Thomas Mann er kjent for ålmenta som ein av dei fremste tyske forfattarane frå det tjuande hundreåret. Mange vil trekke fram storverk som Trolldomsfjellet og Buddenbrooks, som var viktig for at forfattaren fekk Nobelprisen i litteratur i 1929. Doktor Faustus og kortromanen – eller langnovella – Døden i Venedig er også blant dei mest kjente verka hans.
Likevel finst det fleire som meiner at det definitive hovudverket hans er tetralogien Josef og hans brødre, som tek utgangspunkt i den gammaltestamentlege forteljinga om Josef, son av patriarken Jakob. Filosof og tidlegare førstelektor ved Universitetet i Oslo, Kjell Madsen, er blant dei.
– For meg er Josef og hans brødre det sterkaste verket hans. Og det er utvilsamt det mest omfattande verket, seier Madsen om dei fire banda som kom ut på tysk mellom 1933 og 1943.
– Det er interessant at han skreiv verket på denne tida, for det er på mange måtar ei jødisk historie. Mann, som var tysk nasjonalist under første verdskrigen, men seinare snudde, måtte flykte frå Tyskland etter Hitlers maktovertaking. Ein kan sjå på Josef og hans brødre som ein støtte til det jødiske, meiner den norske filosofen.
Ein kan sjå på Josef og hans brødre som ein støtte til det jødiske
— Kjell Madsen, filosof
Bibelsprengt klassikar
Manns klassikar er på nytt tilgjengeleg i norske bokhandlar. Gyldendal gav denne veka ut ein pocketversjon av tetralogien, med ein lett språknormert versjon av Per Paulsens gamle omsetting til norsk. Versjonen som kom ut midt på 1990-talet har lenge vore så godt som umogleg å få tak i.
– Det er fantastisk at Gyldendal no gjer tilgjengeleg Josef og hans brødre på nytt, seier den norske filosofen og Mann-eksperten.
Han har også lese verket på tysk og synest at Per Paulsens omsetting av Manns originaltekst er god.
Ikkje minst for Vårt Lands lesarar vil det truleg vere særleg interessant med det sterke bibelpreget i Manns storverk.
– Josef og hans brødre er djupt forankra i Bibelen. Alt som skjer tek utgangspunkt i bibelstoffet frå 1. Mosebok, som Mann vidareutviklar over meir enn 1000 sider. Verket er dessutan prega av ein fabelaktig humor, seier Madsen.
Han vedgår at ein må ha tolmod når ein gir seg i kast med det omfattande verket, men han meiner ikkje at dei fire bøkene er tunge å lese.
– Trolldomsfjellet er til dømes svært pratsam. Folk pratar og pratar! I Josef og hans brødre er det action! Det skjer veldig mykje dramatisk!

Mykje dramatisk stoff
Mange vil nok vere kjent med bibelforteljinga om Josef. Han blir favorisert av far sin, Jakob, og gjer brørne sine så misunnelege at dei kastar han i ein brønn og deretter sel han som slave. Mange år seinare, og etter nye intrigar, stig Josef til topps i det egyptiske riket etter å ha blitt henta frå fengselscella for å tolke faraos draumar. Han får ansvaret for matvarelagringa i Egypt gjennom sju gode år og sju uår, og møter til slutt brørne sine igjen då dei kjem til landet for å kjøpe korn – då kjenner dei han ikkje lenger att.
– Når brørne kjem til Egypt og ber om hjelp, der Josef er opphøgd til faraos nærmaste minister og ikkje blir gjenkjent – det er dramatisk stoff! I kristen tradisjon har Josef blitt sett som ein slags forløpar til Jesus Kristus, ein som blir kasta i brønnen og nedverdiga for deretter å stige opp igjen. Men det er ikkje noko forkynnande bok Mann har skrive, sjølv om han står i den vestlege jødisk-kristne tradisjonen, seier Madsen.
– Kvifor bør vi lese verket i dag, synest du?
– Den som ønsker å lese ein levande og fantastisk roman knytt til Bibelen, har ikkje noko bok som er betre eigna enn nettopp Josef og hans brødre. Du får levandegjort denne delen av Bibelen på en eineståande måte. Bibelen er jo gjenstand for tallause kunstnarisk-estetiske tolkingar. Eg trur Manns romanverk blant dei sterkaste, så omfattande og grundig som det er. Det ruvar heilt på toppen, meiner Kjell Madsen.

Synest gudsbiletet er fascinerande
Den danske teologen Kirsten Nielsen er også full av lovord om Manns klassikar.
– Josef og hans brødre er ei fantastisk bok som vitnar om eit svært stort kjennskap til nærorientalsk religion og kultur, og som formulerer eit fascinerande gudsbilete, seier Nielsen til Vårt Land.
Den tidlegare professoren i gammaltestamentleg teologi og litteratur ved Aarhus Universitet har skrive ein fagartikkel om gudsbiletet i Josef og hans brødre. Her peikar ho blant anna på korleis Mann trekker inn ei rekke motiv frå andre gammaltestmentlege tekstar – og endåtil Det nye testamentet – til å utdjupe handlingsgangen som er henta frå bibelforteljinga i 1. Mosebok.
– Også gjennom skildringane av Josefs opphald i Egypt utfaldar Mann den store kjennskapen sin til dei religiøse og kulturelle forholda i dåtida. Ein lar seg stadig imponere av dei mange detaljane og subtile refleksjonane verket er fylt av, meiner den danske teologen, som blei utnemnt til æresdoktor på norske MF vitskapelig høyskole i 2008.
Når det gjeld gudsbiletet Mann formidlar i romanen, er ikkje dette – ifølgje Nielsen – eit «tydeleg» bilete av Gud, eller ein Gud som kan settast på formel. Men der Gud mistar tydelegheit hos Mann, får han til gjengjeld auka samtidig relevans, meiner ho.
– Thomas Mann gir ikkje eintydige svar, men gjenopnar nokre av dei mange spørsmåla som allereie ligg i dei bibelske skriftene. Dette er spørsmål som seinare generasjonar – i trongen til eintydigheit i gudsbiletet – har fortrengt, meiner Nielsen.
Josef og hans brødre formulerer eit fascinerande gudsbilete
— Kirsten Nielsen, dansk teolog

– Ambisiøst og vellukka forsøk
Også for den norske teologen og litteraturkritikaren Rolv Nøtvik Jakobsen høyrer Thomas Mann til dei aller største i europeisk litteraturhistorie. Han peikar på at Josef og hans brødre var svært viktig for forfattaren sjølv.
– Han jobba intenst med verket i over seksten år. Dagboknotata hans viser at han gjorde grundig reseach og var i kontakt med framståande religionshistorikarar under skriveprosessen, seier Jakobsen.
– Heile den digre romanserien er eit ambisiøst og vellukka forsøk på å gjenfortelje ein eigenarta forteljingsyklus, det bibelvitarer no kallar Josef-novella i mangel på betre ord. Denne har sett sitt preg på jødiske, kristne og muslimske kulturar, og det på ein måte som både tek vare på spenninga for dei lesarane som ikkje kjenner til stoffet frå før og for dei av oss som har vakse opp med desse forteljingane.
Jakobsen, som skriv regelmessige bokmeldingar for Vårt Land, meiner at Manns romanverk både er meint å vere ein kommentar til ulike svar på dei aller største og eldste menneskelege spørsmåla, og samtidslitteratur på den tida verket vart gitt ut.
– Og i ettertid, kan vi slå fast no, seier han.
Teologen meiner mellom anna at Mann er mykje meir ambisiøs enn Knausgård i måten han gjenfortel bibelske forteljingar på.
– Thomas Mann gjer ikkje eit forsøk på å setje det heile inn i ein seinare historisk kontekst, men er meir akutt relevant for oss no enn Karl Ove Knausgård, seier han.

Bolverk mot nasjonalisme
– Kvifor bør vi lese «Josef og hans brødre» i dag?
– Mann starta jo på dette romanverket i ei tid då det begynte å bli tydeleg at anti-semittismen var på frammarsj i heimlandet. Med ei jødisk hustru og barn som vart rekna som halv-jødar, ein jødisk forleggar osv, var Mann tidleg oppmerksam på det trugande ved den nazistiske utviklinga i Tyskland. Romanen prøver å vise at dei jødiske delane av kulturhistoria er grunnleggande viktige både for europeisk og også arabisk kulturhistorie, meiner Jakobsen.
– Noko av det viktige var altså å understreke at jødar også er menneske, og at den jødiske kulturhistoria er ein uskiljeleg del av menneskeslektas samla kultur. Dessutan er det jo viktig for Mann å peike på at trua på eín Gud, monoteismen, er eit bolverk mot nasjonalisme og alle forsøk på å setje til dømes Tyskland først.
Ifølgje teologen og litteraturkritikaren er det bra å kunne sette seg inn i noko som varer ei stund, i ei uroleg tid som den vi lever i no. Ved å lese Josef og hans brødre vil vi då oppleve både kor gode og spennande bibelforteljingane er i seg sjølve, og kva dei blir i hendene på ein europeisk meister som Mann, meiner han.
– Det handlar jo også, som all god litteratur, om kva det er å vere menneske i seg sjølv og i samspel med andre, seier Jakobsen.
---
Thomas Mann
- Tysk forfattar
- Fødd 1875, død 1955
- Fekk Nobelprisen i litteratur i 1929
- Kjent for romanar som Trolldomsfjellet, Buddenbrooks, Doktor Faustus og kortromanen Døden i Venedig
- Storverket – og somme meiner hovudverket – Josef og hans brødre er no gitt ut i norsk pocketversjon (Gyldendal)
- Den 6. juni er det 150 år sidan Mann blei fødd
---