‘Snø på museum’ stadfester Bramness blant dei fremste i norsk samtidspoesi
Hanne Bramness eineståande biletskapande evne viser seg i den rike diktsamlinga «Snø på museum».
BILETGLIMT: Hanne Bramness har ein eineståande biletskapande evne, skriv vår meldar. Omgrepet bilete femner her ikkje berre om syn, men om alle sansingar, som lukt, lyd, rørsle.
Thomas Kolbein Bjørk Olsen, Berlinkontoret
I diktsamlinga Snø på museum, gjer Hanne Bramness stadige freistnader på å gripa det flyktige, fasthalda noko ein berre skimtar, noko som er i endring, noko ein anar.
Ho har ein eineståande biletskapande evne, omgrepet bilete femner her ikkje berre om syn, men om alle sansingar, som lukt, lyd, rørsle. Det er i nettverket som ho flettar av slike bilete ho fangar inn det som òg Welhaven var ute etter for eit par hundre år sidan: «det uudsigelige, skal digtet røbe dog.»
Urovekkjande