Anmeldelser

Saman med dei heilage

Preika til presten har eit djupt og samtidig lettfatteleg innhald, men stadfester òg at den katolske kyrkja endrar seg svært langsamt.

Bilde 1 av 4

St. Olav kyrkje står som ein spydspiss ut frå det katolske kvartalet i Akersgata. Å gå inn i kyrkja kjennest litt som å koma inn på filmsettet til ein historisk film om 1500-talet.

Domkyrkja for den katolske kyrkja på Austlandet har flotte glasmåleri i kvart vindauge. Det er gull og veveri på altaret, og på veggane er det treskjeringar som skildrar eit knippe av dei fleire tusen helgenane i katolisismen.

Åtte messer

Benkane er av tre, og har ein rygg så rett at sjølv den sløvaste tenåringen ikkje kan sovna denne søndagen. Alle som kjem inn blir møtt av ein smilande vert som gir deg ei salmebok. Meir informasjon om dagens høgmesse får du ikkje, anna enn tala på veggen som fortel kva salmane for dagen er, men den observante kan ta med seg søndagsbladet til kyrkjelyden.

Trass i at St. Olav har heile åtte messer på fire språk denne søndagen, er oppmøtet på den norske høgmessa sterkt og mangfaldig. Kyrkjegjengarane har bakgrunn frå heile verda, og viser at den katolske kyrkja har røter på alle kontinent – også i Oslo. Nokon går med tildekka hovud, somme har teke på seg findressen, og andre har lårhøge støvlettar. Alderen spenner frå null til sikkert 100 år.

LES OGSÅ: Misjonssalen

Røykjelse

Idet klokka ringer, startar gudstenesta med at prest, diakonar og ministrantar – ofte kalla altargutar som hjelper til i gudstenesta – går til altars til musikk. Med salme og stiftingsord i boks, kan dei som held gudstenesta ta fatt på det andre store ritualet. Røykjelse og vievatn blir kasta ut i rommet som ei velsigning medan prosesjonen vandrar langs benkeradene. Søndagsskulens plakat blir bore ned kyrkjegangen utan nokon form for munnleg annonsering.

Gudstenesta held fram med salmesong og fleire høgtlesingar frå Bibelen. Kyrkjelyden gjer korsets teikn over eigen overkropp. Det er så mange ritual og sungne bøner som ikkje ein gong står oppført på salmelista, så for nye blir det vanskeleg å fylgja med. Samstundes kan nok rituala vera ein tryggleik for dei som kjenner dei.

Uendra ord

Tre bibelvers blir framført, og det siste blir resitert på likt vis som du kan kjenna att frå islam og jødedom. Preika tar utgangspunkt i Luk 24,48 og første kapittel i Johannes’ openberring. Presten dveler ved korleis kristne, som år etter år høyrer om Jesu’ oppstode, kan få ny glede av same bodskap. Nett som at me forstår litt meir og blir litt betre kjent med fargane i soloppgangen kvar gong me ser han, vil me òg kunne reflektera meir over gåva om det evige liv kvart år me feirar påskehøgtida.

Preika er i seg sjølv ei god oppsummering av noko av katolisismens kjerne. Dei mange rituala og repetisjonane kan gi styrke i trua fordi du lærer litt meir kvar gong eit ritual blir utført. Preika til presten har eit djupt og samtidig lettfatteleg innhald, men stadfester òg at den katolske kyrkja endrar seg svært langsamt.

Om presten hadde preika for 300 år sidan eller i dag, kunne orda vore dei same. For somme passar det bra. Eg sakna religiøse refleksjonar om notidas utfordringar. Det gjorde at St. Olav kjentest for bunden og irrelevant. På den andre sida: I ei katolsk messe handlar det ikkje så mykje om kva eg føler og saknar. I gudstenesta er eg ein del av et kollektiv – som utgjerast av alle dei heilage i all æva. Det er ein sterk tanke.

LES OGSÅ: Filadelfia Oslo

Orgel-fyrverkeri

I den katolske kyrkja feirar dei nattverd kvar søndag. Ritualet er meir viktig her enn i ei protestantisk kyrkje. Før nattverden ber og syng kyrkjelyden. Ved bøn kneler alle, og den planken framføre kvar benkerad, som eg først lurte på om var ei beinstøtte, blir tatt i bruk. For den med dårlege kne er det sjølvklart ei tilhøyrande filtpute til bønestolen, som er namnet på innretninga.

Medan folk flokkar seg i midtgangen for å ta del i måltidet, tar koret fatt på fleire norske salmar som truleg vil gi mang ein musikk-kjennar godkjensle. St. Olav har eit rikt musikkliv, og det er dyktige songarar i koret. Når nattverd og utgangsord er over, kjem den framifrå organisten Otto Christian Odland med eit fyrverkeri av eit orgelstykke så frimodig at den eine diakonen må le litt på veg ut. Det er nok i musikken ein ser det meir moderne St. Olav, og dette er jo den fridomsrolla musikk gjerne har hatt i mange kristne rørsler generelt.

Ikkje påhelsing

Etter høgmessa er det kyrkjekaffi. Det blir ikkje annonsert, men er du som dei fleste i Noreg eit godt flokkdyr, er vegen kort til kaffi, kaker og vårrullar. I motsetnad til kollekten, kan kyrkjekaffien betalast med Vipps. Med andre ord skal sjølv den mest kontantfrie ungdom kunne kjøpa både middag og søtmat etter gudstenesta. Her kan ein vera heldig å finna nokon å snakka med, men St. Olav er ikkje den mest utprega helse på-kulturen.

Organisert

St. Olav domkyrkje har truleg ritual for det meste, og aktivitetar som skal passe for dei fleste. Dei arrangerer kurs for å bli katolikk, har eigne mannsgrupper, filmkveldar, bønegrupper, karismatiske grupper, kor og fleire ulike aktivitetar for barn og unge. Kvar dag i veka er det fleire tilbod i kyrkjelyden, og messer både morgon og kveld.

Friskulen St. Sunniva høyrer òg til kyrkjelyden, og Sta. Katharinahjemmet, eit par kilometer unna, har overnatting både for korttidsvitjande i Oslo og kvinnelege studentar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser