Kultur

Den grenselause godleiken

LITTERATUR: Bergljot Kaslegard vil sprenge seg ut av gamle mønster. Det inneber også eit farvel til den kristne trua hennar.

– For ti år sidan blei eg skild. I forkant av det, før alt eigentleg rakna, sa eg til den dåverande mannen min: Eg trur jo ikkje på Gud. Og det har eg ikkje gjort på ganske lenge, seier Bergljot Kaslegard.

Den norske forfattaren som tidlegare var kjent som Bergljot K. Nordal, hadde i starten av karrieren eit litterært prosjekt om å skrive inn kristen tru i norske samtidsromanar. Både debutromanen Magda (2009) og Ruts bok (2012) føyer seg inn i dette biletet.

Med den nye romanen Elvira har klikka skriv ho den kristne trua ut. Romanen er prega av sinne, erkjenner Kaslegard. Eit sinne over å ha kjent seg innskrenka – og over å ha innskrenka seg sjølv.

– Det har vore ein frykteleg lang prosess, seier Kaslegard.

Drygtida gjeld både oppgjeret med trua og arbeidet med den nye romanen. Ho skreiv sju, åtte utkast før ho fann den forløysande inngangen. Og ho blei 38 år før ho klarte å formulere med sine eigne ord at ho ikkje trudde på Gud. Men når ho først klarte det, var det som å skru av ein brytar.

– Eg slo av eit ventilasjonsanlegg som hadde stått på for fullt. Og då eg la meg om kvelden, oppdaga eg at eg endeleg var åleine i hovudet, seier ho.

Vaks opp med predikantpappa

Før denne hendinga, som ho omtaler i fiktiv form i romanen, hadde ho gjennom livet identifisert seg som ein kristen. I stor grad, som ho seier det.

– Eg vaks opp med ein predikantpappa, så eg var mykje med han rundt på møter, fortel forfattaren.

Faren reiste for indremisjonen – det som i dag heiter Normisjon. Sjølv hadde ho eit brennande ønske om ytremisjon.

– Eg skulle redde verda. Eg var heilag overtydd om at så lenge Gud var med meg, kom eg til å greie det, seier Kaslegard.

Då ho flytta frå Førde til Ål i Hallingdal som barn, kom ho med i det kristne miljøet der. Sidan gjekk ho på bibelskule i Staffeldts gate i Oslo, men hoppa av etter eit halvt år.

– Sommaren før køyrde eg av vegen og brakk nakken. Eg hadde brot både i den nedste nakkevirvelen og i den øvste ryggvirvelen. Eg hadde mykje vondt. Men eg meinte det ville vere heilt innanfor viss eg kunne bli lækja, fortel ho.

Det var fleire som bad for henne om at ho kunne bli nettopp det. Til slutt fekk ho vite at ho hadde blitt lækja allereie i ulukkesaugeblinken, sidan det gått kunne så mykje verre – ho kunne blitt lam eller ha døydd.

Eg skulle redde verda. Eg var heilag overtydd om at så lenge Gud var med meg, kom eg til å greie det

—  Bergljot Kaslegard, forfattar

Snakkar for lite om kjærleik til seg sjølv

Smertene sat like fullt i. Ho tenkte difor ikkje at ho hadde hatt englevakt, som enkelte andre såg ut til å meine.

– Eg gjekk med smerter heilt til ungane vart store. Eg kan framleis kjenne det, men då er det fordi eg har hatt statisk belastning over lengre tid, seier ho.

Sidan 2017 har ho prøvd å skrive romanen ho kjem ut med no. Det veldige oppgjeret. Lenge klarte ho ikkje å komme inn i det frå rett vinkel. Men så las ho ein tekst om det grenselause, Nastassja Martins Tro på det ville, som gav gjenklang i henne på ein måte ho ikkje greier å forklare. Berre at det minna henne om det grenselause i det kristne livssynet ho var vaksen opp i.

– Eg opplevde ein svært tydeleg altruisme i oppveksten, der eg skulle tene dei andre og elske dei som meg sjølv. Men kvar byrjar eigenkjærleiken når du skal sette dei andre framfor deg sjølv til ei kvar tid? Kristne er ikkje flinke nok til å snakke om å elske seg sjølv, seier Kaslegard.

Kristne er ikkje flinke nok til å snakke om å elske seg sjølv

—   Bergljot Kaslegard

Blei tappa av å vere snill

Ho stiller no spørsmålet om ein slik altruisme eigentleg er av det gode. Ho synest framleis det er vanskeleg, for det ligg djupt i henne at vi skal vere gode menneske.

– Vi skal vere snille, varme, gjere godt, vere forståingsfulle. Det vil eg ikkje argumentere mot. Men eg opplevde at eg vart tappa. Eg forstod ikkje kvar proppen var, eller kvar eg skulle fylle på.

Kaslegard trur mykje av det som er godt meint kan slå feil ut særleg overfor barn. Ho snakkar om sterke kristne bilete som festar seg. Om det ho omtaler som ein grenselaus godleik. Ho fekk eit svært sensitivt samvit der ho gjekk i nesten konstant samtale med Gud.

– Guri malla så mange gonger eg kunne be om tilgiving i løpet av ein dag, seier ho.

Å ha Jesus som idol og førebilete er ikkje berre enkelt, meiner ho. Du skal ikkje berre gjere godt, du skal også refse og kaste kjøpmenn ut av tempelet. Kaslegard er blant dei som verkeleg tok armbanda med WWJD – What Would Jesus Do? – alvorleg.

– I det kristne miljøet var eg svært aktiv, seier forfattaren som blant anna dirigerte Ten Sing-koret som den eitt år yngre forfattarkollegaen Olaug Nilssen ein gong song i.

Forfatter Bergljot Kaslegard om boken "Elvira har klikka".

– Skam er ikkje utrydda

Mange av Kaslegards eigne erfaringar frå den kristne oppveksten har funne vegen inn i Elvira har klikka. Dei vanskelege familierelasjonane i romanen er derimot ikkje henta frå eige liv. Mora i romanen er til dømes litt for rask til å overføre skam til dottera. Fy skamme seg, som det blir sagt, med den grenselause godleiken i botnen for det heile.

– Eg trur jo at vi mødrer er heilt råe på å overføre skam. Min generasjon trur nok at vi er blitt veldig gode på ikkje å gjere det. Det er likevel framleis ein fare. Skam er ikkje utrydda, seier Kaslegard.

Ho fortel også om skamma som sette seg så innmari fast i henne då ho gjekk igjennom ein skilsmisse. Det tok mange år å komme over henne. Blant anna slutta ho å handle i daglegvarebutikken i Sundre på dagtid – ho gjekk dit heller om kvelden.

– Eg begynte å gøyme meg. Det var så overraskande for meg, seier ho.

– Var det den kristne trua og brytninga mot denne som påførte deg skam?

– Nei, det vil eg seie var samfunnsforventninga. At eg ikkje fiksa livet. Det ligg svært innbakt i kulturen.

Eg trur jo at vi mødrer er heilt råe på å overføre skam

—  Bergljot Kaslegard

Mykje kristen sjargong

I romanen er iallfall den kristne sjargongen og tenkinga svært nærverande. Forfattaren reknar med at lesarane må ha nokre felles referansar for å sjå det totale biletet, men ho trur ikkje ho skriv «kaudervelsk».

– Tanke, kjensle, språk ... Alt er prega av den kristne trua. Det er veldig internalisert, seier ho.

– I kva grad vil du seie at du har skrive ein religionskritisk roman?

– Eg veit ikkje om det er kritikk eller berre sinne. Eg hadde lyst til å peike på eit menneske som internaliserer den kristne trua og det kristne språket frå tidleg alder, men utan at ho går heilt i hundane. Det hadde likevel vore fint om boka kunne sparke i gang ein diskusjon om forkynning til barn.

Kaslegard kjenner at ho ikkje har eit agg mot kristendomen generelt. Derimot er ho grunnleggande skeptisk til kristne organisasjonar.

– Eg har jo grunnleggande tillit til menneske, ein-til-ein eller i små grupper. Men menneske i ein større organisasjon, der oppstår det mykje. Ulike fortolkingar blir sett på som ei sanning og skuggar kanskje over den eine store sanninga – viss denne finst, seier ho.

– Det svarte fåret i familien

– Du opnar nesten for at det likevel kan vere ein Gud?

– Eg er open for at folk kan tru at Gud finst. Det er ikkje noko problem. Og eg har opplevd både negative og positive ting knytt til tru. Men den dagen eg ikkje trudde på Gud lenger, gjekk verda opp for meg. Eg har to brør som ikkje opplever det slik i det heile. Eg er det svarte fåret i familien, smiler Kaslegard.

– Det svarte fåret som blei forfattar?

– Ja. Eg lever godt med det. Men det er mogleg at kristne vil synest denne romanen er sår lesing.

– Mistar vi noko når du ikkje lenger vil skrive inn den kristne trua i den norske samtidslitteraturen?

– Vi er eit svært sekularisert samfunn, så det speiler vel det moderne Noreg. Men det kan jo vere at eg om eit tiår kan snu meg tilbake og sjå på trua med eit mildare blikk. No er eg framleis i den sinte fasen, seier Bergljot Kaslegard.

– Eg har ønskt å sprenge meg ut av den grenselause godleiken.

---

Bergljot Kaslegard

  • Norsk forfattar
  • Kjem frå Ål i Hallingdal
  • Bur i Oslo
  • Jobbar som formidlingsleiar på Oslos hovudbibliotek, Deichman Bjørvika
  • Aktuell med romanen Elvira har klikka (Tiden)

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur