon er både geologisk periode og engelsk landskap. I dette landskapet, eller grevskapet, finst ein stor rikdom av fossil frå ei tid med høge havnivå og berre tre store kontinent.

Devon kjenner vi frå før i Moe-Repstads poesi, og då er det særleg den, ja: på alle vis storarta samlinga Wunderkammer, som står stempla i meg som eit høgdepunkt i den nye norske poesien. Der skriv han at «for 360 millioner år siden, i den devonske perioden/ var jeg et tre meter langt amfibium, Ictyostega, overgangsarten, den første/ som svømte i vann, vagget opp på land og kunne puste.»

Den andre nøkkelen

Det er dette «jeg» som er den andre nøkkelen både i Wunerkammer og i årets Devon, og som opnar iallfall ein fruktbar lesemåte av desse stutte dikta som ved første augekast kan virka både forvirrande og stengde. I tillegg krev teiknsetjing (dei tilsynelatande malplasserte kommaa) ekstra leseinnsats for å forstå at javisst, her er det gjort for å føra medvitet inn i nye spor. Det er dette at «Jeget er overveldende» (Wunderkammer), og altså framleis eit «jeg» i vår tid, som knyter lina mellom ei fjern fortid og notid: Slik sett er devonperioden for 360 millionar år sidan like nærverande i poetens eg, eller identitet, som vår samtid.

---

Poesi

Nils Chr. Moe-Repstad

DEVON

120 sider, Flamme Forlag 2022

devon

---

Det er når lesaren set denne nøkkelen i diktlåsen at dørene opnar seg inn i ein poesi som svarar til vår innebygde arv som genetiske fenomen, med «røter» i jordas oldtid med ein annan flora og fauna og andre landskapsformer enn i dag.

Lengdehopp

Denne oldtidsarven som er til stades i det moderne mennesket, gjer det mogeleg for poeten å gjera veldige lengdehopp i tid og stad i dikt som kvar for seg er på tre eller fire liner. Det er ikkje tale om ei samanhengande, forteljande diktsamling. Det episke finst likevel, men då som svingar mellom dikt og hopp mellom tekstbrokkar: Om ein les Devon slik, teiknar det seg dikt som fortel historia om utviklinga av jordformasjonar, vegetasjon og dyreliv fram til mennesket i dei no kjende kontinenta og vår sivilisasjon.

Apollon stig fram, eldgamal gud for mellom anna lyset og sola, men òg for til dømes poesi og medisin.

—  Knut Ødegård

Paleontologi, med studie av fossilar, gjev eit enormt rikt forsikingsfelt, også for poeten, i dette devonske landskapet. Klippeformasjonar, endringar i landskapet, avdekking av fortidig liv – som altså lever med i våre liv, her og no. Det er nært knytt til biologi og geologi, og ei utfordring for nye dikt av Moe-Repstad kan vera krafta bak spranget frå materie til liv. Dette gjorde jesuittpater Pierre Teilhard de Chardin til forsking i grenseområdet mellom paleontologi og teologi.

Neolittisk periode

Men Moe-Repstad grip i eit veldig syn desse lange linene, og stansar ved andre periodar enn den devonske «Old Red Age». Det er ei fin line mellom jeger- og samlarkulturen og til den neolittiske med jordbruk og husdyr, reiskap og bruk av metall: «Først flyttet vi oss etter årstidene og himmelretningene, men jeg er et barn/ av den neolittiske perioden, da vi kultirverte vekstene, de gule aksene, senere blomstene/ i narcissfamilien, Apollon og vannet, guden og det salte vannet/ Australia, Afrika pollineres av solfuglene.» Også her er det andre ekko, Apollon stig fram, eldgamal gud for mellom anna lyset og sola, men òg for til dømes poesi og medisin. Og kontinenta stig fram frå den devonske perioden.

Dagens Europa

Diktsamlinga Devon opnar seg meir og meir for meg ved ny og ny lesing, og dét er eit sikert teikn på sann dikting. Når eg skriv om periodar og lyriske hopp, må eg òg leggja til at boka både har varme og humor, og ho unngår heller ikkje tradisjonelle poetiske tema som kjærleik, fødsel og død.

Og det er ikkje vanskeleg å sjå dagens Europa, ja Ukraina, her: «Når du kommer med de ødelagte, de virkelig ødelagte/ beware of the dog, hvisket du, før du sovnet som den svarteste katten/ noen har sett under vårt århundres utbombede seng.» Heller ikkje i dette kortdiktet som ber fram ei from von i vond tid: «Hvor finnes den hevnen, hvor den lille jenta, holder blomster frem.»

Knut Ødegård

VL anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Anmeldelser