Anmeldelser

Smak av honning

Ole Brumm er tilbake på lerretet. Denne gongen kan vi alle glede oss.

A. A. Milnes bøker om Ole Brumm har gått inn i historia som nokre av dei største klassikarane i barnelitteraturen. Forteljingane om den vesle bjørnen med liten forstand appellerer i høg grad også til vaksne.

Når Disney no har pumpa liv i teiknefilmversjonen, er det eit stort maskineri som er sett i gang. Sjølv har eg ikkje likt den disneyfiserte Ole Brumm like godt som originalteikningane til britiske E.H. Shepard. Men det er noko trygt og godt over miljøet i 2011-utgåva av Hundremeterskogen. Brumm sjølv slit med konstant rumlande mage. Nasse Nøff er liten og redd. Ugla skriv sine omfattande memoarar, men viser samstundes sviktande lesekunnskapar. Mens Tigergutt bumpar rundt og skapar spenning og spetakkel.

Nytt monster. Historia, som er skriven av regissørane Stephen J. Anderson og Don Hall samt ei rekkje andre manusforfattarar, byggjer i stor grad på eit par kjente kapittel frå Brumm-bøkene. I filmen mistar Tussi halen, liksom hjå Milne. Men denne gongen er det ikkje snakk om nokon heffalump. I staden får gjengen det for seg at det skumle udyret Tebake har kidnappa Kristoffer Robin. Namnet stammar frå Uglas misforståing av ein lapp Kristoffer Robin har lagt att, der det står at han kjem snart «tilbake».

Brumm og dei andre bestemmer seg difor for å fange monsteret Tebake. Men honningsvolten kan fort bli ei felle for den vesle bjørnen. Og til sist legg filmen opp til eit moralsk avveging mellom det å tenke på eigen mage og det å hjelpe andre.

Søt historie. Det er smak av honning i denne filmen som best eignar seg for små born, men også er koseleg å sjå for andre. Den handteikna Ole Brumm kan neppe overraske, men er både ei søt historie og ei stilmessig motvekt til 3D-trykket som elles er rundt oss. Dei norske stemmene er upåklagelege. Det er berre å glede seg til ein time i Hundremeterskogen.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Anmeldelser