Sanse som eit barn
Dikt som sansar barnlege gleder og sorger, finn du i den nye boka til Ruth Lillegraven.
GLAD: Boka er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. – Sommaren er glad og litt sprelsk, våren mystisk, løfterik og drøymande, skriv meldaren vår.
Skrive dikt for born må vera svært vanskeleg når ein er vaksen. For det er ikkje slik at ein berre kan velja nokre enkle ord, og plassere dei på korte liner slik at dei blir lette å lesa og så vips har ein laga dikt for born.
Det viktigaste med dikt er at dei talar til lesaren slik at han eller ho kjenner seg att, kjenner sitt eige blod flyte litt fortare i årene, at tankane byrjar danse litt anleis langs stiane, at ein smiler for seg sjølv, får lyst til å dele, eller seier «Ååå», eller «Ja!» eller «Hm…».
Skarpt
Bestill abonnement her
KJØP