Anmeldelser

Emil André Erstad: Denne boka er viktig fordi den fortel historia om eit anna Europa

Ny bok om Det osmanske riket er eit førebiletleg folkeopplysingprosjekt som viskar ut svart-kvitt-forteljingane om dei muslimske tyrkarane.

Dei ropa på Jesus, Allah og Maria, soldatane som kjempa om Wien, dei varme julidagane i 1683.

Soldatane på begge sider flådde menneske levande, spidda fangar på pålar, tok slavar og voldtok. Utanfor Wiens bymur stod den osmanske storvesiren Kara Mustafa med ein sekk avkutta hovud frå den austerrikske byen Hainburg som osmanarane nettopp hadde erobra. Dei habsburgske soldatane på innsida av bymurane hadde tatt ei gruppe osmanske soldatar til fange, som dei hadde skore hovuda av og satt på pålar og palisadar, slik at fienden frå aust skulle sjå dei.

Dei kjempa om Europas framtid. For mange vart det framstilt som ein kamp mellom det gode og det vonde, mellom barbarane og sivilisasjonen, mellom muslimske Allah og den kristne Gud.

Var det verkeleg sånn?

Den høgreekstreme fortellinga

I journalisten og historikaren Jan-Erik Smildens ferske bok En kort introduksjon til Det osmanske riket får vi ei meir nyansert, opplysande fortelling om kva som verkeleg hende.

Historia om korleis det muslimske imperiet – Det osmanske riket med hovudstad i Istanbul – prøvde å ta over Europa, er ei særs aktuell fortelling. I 22. juli-terroristen Anders Behring Breiviks 1.500 sider lange manifest som vart publisert før han gjennomførte terrorangrepa, siterte han flittig frå bloggen til Peder Are Nøstvold Jensen – kjend som Fjordman. Bloggen hadde tittelen Gates of Vienna. Tittelen spelte på slaget i 1683, då det muslimske imperiet heldt på å erobre hovudstaden midt i Europa.

---

Sakprosa

Jan-Erik Smilden

En kort introduksjon til Det osmanske riket

258 sider, Cappellen Damm Akademisk 2022

osmanske

---

For både osmanarane og dei kristne europearane var slaget om Wien, del av ein heilag krig. Slaget markerte slutten på osmanarane si inntrenging i Europa og byrjinga på Habsburg-dynastiet sitt hegemoni.

Historia om Europa kunne kanskje blitt annleis dersom Wien hadde falt den sommaren i 1683. Likefullt er historia om Det osmanske riket ei historie om Europa – sett frå aust, og langt meir nyansert enn mange har trudd.

Forklarar dagens konfliktar

Boka til Smilden er viktig fordi den fortel historia om eit anna Europa enn den vi er vane med å få fortald, den historia som har blitt fortald så mange gonger frå eit vestleg og skandinavisk perspektiv. Det osmanske riket var ein maktfaktor i Europa i mange hundre år, og kontrollerte store område i Ungarn, Bulgaria, Romania og resten av Balkan. I boka får vi sjå at osmanarane, som var både sunni-muslimar og snakka tyrkisk, påverka mange av dei hendingane som seinare har prega det europeiske kontinentet.

Boka til Smilden er viktig fordi den fortel historia om eit anna Europa enn den vi er vane med å få fortald.

—  Emil André Erstad

Det er til dømes umogleg å forstå krigane på Balkan på 1990-talet, utan å forstå kva rolle dei muslimske tyrkarane hadde spelt der i fleire hundre år.

Smilden skriv nært, levande og poengtert om korleis Det osmanske riket reiste seg og falt. Han tar tar oss med inn i romma til dei mange sultanane og deira harem i palassa i Istanbul, der han sjekkar ut teoriar, avmystifiserer og forklarar på ein pedagogisk og nyansert måte som får oss som les til å forstå. Det er til tider så spennande at boksidene blar seg sjølv utan hjelp frå lesaren. På same kløktige vis klarar Smilden å forklare korleis vest-europearane ser på dagens tyrkarar, basert på at myter og framandfrykt om dei muslimske osmanarane har fått spele seg ut gjennom fleire hundre år.

Jan-Erik Smilden

Han viser oss at Europa aldri har vore så reint og lite mangfaldig som dei høgreekstreme eller framandfiendtlege påstår. Det muslimske imperiet som tok over Istanbul 29. mai 1453, den gongen restane av det bysantinske riket framleis styrte byen med namnet Konstantinopel, var langt meir mangfaldig, moderne og tolerant enn fortellingane som nasjonane lenger nord og vest fortalde og vidarefortalde gjennom hundreåra etterpå.

I Norge har vi altfor få allmenne bøker som har prøvd å forklare denne historia, så derfor er boka til Smilden unik og førebiletleg. Kanskje andre historikarar, journalistar og forfattarar òg vil la seg inspirere.

Religiøst samansett

Det osmanske riket var eit multi-etnisk, fleirreligiøst og samansett imperium, nesten allereie frå starten. Fleire av dei som nådde til topps som storvesirar – det som vi i dag ville omtalt som statsminister – i Det osmanske riket, hadde bakgrunn som kristne frå land som Serbia, Ungarn og Romania. Smilden fortel historia om då sultan Murat som styrte på slutten av 1500-talet, sende eit brev til den engelske dronninga Elizabeth, der Murat forklara at hans islam og protestantismen til den britiske dronninga hadde meir til felles enn nokon av dei hadde med katolikkane i Roma. Det var visst fordi muslimane og protestantane «ikkje dyrkja helgenar».

Vi treng slike fortellingar, historieperspektiv som breiar ut horisonten vår. Fordi verkelegheita sjeldan eller aldri er så svart eller kvit som nokon vil ha det til. Smildens folkeopplysingsprosjekt fortener mange lesarar.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser