Anmeldelser

Samtaleboka med Cecilie Løveid saknar eit skarpare utanfråblikk

Kaja Schjerven Mollerins samtalebok med den litterære veteranen Cecilie Løveid er openhjartig og spennande, men også noko ustrukturert og intern.

Forfattaren Cecilie Løveid fylte 70 år 21. august 2021. I dei femti åra som snart er gått sidan ho debuterte med romanen Most i 1972, har Løveid vore ein framståande og eigenarta stemme i det norske kulturlivet. Løveid har ein rik og mangfaldig litterær produksjon bak seg. Ho har skrive kritikarroste romanar, skodespel og dikt og er eit levande førebilete for mange yngre forfattarar.

Det er derfor all mogleg grunn for forlaget hennar, Kolon, å gje ut ei bok om forfattarens liv og virke til no, for å hylle den svært livskraftige jubilanten. Forlaget ba Kaja Schjerven Mollerin om å føre boka i pennen og resultatet ligg no føre som ei samtalebok med tittelen Kamerat livet.

Ein krevande sjanger

Det finst allereie fleire gode norske kunstnarportrett i form av samtalebøker, og Kaja Schjerven Mollerin framstår som eit godt val i møte med Løveid. Mollerin har markert seg som ein viktig kritikar i ei årrekke og har dei siste åra gjort eit omfattande formidlingsarbeid for presentere nye sider ved så ulike forfattarar som Gunvor Hofmo, Jan Erik Vold og Vigdis Hjort.

Ikkje uventa kjem fleire av dei dokumenterte samtalane til å dreie seg om val av litterær sjanger, om Løveid helst vil framstå som romanforfattar, dramatikar eller lyrikar. Ei bok som dette er i seg sjølv ein krevande sjanger. For kven er det som i siste instans fører ordet og pennen i ein slik skriftleg «samtale»?

Mykje av teksten framstår som eit ordrett referat, der Løveid fører ordet dit ho sjølv vil og på sin eigen måte: Teksten er rik på muntlege uttrykksformer, på enkelte danske talemåtar som å ramle «ned i turbanen» og på bruk av litt uklåre engelske lånord, som «grunge» og «rush på» (Løveid sitt spørsmål om kvinnelege kunstnarar har «et rush på madonnaer», kan tyde på at det er crush som er meint.)

Samtidig blir det til tider klårt at det er Mollerin som fører pennen og som har som oppgåve å gjere dei ulike samtalane om til ein samanhengande tekst. Då lyd det slik: «Vi avslutter dette kapitlet med illustrerende barndomsminne om Bergens-forfatteren Zinken Hopp».

Kaja Schjerven Mollerin

Noko av det litt uavklarte med samtaleboka som form, heng nært saman med det som karakteriserer alle samtalar: Samtalar spring ofte frå det eine temaet til det andre, samtalepartnarane kjemper av og til om å få det siste ordet og, dersom dei kjenner kvarandre godt og er på bølgelengde, som det stadig heiter, kan det for tilfeldige tilhøyrarar og forbipasserande bli vanskeleg å tune seg inn og forstå kva det heile handlar om.

---

Samtalebok

Kaja Schjerven Mollerin

Kamerat livet. En samtale med Cecilie Løveid

191 sider, Kolon 2022

kamerat livet

---

«Livets uforutsigbarhet»

Boktittelen skriv seg frå ei formulering i romanen Tenk om isen skulle komme frå 1974:

«Kamerat livet går forbi med meg i en kurv, hvisker at det ikke gikk slik som vi hadde håpet det ville gå, men det visste vi jo på forhånd.» Sitatet presenterer det som framstår som to viktige tyngdepunkt i samtalane: Dei handlar både om «livets uforutsigbarhet» og om «livet i litteraturen».

Løveid fortel om eit dramatisk liv som heilt frå starten har vore prega av utanforskap. Ho vart født utafor ekteskap av ei mor som i stor grad var fråverande i heile hennar liv. Ho fekk tidleg greie på at meininga var at ho skulle bli adoptert bort og ho voks opp hos besteforeldra som høyrde til den politisk aktive og kulturinteresserte delen av arbeidarklassen, men som heller ikkje framstod som eit harmonisk par.

Til tider står det andre hovudtemaet, nemleg livet i litteraturen, i fare for å hamne i skuggen av Løveids livshistorie.

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Løveid beskriv seg sjølv som eit «et deprimert barn, sikkert også litt sjenert» og som einsam. Ho vart tvangsinnlagt på psykiatrisk avdeling på Haukeland som femtenåring og vart gravid med si eldste dotter då ho var sytten år. Ho flyttar seinare med ektemannen, den klassiske bassisten Bjørn, først til Oslo, seinare til København, der ho blir buande i lang tid etter at Bjørn plutseleg døyr, berre femtifire år gamal. Først i 2011 vender ho tilbake til heimbyen Bergen.

I samtalens løp blir det etterkvart også sett ord på at Løveid stadig er sterkt prega av ei ny brutal tapserfaring: Den attenårige dottersonen døydde i ei ulykke «midt i koronatiden».

Livet i litteraturen

Til tider står det andre hovudtemaet i denne samtaleboka, nemleg livet i litteraturen, i fare for å hamne i skuggen av Løveids livshistorie. Dei ulike tekstane ho har skrive blir også i samtalen i stor grad brukt for å illustrere eigne livserfaringar: Om det problematiske forholdet til mora, om familierelasjonar og utaforskap og om foreldreskapets ulike utfordringar.

Løveid er jo sjølvsagt ein ubestridt autoritet når det gjeld sitt eige liv. Hennar litterære betydning og ettermæle er derimot noko ein moderne litteraturhistorikar som Mollerin er ekspert på. Iblant saknar eg at Mollerin lar sin eigen stemme og sine eigne lesemåtar av forfattarskapen kome tydlegare til orde.

Løveid fortel inngåande om mange dårlege erfaringar som aktiv dramatikar, om problemet med eigenrådige regissørar og om mannsveldet på teatret. Ho set også ord på at ho som forfattar svært ofte ikkje har blitt forstått og anerkjent: «Mangelen på anerkjennelse er det faste temaet i mitt liv. Det er en dobbel greie, det har også vært identitetsbyggende.»

I skuggen av Fosse

Sett frå utsida har Løveid vore ein viktig og innflytingsrik forfattar heilt frå debuten for femti år sidan. Og ho var i ein lang periode den ubestridt viktigaste norske samtidsdramatikaren. Etter at dei fleste samtidsdramatikarane etterkvart hamna i Jon Fosses skugge, har teaterinteresserte lurt på kvifor Norge tilsynelatande berre kan ha ein stor dramatikar om gongen.

Teaterinteresserte har lurt på kvifor Norge tilsynelatande berre kan ha ein stor dramatikar om gongen.

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Grunnen til at Løveids romanar, diktsamlingar og også skodespel har vore viktige for så mange, er at dei har formidla noko viktig på ein konsis måte, også til lesarar som ikkje er kjent med Løveids livshistorie. Slike utanfråblikk på forfattarskapen kunne det med fordel vore meir av i denne boka. Mollerin har nokre fine lesingar av nokre av dikta og heile samtalen blir fortenestefullt nok forsøkt avrunda med ei nærlesing av to av dikta til Løveid.

Vel innforstått

Den skriftlege samtalen fortoner seg ofte som samtalar flest, litt ustrukturert og springande. Av og til er det tydeleg at Mollerin prøver å få Løveid til å uttale seg om noko som ho ikkje er så oppteken av akkurat der og då: «Alt dette ville jeg snakke med Løveid om, til tross for at hun i disse dager oppholder seg mest i botanikkens verden. Det aner meg at vi er flere som har erfart at det er en smule utfordrende å løsrive Løveid fra piggeple-fantasiene.»

Slikt kan jo vere litt utfordrande, både for forfattar og lesar, men det gir eit inntrykk av at vi overhøyrer ein samtale mellom to engasjerte litteraturmenneske. Det som ikkje er så bra, er at heile samtalen kan framstå vel innforstått innimellom. Det er jo ikkje sikkert at alle dei potensielle lesarane av denne samtaleboka veit kva «ekfrase», altså litterære skildringar av kunstverk og andre gjenstandar, er. For min del er det heller ikkje klårt kva Løveid siktar til når ho nemner at oldefaren hadde «en legatarisk skole» ved Gimsøy kloster.

Heldigvis finst det oppslagsverk som gjer at lesaren ikkje treng å kjenne for lenge på utanforskapen i møte med ein engasjert samtale om livet og litteraturen mellom to skriveføre og kloke forfattarar.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser