Anmeldelser

Melding: J.M. Coetzee blir verande i limbo med «Jesu død»

Med «Jesu død» har J.M. Coetzee sluttført ein romantrilogi utanom det vanlege

I tre romanar har den sørafrikanske nobelprisvinnaren J.M. Coetzee alludert til den sentrale personen i kristendomen. Jesu barndom, Jesu skoledagar og Jesu død handlar ikkje om Bibelens Jesus, men låner ivrig metaforar og tematikkar frå verdas mest lesne bok. Desse knar Coetzee saman til ei stor gåte – forteljinga om det spesielle barnet David og dei nærmaste omsorgspersonane hans, Simón og Inés.

David (kalla Davíd i dei to tidlegare romanane) utmerkte seg allereie i den første romanen som eit eksepsjonelt barn, med andre spørsmål og eit anna blikk på livet enn rasjonalisten Simón, som er prismet for Coetzees forteljing. Samtidig stiller David nettopp det same eksistensielle spørsmålet som mennesket har gjort til alle tider: Kvifor er vi her? Eller, slik David seier det: Kvifor er vi her?

Blodfattig limbo

«Her» i Coetzees trilogi er eit mildt dystopisk og postapokalypisk landskap, eit blodfattig og forunderleg limbo som er halvt dødsrike, halvt flyktningdestinasjon. Alle som kjem hit, over havet, er vaska reine for minner (sjølv om både David og Simón hugsar ein del likevel). Dei får tildelt kvar sitt nye namn og må skape livet sitt på nytt, med vesentlege hindringar og utfordringar, men også med hjelp frå diverse støttespelarar.

---

Roman

J.M. Coetzee

Jesu død

Oversatt av John Erik Bøe Lindgren

208 sider, Cappelen Damm 2021

jesu død

---

At Coetzee har late seg inspirere av sin eigen migrasjon til Australia på begynninga av 2000-talet, er tenkeleg – han blei australsk statsborgar i 2006. Like fullt er det ei hundre prosent generisk og tidlaus verd han teiknar opp for oss, som lar teksten leve i det opne, med vekt på dei knirkete relasjonane i dette limboet.

Ikkje minst knakar det i samanføyingane innanfor den vesle «familien» – David, Simón, Inés – der Inés ikkje kan fordra Simón og David fornektar foreldreskapet til dei som fostrar han opp. Guten understreker i staden ting som at David ikkje er det verkelege namnet hans, at han er foreldrelaus, at han «er sanninga» og at han ikkje ønskjer «å vere menneske».

Høgtsvevande

Eg var kritisk til Jesu barndom då boka kom, men er meir forsonleg no: Boka er både opa og rik, med eit vell av tolkingsmoglegheiter, ikkje minst lesen som flyktningroman. Men der den første boka i trilogien sluttar med at familien må flykte på nytt, internt i det nye landet på den andre sida av havet, blir handlingstrådar og tematikkar meir høgtsvevande utover i bok to og tre.

Det opne og gåtefulle landskapet er godt eigna til å grunne vidare på.

—  Alf Kjetil Walgermo

I Jesu skoledager får David plass på eit akademi for dans, der talmystikken står høgt i kurs. Han lærer seg sjølv å lese gjennom ei forkorta utgåve av Don Quijote, men er opptatt av heilt andre ting enn ordinær lesing og rekning. Ikkje minst blir han meir opptatt av at Simón og Inés ikkje «forstår» han – og heller ikkje dei heilage tala som kjem ned til han frå dei høgare sfærar. Derimot blir han fortruleg med ein drapsmann som blir dømt til opphald på psykiatrisk avdeling, men som finn ei ny form for meining eller håp i det forunderlege gutebarnet.

Don Quijote-motiv

Jesu død går føre seg tre år seinare. Det opnar sorglaust med ein sterk og sunn tiåring som spelar fotball og blomstrar under Simóns og Inés’ venger. Men han vil framleis ikkje lese og rekne, då heller fortelje historier om helten Don Quijote, som han framleis er svært opptatt av. Det gjentakande Don Quijote-motivet er ein annan potensiell nøkkel til Coetzees trilogi: Cervantes’ klassiske roman etablerer ein romanfigur som er både helt og gal, til dømes i Don Quijotes kamp mot vindmøllene. Ein kan lure på om Coetzee ser Jesus-skapnaden på tilnærma same måte, det ligg iallfall noko lett satirisk over dei bibelske parallellane han nyttar seg av. Utover i romanen blir det meir og meir snakk om Davids bodskap, som ein antar er viktig, men ikkje finn ut av kva er.

Det ligg noko lett satirisk over dei bibelske parallellane han nyttar seg av.

—  Alf Kjetil Walgermo

Grunnen til det, er at hovudpersonen sjølv blir ramma av ein mystisk sjukdom etter å ha forlate Simón og Inés for å bu som foreldrelaus på ein barneheim. Han blir dårlege og dårlegare, og påpeiker (som Jesus gjorde) at han kjem til å døy – noko Simón blæs vekk.

Eg skal ikkje seie i klartekst korleis det går, tematikken ligg uansett innbaka i boktittelen. Viktigare er likevel i kva grad Davids liv har sett spor etter seg, og korleis det peikar mot potensiell eller fråverande meiningsfylde.

Ingen svar

Med Jesu død har Coetzee sluttført ein trilogi utanom det vanlege. Der eg tidvis har late meg irritere over det uklare og litt spekulative i Jesus-assosiasjonane hans, ser eg det som meir fruktbart å la teksten stå som utgangspunkt for vidare refleksjon. Det opne og gåtefulle landskapet er godt eigna til å grunne vidare på. Coetzee gir ingen svar. Det er som om forfattaren sjølv blir verande i limbo, og litterært sett er det ein interessant stad å vere.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser