Anmeldelser

Rikt Segl om østkykrja

Det er mykje å lære i det katolske tidsskriftet. Men eg kunne ønska meg meir om dei politiske bindingane til den ortodokse kyrkja.

Den siste utgåva av det katolske tidsskriftet SEGL handlar om dei ortodokse kyrkjene. Det leseverdige og mangfaldige nummeret tek utgangspunkt i ei førestilling om at austleg og vestleg kristendom saman utgjer kristenheitas to lunger. Det blir ikkje heilt klårt for lesaren kva dette kroppslege biletet eigentleg inneber.

Heilag misunning

Utan at det på noko vis blir gjort noko nummer ut av det, er dette så vidt eg kan skjøne den tiande utgjevinga av SEGL, katolsk årsskrift for religion og samfunn. Etter fjorårets temanummer om forholdet mellom jødedom og kristendom er det denne gongen dei austlege kyrkjene som tema. Ifølgje det klårgjerande forordet til redaktøren Peder K. Solberg er ambisjonen bak denne utgjevinga ikkje «å gi et dekkende bilde av østkirkenes mangfoldige tradisjoner», men å presentere artiklar der «både skjønnhet og dufter fra disse tradisjonene forhåpentlig får vekke både nysgjerrighet og kjærlighet til disse». Det er ei god målsetning for alle samtalar mellom religiøse tradisjonar, å fokusere på det vi enten ikkje veit eller som formidle kjensler av heilag misunning til det vakre og fine i dei andre sine religiøse uttrykk.

---

Årsskrift

SEGL – katolsk årsskrift for religion og samfunn

St. Olav forlag, 2021, 320 sider

---

Segl

Redaksjonen har også i stor grad har lukkast med å presentere eit mangfald av artiklar som lesarar både kan bli inspirert og bli klokare av. For med handa på hjartet: Kven av dykk har høyrt om den heilage Kassia, den bysantinske kvinna som levde på 800-talet og som har etterlatt seg eit rikt utval av poetiske verk og hymner? Men no har Thomas Arntzen, som også har bidratt med ein spennande artikkel om oldkyrkjelege trær, kalla ho fram frå gløymsla i ein artikkel som passande nok heiter «Kassia gjenoppdaget».

Eller visste du noko særleg om den armenske teologen Gregor av Narek som levde på 900-talet og som no har blitt utnemnd som ny kyrkjelærar av pave Frans? Gjer du ikkje det, kan du sjå fram til å lese artikkelen om denne «vår nyaste kyrkjelærar» av presten Sigurd Sverre Stangeland.

Teologi og spiritualitet

Det mangfaldige stoffet i tidsskriftet blir presentert i fire hovuddelar. Den første handlar om teologi og spiritualitet. Den nye biskopen i Trondheim, Erik Varden, har blitt med i redaksjonen og bidreg her både med omsetjing av det greske diktet «Adams klage» frå 400-talet og ein spennande samtale med den tidlegare anglikanske erkebiskopen Rowan Williams om kva vestlege kristne kan lære av austleg teologi og kristendomstradisjonar.

Det er ikkje heilt klårt kvifor kristne, til forskjell frå andre menneske, ikkje kan puste med berre ei lunge

Heile to artiklar handlar om den polsk-fødte paven Johannes Paul IIs økumeniske tenking. Her blir han sitert på eit utsegn han kom med i 1980: «Vi kan ikke puste som kristne – og jeg vil understreke ikke minst som katolikker – med kun én lunge; man må ha to lunger, det vil si den østlige og den vestlige». Det er ikkje heilt klårt kvifor kristne, til forskjell frå andre menneske, ikkje kan puste med berre ei lunge. Det er også litt uklårt korleis paven og tidsskriftet eigentleg forstår desse lungene, av og til er det snakk om austleg og vestleg kristendom, i andre samanhengar, også i innleiinga, blir dette brukt «som tolkningsnøkkel» for å forstå forholdet mellom ei einskapleg katolsk kyrkje og eit sant mangfald av austlege kyrkjer, det dreier seg om «Den katolske kirkes selvforståelse i møte med kirkene i øst».

Historie

Fleire av artiklane i den historiske bolken av tidsskriftet, gir spennande innsikter i nordisk historie. Caroline Serck-Hansen som nettopp har gitt ut ei kritikarrost framstilling av den ortodokse kyrkja, skriv om ortodoks nærvær i norske nærområde, både blant skoltesamar og dei russiske pomorane. Inger Marie Okkenhaug presenter pioneren Bodil Bjørns arbeid blant armenarane. I tillegg får vi høyre om det gamle kristne biblioteket i Turfan, heilt nordvest i Kina samt om tidlege arabiske bibelomsetjingar.

Kunst og kultur

Heile tidsskriftet er rikt illustrert med mange heilsides fargebilde. Den gode arbeidet til bilderedaktøren Kristine Dingstad kjem særleg til sin rett i artiklane om ikonar og bildekunst både i den delen som er via til den og elles i tidsskriftet elles. Dessutan inneheld bolken gode presentasjonar av musikk av komponistar som har latt seg inspirere av ortodokse tradisjonar: Sergej Rachmaninov, Sofia Gubaidulina og Arvo Pärt sjølvsagt, men dei har også fått plass til ein liten presentasjon av Liverpool-bandet Revolutionary Army of the Infant Jesus.

Eg synst nok at det ville vere nyttig med noko meir stoff om dei ortodokse kyrkjenes politiske bindingar

Det siste er nokså forfriskande i ein samanheng der kunst og kultur-uttrykka i stor grad har blitt valt ut fordi dei ser ut til å representere noko genuint ortodoks og ikkje er blandingsformer som mange av dei spennande kunstnariske uttrykka vi kjenner frå kunst og musikkhistoria. For dersom bildet av dei to lungene også handlar om ein nødvendig dialog mellom tradisjonane, vil det jo også vere spennande å fokusere på den tidlegare ikon-målaren kjent som El Greco sitt bidrag til vestleg målarkunst og til innslaga frå austleg musikk til dømes i tidleg kyrkjemusikk frå Venezia. Men det får vere på ønskelista til seinare nummer.

Saknar politiske bindingar

Den siste hovuddelen av tidsskriftet dreier seg på ulike, svært ulike, måtar om kyrkja i samfunnet. Den presenterer ei ny økumenisk felleserklæring av paven, den økumeniske patriarken og den anglikanske erkebiskopen om vern av skaparverket samt to talar som pave Frans har halde i Irak. Dessutan Eyvind Skeies skildring av «Mama Maggie av søppelberget» sitt arbeid i blant dei aller fattigaste i Kairo, ein artikkel om gjenoppbygging av Syria og ein artikkel av Sofie May Rånes om dei kompliserte politiske forholda for dei ortodokse kyrkjene i Ukraina.

Det er jo umogleg å få med alt i eit slikt tidsskrift, men eg synst nok at det ville vere nyttig med noko meir stoff om dei ortodokse kyrkjenes politiske bindingar og noko om dei problematiske måtane desse kyrkjene forvaltar samfunnsansvaret på. Redaktøren avsluttar forordet med å karakterisere innhaldet i årets tidsskift slik: «En god blanding av kirkelig lungemedisin.» Medisin betyr vel at noko er gale eller sjukt? Det er fint å konsentrere seg om å trekke fram dei gode sidene ved dei som står oss nær, enten det er søsken eller venner. Men det kan lett gi inntrykk av å vere ei litt overberande haldning frå nokon som veit betre.

Flinke storesøsken

I tidsskriftet kjem det fram at nokre ortodokse teologar oppfattar vestleg teologi som skolastisk og for einsidig teoretisk. Det er jo grunn til å spørje om den velvillige måten det katolske tidsskiftet presenterer dei ortodokse kyrkjene på, liknar litt på korleis flinke storesøsken kan omtale sine mindre skoleflinke yngre søsken som ekte, kunstnariske og skapande. I så fall kan jo tale om to lunger fortone seg som ein ny variant av den gamle måten å snakke om dei to hjernehalvdelane på, den eine som analytisk, den andre som kreativ.

Dersom det er nokre område som ortodokse treng å bli utfordra på, der det er bruk for hjartemedisin kanskje, vil eg for min del trekke fram det høgst problematiske forholdet til dei politiske makthavarane, slik vi ser stadig nye uttrykk på i Putins Russland. Dessutan den rolla som bremsekloss fleire av desse kyrkjene speler i det økumeniske arbeidet særleg når det dreier seg om kjønn og seksualitet.

Alt i alt: Nok eit fint nummer av SEGL. Eg veit ikkje heilt kven målgruppa for dette tidsskriftet er, men dei aller fleste, også protestantar, vil finne noko dei ikkje viste frå før her, kanskje også noko å bli inspirert av. God lesnad!

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser