Med kista som trollspegel
Willam Faulkners modernistiske gravferdsklassikar «As I Lay Dying» er endeleg omsett til nynorsk. «Framom døden» er full av tragiske avgjerder og svart humor.
MØRKT OG RIKT: William Faulkner (1897–1962) er ikkje berre ei svart humorist, han lukkast også godt med dei psykologiske portretta sine, skriv Alf Kjetil Walgermo. Faulkner fekk Nobelprisen i litteratur i 1949, blant anna for «Framom døden».
AP/NTB
William Faulkner er ein av dei største amerikanske forfattarane. Han er særleg kjent for romanane The Sound and the Fury/Larmen og vreden (1929) og Absalom! Absalom! (1936), som er inkluderte i Verdensbiblioteket til Dei norske Bokklubbane. No er det As I Lay Dying/Framom døden (1930) som er komen med i Skald forlags klassikarserie, og det er eit utmerkt val.
Grovt skissert handlar forteljinga om dødsleiet til og jordfestinga av Addie Bundren, mor til fem barn. Eldstesonen Cash er allereie i gang med å lage kista hennar i det romanen startar, han sager og høvlar med høge lydar rett utanfor huset der mora ligg døyande. Den nest eldste, Darl, peikar seg i begynninga ut som ein slags hovudforteljar, etter kvart allvitande, før han mot slutten av romanen mister det meste han har av vit.
Affære med presten
Bestill abonnement her
KJØP