Anmeldelser

Eit lite dytt i rett retning

Det er noko ertelystent over tittelen på kritikar Kjetil Røed si siste bok, Kunsten og livet: En bruksanvisning. Men ­greier han å argumentere for at kunsten er nyttig?

At kunst kan tene bestemte føremål, bør vere ukontroversielt å hevde. Visst er det brei semje i dei fleste kunst­interesserte krinsar å ikkje pålegge kunsten ei viss oppgåve eller funksjon, men dette handlar fyrst og fremst om å sikre at ­skapinga av kunsten er fri og utan føringar.

I Kunsten og livet hentar Røed fram elleve konkrete dygder han meiner kunsten kan lære oss noko om: Merksemd, dømmekraft, tilbaketrekning, nysgjerrigheit, erkjenning, håp, tvisyn, handverk, kjærleik, samarbeid og solidaritet. Han kallar prosjektet sitt for eit utkast til «dydsestetikk», i forlenging av Aristoteles' dygd­setikk: Ei tilnærming til kunsten som «et redskap for utforskingen­ av verdier som gir retning til et liv.»

Politisk potensiale

Denne­ innleiande presentasjonen kunne­ godt ha vore utvida til også å plassere boka i ein ­bestemt intellektuell tradisjon. Røed forsøker, trass alt, å hjelpe lesaren i retning av å bli eit betre menneske og å bidra til eit betre samfunn, og svaret på kva som er eit godt menneske og eit godt samfunn er aldri utan ideologisk tilsnitt. Under lesinga vert det ­tydeleg at alle dygdene peikar­ i ei bestemt retning, som har mykje til felles med arva etter Frankfurtarskulen og deira kritiske teori. For Røed er kunsten ein inngang til ei ikkje-kommersiell sfære, eit «alternativt forestillingsrom». Der kan me frigjere oss frå nedarva og automatiserte syn på røynda, og opne opp for eit meir solidarisk samfunn som «ikke er definert av nytte, effektivitet og profitt».

Sjølv om det er einskild­mennesket som står i fokus, vender­ forfattaren stadig tilbake til det politiske potensialet som ligg i dette: Skal samfunnet endrast, må det oppmerksame, nysgjerrige, håpefulle, samarbeidsvillige, solidariske menneske til.

Rett form?

Dette er ei rettesnor eg har sterk sympati for, og eg ser det også som ei styrke at Kunsten og livet opererer med eit meir overordna prosjekt, sjølv om det kunne vore tydelegare formulert. Men er forma på boka eigentleg den rette for dette prosjektet?

Røed er ikkje gniten på orda og tek seg god tid i sine refleksjonar, med eitt kapittel per dyd. Resultatet er då også store tematiske overlapp mellom kapitla, der forfattaren bruker nye dygder for å kome med tilnærma like poeng. I kapitlet om samarbeid, til ­dømes, trekk han både fram verk som handlar om å sjå omverda si med meir vakne auge og som peiker på einskildmenneskets kopling til eit større fellesskap – poeng som allereie er godt dekka av kapitla om merksemd og dømmekraft, og dels også i andre kapittel. Slike gjentakingar er eit gjennomgåande trekk, og eg vert ikkje fri for tanken om at eit meir effektivt argumentert langessay hadde fungert betre.

Flink formidlar

Nøkkelen til Kunsten og livet er samspelet mellom dygdene og kunstverka Røed trekk fram. Ofte tek den meir generelle drøftinga av dygda vel så stor plass som kunsten, og sjølv om forfattaren her kan tillate seg å vere i overkant omstendeleg, er han ein flink formidlar av den komplekse teoretiske innsikta til andre tenkarar.

Men overgangen til drøfting av kunstverk er ikkje alltid like vellukka. I kapitelet om tvisyn, til dømes, gjer forfattaren det vel enkelt for seg sjølv; for all kunst er jo berar av ei eller anna form for tvisyn, med mindre det er propaganda (eller street art).

Føreseieleg

Andre stader vert linken mellom dygd og kunstverk hakket for søkt, som i kapitelet om håp. Her er det i hovudsak realistiske kunstverk som vert trekt fram, som viser oss fram verda i all sitt elende. Som svar på kva dette har med håp å gjere, skriv Røed at desse verka «gjengir virkeligheten på en måte som peker på urett og hvilken sosial forandring som er mulig å tenke seg. Slik forstått gir realismen oss noe å håpe på».

Ei slik tynn kopling kunne vorte­ rettferdiggjort av nokre sylskarpe verkstolkingar, men Røed bruker stor plass på å tolke­ Éduoard Manet sitt gjennomdiskuterte meisterverk Olympia, utan å komme med eit einaste originalt poeng du ikkje kan lese i kva som helst kunsthistorisk oversiktsverk. Dette gjeld diverre fleire av lesingane av eit elles spanande utval arbeid: Dei er temmeleg føreseielege.

Nye innfallsvinklar

Men så er heller ikkje Kunsten og livet ei bok som førespeglar å gje lesaren radikalt nye innfallsvinklar til kunsten – det handlar mykje meir om å bruke kunsten til å sjå annleis på livet. Og her kan me jo håpe at Røed finn nokre lesarar, som igjen kan gå ut i verda som dygdsestetiske mønster, og kanskje dytte ho eit lite skritt i rett retning.

Kjetil Røed er kritikar i Vårt Land, derfor er boka meldt av ein ekstern kritikar.

Mer fra: Anmeldelser