Musikk

Alt du veit om voodoo er feil

Moonlight Benjamin vart ordinert som voodoo-prestinne etter å ha forlate kyrkja i tenåra. No vil Festspill-artisten vise vestleg publikum at voodoo har meir til felles med kristendommen enn mange veit.

– Catastrophe, catastrophe!

Moonlight Benjamin slår ut med armane og skarrar på r-en som om ho var ein bergensar. Det er ikkje tilfelle – den fransktalande songarinna kjem frå Haiti, og ho er oppgitt:

– Det er alltid katastrofe. Når ein høyrer om landet mitt, om Haiti, har det alltid skjedd noko ille. Jordskjelv, opprør, kolera ...

Benjamin, som seinare på kvelden skal opptre på Festspillene i Bergen, har eit håp om at hennar karriere som artist kan vere med på å nyansere biletet av heimlandet.

– Vi har ein stor kulturrikdom på Haiti. Eg ønsker å dele av denne med eit større publikum, og vise at vi ikkje berre er avhengige av hjelp utanfrå. Vi har også gåver å gje til verda.

Ein viktig del av denne kulturrikdommen er knytt til utøvinga av voodoo, den tradisjonelle, folkelege religionsforma på Haiti. Benjamin, som er ordinert voodoo-prestinne, eller mambo, nyttar seg av denne tradisjonen i det musikalske uttrykket sitt, som ho skildrar som voodoo-bluesrock.

Som barn var det likevel ein annan religion som prega livet hennar.

LES OGSÅ: Den nye fascismen er ironisk, morosam og smart, og mange kjenner den ikkje att, meiner holbergprisvinnar Paul Gilroy.

Lausriving heimafrå

Mor til Moonlight Benjamin overlevde ikkje fødselen.

Som nyfødd baby kom difor Benjamin til ein kristen barneheim i Port-au-Prince, der ho vaks opp som adoptivdottera til ein prest. Ho har blanda kjensler for den kristne oppsedinga.

– Barndommen min var ikkje problemfri, men han var god. Den kristne oppsedinga eg fekk hjelpte meg å takle vanskar i livet på ein grasiøs måte. Men på eit punkt kjentest det nødvendig å lausrive seg.

I tenåra byrja Benjamin i aukande grad å interessere seg for andre musikkformer enn salmesongen som hadde prega livet hennar så langt. Ho valde å forlate adoptivheimen sin og kyrkja ho var knytt til, for å kunne kjenne seg fri. Det var likevel ingen dramatikk i dette, i følgje henne sjølv.

– Adoptivforeldra mine var triste fordi eg ikkje ville leve det kristne livet dei hadde sett føre seg, men dei godtok det.

Vondskapsfull magi

Som eit ledd i utforskinga av sin eigen frigjorte identitet vart Benjamin stadig meir interessert i den tradisjonelle voodoo-kulturen.

– Eg trur at voodoo er til stades i musikken til alle dei som har same bakgrunn som meg, enten dei vil det eller ikkje. Skilnaden er at eg vel å vere open om denne påverknaden, fordi eg er stolt av den.

Det er ikkje alle som deler denne positive haldninga. Benjamin, som no er busett i Frankrike, møter mange fordommar, og meiner at voodoo vert framstilt som mørk og vondskapsfull magi i Vesten.

– Det gjer meg trist. Nesten alt ein ser av voodoo på TV og kino er feil. Dette er eit uttrykk for forakt og intoleranse overfor ein form for spiritualitet som er viktig for svært mange menneske.

LES OGSÅ: Nesten alle i ­Haiti ­regner seg som kristne, men enda flere ­praktiserer voodoo. Da jordskjelvet rammet i 2010, var hekse­doktoren like viktig som pastoren.

Sankt Peter og Papa Legba

Når Benjamin og resten av bandet går på scena seinare denne kvelden skal dei mellom anna spele songen Papa Legba. I amerikansk populærkultur vert Papa Legba framstilt som ein demonisk karakter, med raude auge og flosshatt kanta med hovudskallar.

– Heilt feil, ler Benjamin. – Papa Legba er jo Sankt Peter. Han er ånda som opnar døra til lyset.

– Den katolske Sankt Peter?

– Ja. Det er mykje i voodoo-religion som liknar på katolisismen. Mange som praktiserer voodoo er samtidig katolikkar. Det er ikkje noko problem.

– Det er det vel ikkje alle som er einige i - kva meiner den katolske kyrkja?

– Nei, dei ... Dei likar det ikkje. Dei har prøvd å undertrykke voodoo i årevis. Det er vel også ein av grunnane til at voodoo har fått så dårleg rykte. Det er gjort med overlegg, for at folk skulle velje det vekk til fordel for kyrkja.

LES OGSÅ: Det er lett å tro at demonene herjer på Haiti, skriver Erling Rimehaug.

Makt i framstillingane

For Moonlight Benjamin er voodoo ein religion basert på toleranse og respekt, også for naturen rundt oss. Den inngåande kjennskapen som ein får til naturen gjennom virket som mambo kan likevel nyttast på ulike måtar. Til å lage medisin – eller til å lage gift.

– Det handlar alltid om kva ein vel, seier ho. – Voodoo kan nyttast til å gjere vondt dersom det er det ein vil.

Haitiaren held fram med å påpeike at det same er tilfellet med katolisismen.

– Det er mange døme på katolikkar som har nytta religionen sin til vondskapsfulle føremål. Katolisismen vert ikkje forstått som mørk eller farlig av den grunn.

Ho trur at dei ulike måtane som voodoo og katolisisme blir framstilte på har med makt å gjere. Katolisismen vert ikkje svartmala fordi den er knytt til Vesten, meiner ho.

For Benjamin er skilnadane mellom desse ulike måtane å tru på ikkje så store – og ikkje så viktige. Ho trur at det er snakk om ulike måtar å nærme seg dei same grunnleggande fenomena på, og er meir oppteken av å ha eit ope sinn og eit ope hjarte, enn å slå fast kva som er det rette namnet.

– Er det Papa Legba som eigentleg er Sankt Peter, eller er det Peter som eigentleg er Papa Legba? Det er menneske som lagar slike problem. Gudane bryr seg ikkje om kva vi kallar dei.

---

Voodoo

  • Den tradisjonelle, folkelege religionsforma i Haiti, tufta på eit konglomerat av element frå vestafrikanske religionar – og katolisisme.

  • Dei fleste som deltek i voodookulten, vedkjenner seg også til katolisismen, og ser ingen konflikt i dette.

  • Deira gudeverd består av namngjevne guddommar (loa) med ulik status og attributtar. Desse blir ofte identifiserte med katolske helgenar, og helgenbilete er mykje brukt i kulten.

  • Kilde: Axel Sommerfelt/Store Norske Leksikon

---

Les mer om mer disse temaene:

Helene H. Hareide

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk