Anmeldelser

Bokmelding: Kanskje urørt natur er litt oppskrytt?

Kvifor snudde eigentleg vinden om vindkraftutbygging i Norge så plutseleg? Ny bok gir solide svar om vill natur og endå villare kamp.

I oppveksten reiste me ofte på sauesanking i Modalen og Stølsheimen. Kvar haust skulle sauane heim att frå fjellbeitet. Fjella som stupar hundrevis av meter rett ned, kan ta pusten frå kven som helst. Dei tok ofte pusten min, der eg sprang som ein eller annan gjetarhund i dei bratte liene på jakt etter kvite ulldottar. Alle som har vore i Modalen veit at naturen her er vill, vakker og våt.

Eller, er den eigentleg det? I Modalen er, som i dei fleste norske kommunar med stor tilgang på rennande vatn med fallhøgde, ein stor del av det rennande vatnet lagt i røyr. Omlag ti prosent av Bergen by sitt energiforbruk kjem frå vasskrafta i Modalen. Likevel: For oss som gjekk på sauesanking der, var infrastrukturen til vasskrafta som ein del av naturen å rekne. Kanskje fordi utbygginga starta mange tiår før eg vart fødd, at naturen på mange måtar har tatt tilbake det som er sitt. Trass den enorme vasskraftutbygginga er Modalen og Stølsheimen eit fjellparadis mange valfartar til. Kanskje urørt natur er litt oppskrytt?

---

Sakprosa

Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør

Anders Totland

Samlaget, 2021

A

---

Illsinte og krakilske

Vel, den påstanden ville kanskje gjort mange av dei Anders Totland portretterer i si ferske bok Vindmøllekampen – Historia om eit folkeopprør illsinte og krakilske. I starten av boka si reflekterer forfattaren sjølv over kor naturleg mange av inngrepa i hans eigen heimkommune Kvinnherad. I over hundre år har demningar og røyrgater vore synlege i terrenget. «No protesterer folket mot at demningar skal rivast. Eit vatn som ikkje lenger er i bruk til kraftproduksjon, har for lengst blitt ein del av terrenget, ein del av vårt kollektive minne. (...) Same kor alvorleg naturinngrepet var då det blei gjort, har tida gjort sitt, gjort demningen, vatnet, heile området rundt, til ein viktig del av kulturlandskapet», skriv forfattaren. Det fins altså noko som kan ha større verdi for oss menneske enn heilt urørt natur.

Likevel har altså det reine ragnarok bryte laus i landet vårt dei siste åra, over noko så byråkratisk og kjedeleg som ei nasjonal ramme for vindkraftutbygging frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Då ramma kom utløyste den ei så massiv mobilisering at regjeringa såg seg nøydd til å legge den vekk etter kort tid. Det er denne motstanden Anders Totland har gått nøyare etter i sømene i si nye bok. Det er høgst interessant lesing.

Haramsfjellet og Frøya

I mange år var vindkraft sett på som nesten heilt uproblematisk. Det fans ein og annan motstandar her og der, slik det fins motstandarar av alt frå 5G til lakseoppdrett. Vindkrafta var likevel sett på som noko framtidsretta, moderne og grønt. Bedrifter som skulle vise kor berekraftige og klimabevisste dei var, marknadsførte gjerne på produkta sine at dei var produsert med rein straum frå vindmøller.

Anders Totland sitt prosjekt er sympatisk: Han hadde sjølv vanskeleg for å forstå den sterke mostanden, og ville sette seg djupare inn i den. Kva var det som fekk folk til å lenke seg fast til anleggsmaskiner på Haramsfjellet og Frøya? Kor sinte var eigentleg dei høglytte motstandarane? Kor langt er folk villige til å gå?

Utover i boka er det tydeleg at Totland får meir og meir sympati med motstandarane.

—  Emil André Erstad, bokmeldar

Meir og meir sympati

Svaret får vi i dei mange nære portretta av vindkraftmotstandarar i boka til Totland: Svært langt. Det er nesten slik at vi kan snakke om ei slags radikalisering. Fleire av dei som intervjuast er villige til å vise forståing for særs radikale metodar.

Totland kjem skikkeleg nært på motstandarane, og slik sett er boka best til å forstå kven dei er, enn å gje ei nøktern og balansert framstilling av vindkraftspørsmålet til lesarane. Totland er flink til å forklare dei kompliserte forvaltningsprosessane, omgrepa som florerer i debatten og bakgrunnen. Han verkar oppriktig undersøkande og nysgjerrig på å finne ut kvifor motstandarane tenker som dei gjer, men utover i boka er det tydeleg at han får meir og meir sympati med motstandarane. Det er ikkje noko galt i det.

Brutt tillit

Det er mykje å kritisere med norsk vindkraftpolitikk, men tydelegast av alt er det at tilliten mellom lokalbefolkning på den eine sida og sentrale styresmakter og utbyggarar på den andre, ser ut til å vere heilt borte.

Fleire av motstandarane Totland portretterer fortel om at tilliten til styresmaktene og politiet er borte. «Sjølv har eg fått mange møte med den grunnleggande skepsisen til folk på alle sider av bordet i arbeidet med denne boka. Det er motstandarar som nektar å la seg intervjua før dei nærmast får skriftleg dokumentasjon på at eg ikkje er betalt av Norwea eller Noregs vassdrags- og energidirektorat, eller ein eller annan organisasjon som ikkje vil dei godt.»

Vi treng bøker som denne, som kan dukke ned i litt uforklarlege fenomen som oppstår, forklarar dei med innestemme og gir eit nært portrett av dei som stiller seg i vegen for anleggsmaskiner, dumparar og lastebilar lasta med vindturbinar. Anders Totland er ein solid sakprosaforfattar som handterer denne oppgåva veldig godt, og boka hans om vindkraftmotstandarane er viktig lesnad. Dessutan er den velskriven om komplisert og ofte litt kjedeleg byråkrati.

Vi treng nokon som er der når vinden snur, slik Anders Totland har gjort her.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Mer fra: Anmeldelser