Anmeldelser

Stortenkte fragment frå Lars Norén

Lars Norén konsentrerer mykje livsvisdom på liten plass i den andre fragmentsamlinga si. Og han er i konstant brytekamp med Gud.

Noreg har Jon Fosse, Sverige har Lars Norén. Eg skal ikkje trekke parallellen for langt, men begge er blant dei mest spelte dramatikarane i verda. Begge har eit betydeleg poetisk forfattarskap ved sida av å skrive dramatikk og prosa. Og begge interesserer seg for Gud.

På 1960- og 1970-talet, før Lars Norén slo igjennom som dramatikar med stykket Kaos er granne med Gud (1982), var han først og fremst lyrikar. Den konsentrerte lyriske forma sit i blodet på han. Det meiningstette. Men han forlét poesien med diktsamlinga Hjärta i hjärta frå 1980 – før han vende tilbake med ei fragmentsamling i 2015, og ei diktsamling, Stoft, året etter.

Fragmentet som sjanger assosierer vi gjerne til den tyske forfattaren Novalis, som debuterte med nettopp Fragmente (1798) og var ein viktig føregangsmann for at den konsentrerte, «uferdige» forma blei ein slager i den tyske romantikken. Går vi lenger tilbake i litteraturhistoria, eksisterer mykje av litteraturen nettopp som brotstykke, fragment, grunna tidas slitasje. Slik kan vi i dag lese filosofen Heraklit og diktaren Sapfo nettopp gjennom fragment, som delar av eit heile som både verkar kjent og samtidig heilt ukjent for oss.

Fortetta dagbok

Slik er det med fragmentet. Og slik er det også med Gud, som Lars Norén brukar mykje tid og plass på i sine eigne brotstykke av spekulasjon og tankekraft. Norén brukar fragmentet som ei linse mot det useielege. Dermed får han brått ein heil del å seie, om ei rekke tilsynelatande spreidde tematikkar. Det verkar likevel ikkje sprikande, for kvart enkelt fragment, kvar enkelt tanke, spring ut av opphavsmannen sjølv. Slik sett kan Fragment II også lesast som ei form for eksistensiell sjølvbiografi, i samspel med dei tre banda av En dramatikers dagbok. Ja, tanken på dagboka er ikkje langt unna – ei fortetta dagbok med ei einaste linje per dag (med velsigna mykje luft ikring). Både overkommeleg og uhyre vanskeleg.

«Det viktigste i livet mitt har vært det uavsluttede, det flyktige, midlertidige – alt det jeg har vært bevisst uten at jeg har lagt merke til det» heiter det i starten av boka. Her gir diktaren oss sitt program. Ikkje berre er fragmentet sjølvrefererande, men det rommar også ein betydeleg livsvisdom: Det er ikkje nødvendigvis det opp- og avgjorte som fyller livet med meining. For dei fleste av oss er livet snarare alltid i flyt, og sjølv der vi lever med stabile rammer erfarer vi kor mykje av livet som må fangast i augeblikket, kvar dag, i si eiga midlertidigheit. «Alle desse dagane som kom og gjekk. Ikkje visste vi at dei var livet», som det heiter i eit langt meir folkepoetisk uttrykk enn Noréns finstilte fragment.

Religiøs tematikk

Men korleis var det no med Norén og Gud? Eg leitar verken med lykt eller lupe, men blir likevel fort klar over den tilbakevendande religiøse tematikken i Noréns fragment – tatt vare på både språkleg og innhaldsmessig i Steinar Opstads gode gjendikting. «Man kan bare tro på en gud så lenge det ikke fins bevis på at en gud eksisterer», skriv Norén og formulerer truas paradoks. Forfattaren held seg likevel på den søkande stien, her går tilnærmingar og avstandstakingar hand i hand. Innimellom aner eg også resignasjonen, som når han skriv: «Ja, Gud kan bare finnes ved å ikke finnes ... det er utelukkende det meningsløse i å si det som får meg til å si det».

Norén kan også ramme nådelaust og treffande med ramsalt og oppdatert samfunnskritikk.

—  Alf Kjetil Walgermo

Fleire stader kommenterer fragmenta eit religiøst språk som det er fordel å ha ein viss kjennskap til, som her: «Nei, vi er ikke i verden, vi er verden». Sjølv utan den kristne setninga om «i verda, men ikkje av verda» i bakhovudet, skaper likevel fragmentet rom for tankeutviding – her på eit enkelt plan, men som eit godt døme.

Opnar nye tankebaner

Det seier seg sjølv at med den kolossale mengda av fragment som finst i denne boka på over 550 sider, er ikkje alt av like eminent kvalitet. Sjølv Lars Norén kan bli plump, ja, på grensa til banal enkelte stader – også i religionskritikken. Det er likevel det motsette inntrykket som festar seg mens eg les, at Norén gong på gong lukkast med å opne nye tankebanar og drive fram erkjenningar og innsikter med dei korthogde fragmenta sine.

Han oppheld seg heller ikkje utelukkande i dei metafysiske og overordna sfærar, men kan ramme nådelaust og treffande med ramsalt og oppdatert samfunnskritikk, som her: «Medfølelsen som skapes foran den treårige druknede gutten som ligger på knærne på en tyrkisk badestrand med hodet sitt mot bølgene er så sterk at vi synes vi har gjort nok».

Hjelper oss å ta sats

Fragment II er på mange vis ei (nesten) umogleg bok å melde, med sine svært mange ulike eksistensielle brotstykke. Nettopp derfor er det viktig å melde henne, for gjennom den frie – og samtidig strenge – forma som fragmentet er, hjelper Norén oss å ta sats inn mot dei store spørsmåla i livet. Einige med han er det ikkje nødvendig å vere, som når han samanliknar religion med fascisme. Men 76-åringen (han var 73 då boka kom ut på svensk rett før jul i 2017) er framleis ein givande medtenkar og medvandrar. Verken Norén eller vi sit att med alle svar, men som han sjølv formulerer det: «Du behøver ikke å nå det, det holder at du finner den ufrivillige gesten for at det skal skje – omtrent som jeg forestiller meg at noe skjer når man folder hendene».

---

Fragment II av Lars Norén

Lars Norén

Fragment II

Kolon forlag 2020

Gjendikta av Steinar Opstad

560 sider

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser