Anmeldelser

’Den grønne øya’ er ein god roman. Men det tok ei stund før eg oppdaga det

Gert Nygårdhaug veit kva han gjer. «Den grønne øya» blir etter kvart ein intenst spennande skildring av to menneske på randen av klimakatastrofe.

Gert Nygårdshaugs nyaste bok skildrar ei verd i omfattande økologisk krise, sannsynlegvis på veg mot den store katastrofen: Havet stig, grunnvatnet forsvinn og varmen og fråveret av regn er i ferd med å ta knekken på alt liv.

Romanen Den grønne øya blir lansert knappe tre veker etter at FNs klimarapport understreka at det er svært sannsynleg at alt dette vil kunne skje i nær framtid, dersom då ikkje menneska gjer dramatiske grep. Timinga på årets utgjeving er altså upåklageleg. Men ingen skal skulde Gert Nygårdshaug for å kaste seg på ei ny litterær klimabølgje. Forfattaren har tvert om vore ein pioner innafor dette feltet. Allereie i 1989 utgav han Mengele Zoo, den første romanen av til no fire om den ytterleggåande brasilianske klima-aktivisten Mino. Engasjementet for klima og skildringa av dei store etiske utfordringane dette stiller menneska overfor, har altså vore ein raud tråd i forfattarskapen i over ein mannsalder. Desse utfordringane er også sentrale i årets roman.

Barn i klimakrisa

Hovudpersonen Hans Zolon er ein tidlegare austerriksk vinbonde som har reist sørover til havkanten for å finne ut korleis det eigentleg står til med klodens framtid og om det finst håp. Hans fortel tidleg i dagboka han skriv at han gjorde den farefulle reisa for å finne ut om det var og er riktig å velje å ikkje få eigne barn i klimakrisas tid. Det heile utspeler seg i ei framtid der Hans har tilgang til avanserte måleinstrument og som alle menneske også har ein lasertenner, som kan få avfall, også menneskerestar, til å forsvinne sporlaust. Det han derimot ikkje har, er tilgang til er menneslektas store arkiv av kunnskap, tilgjengeleg til dømes gjennom det han kallar Lesex eller «gode, gamle Google».

---

Roman

Gert Nygårdshaug

Den grønne øya

192 sider, Cappelen Damm 2021

den grønne øya

---

Robinson Crusoe

Er Den grønne øya ein god og leseverdig roman? Ja, absolutt. Men det tok ei stund før eg oppdaga det. Etter mange sider med ein noko sjølvopptatt eg-forteljar som fortel detaljert om alt han tenker på og får til mens alle andre bukkar under: Han dyrkar sin eigen hage, finn ei vatn-kjelde og omgir seg med geiter. Akkurat som Robinson Crusoe gjer det i ein av dei første moderne romanane som utkom for over tre hundre år sidan, altså. Defoes pionerverk med alle Crusoes nitidige oppteikningar av korleis han skapte seg eit eige kongedømme på ei aude øy og kva han tenkte for seg sjølv, vert ikkje spennande og medrivande litteratur før den einsame hovudpersonen oppdagar ferske fotspor på stranda.

Nygårdshaug veit kva han gjer. Romanen som sjanger, så å seie i kjølvatnet av Crusoe, er nemleg ei utforsking og ei framstilling, i begge meiningar av ordet, av det moderne subjektet, det individuelle eg-et. Denne framstillingsforma peikar samtidig mot ei paradoksal sanning om lesinga og om livet: Det blir ikkje spennande, viktig og sant før isolerte individ kjem i nærkontakt med andre menneske.

Ei uventa vending

Og det er det som skjer då Den grønne øya tar ei plutseleg og uventa vending. Den sjølvtilstrekkelege Hans Zolon sit plutseleg med ei heilt nyfødt og foreldrelaus jente i hendene sine. Og han overraskar seg sjølv med å tenke at «Dette er livet. Det nye livet. Det som skal spire, vokse, bli til en ny start. En fullstendig absurd, latterlig tanke flimrer gjennom hodet mitt: Om prosjektet mitt her nede skal ende i noe positivt, så avhenger dette av at jeg klarer å få dette barnet, denne jentebabyen, til å overleve».

Den uventa erfaring av å halde eit nyfødt liv i hendene blir ei etisk fordring han ikkje kan motstå.

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Dagen etter oppsummerer han denne rystande opplevinga slik: «Noe komplett usannsynlig har skjedd. Og ettersom skjebnen elsker usannsynligheter, sitter jeg altså her denne morgenen og mater en baby, knapt et døgn gammel. Jeg som ikke ville ha barn med kvinnen jeg elsket. Som sa at det kanskje ikke fantes noen fremtid. Og nå har altså fremtidens muligheter for dette lille nurket bokstavelig talt blitt kastet i fanget mitt. Det er et rop, en befaling, en kommando.»

Den uventa erfaring av å halde eit nyfødt liv i hendene blir altså ei etisk fordring han ikkje kan motstå. Og denne fordringa er, som den danske teologen Knud Løgstrup har sagt det, både spontan og total.

Aniara

Etter denne vendinga er det mykje meir som står på spel i romanen og spenninga aukar: Kva vil skje med barnet og med han som no uventa går inn i ei farsrolle? Eg skal ikkje røpe korleis det går til slutt. Berre nemne at denne daglege omsorga til tider også gir hovudpersonen opplever intense augeblikk av «lykke».

Er «Den grønne øya» ein god og leseverdig roman? Ja, absolutt. Men det tok ei stund før eg oppdaga de

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Zolon døper jentebarnet i brandy og gir ho namnet Aniara. Det er eit lite vink til nobelprisvinnaren Harry Martinsons episke dikt om romskipet Aniara som forsvinn ut i det aude verdsrommet. (Nygårdshaug skriv sjølv at romanen er «en hommage» til den svenske kollegaen.)

Wenn Gott will

Zolon gir Aniara mat, lærer ho språk og syng også ein vuggesang for henne: Songen han «tryller fram fra hukommelsen» blir gjengitt på tysk og er lett gjenkjenneleg som eit slags konsentrasjons av Brahms kjente voggesang «Guten Abend, Gute Nacht». Men arkivet er jo ikkje tilgjengeleg og minnet er heller ikkje heilt påliteleg, Zolon utelet derfor alle referansane til Gud og Jesus-barnet som finst i Brahms versjon, også det lille, men meiningsberande innskotet «wenn Gott will», i det som i romanen lyd som «Morgen früh wirst du wieder geweckt». (Kanskje er det ei utfordring for dei av oss som er kristne å vise i praksis at både «Gud» og «Jesus» ikkje er unødvendig fyllstoff i overleverte tekstar, men kan vere ressursar for den vidare miljøkampen?)

Intenst spennande

Etterkvart blir teikna på at den store katastrofen nærmar seg, meir tydeleg. Korleis går det? Det får vi ikkje vite før vi kjem til slutten. Heller ikkje i denne boka. Men eg kan love deg at det skjer raskt. Det er nok ikkje berre nybakte besteforeldre som ikkje greier å legge frå seg denne intenst spennande skildringa av to menneske på randen av ein menneskeskapt katastrofe.

Med Den grønne øya er bokhausten 2021 opna for alvor. Alvor har vi ikkje vondt av, dersom standarden er så høg og tematikken så viktig som her.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser