Kultur

Kvifor drøymer vi om ei kvit jul?

IDEAR: Den svenske idéhistorikaren og snøeksperten Sverker Sörlin meiner at snø er ein viktig faktor i den norske identiteten. Men utsikter til snøtung julestemning kan han ikkje gi håpefulle løfter om.

– I Noreg er «kvit jul» eit omgrep som er blitt del av ein nasjonal tradisjon, seier den svenske idéhistorikaren Sverker Sörlin.

Han er professor i miljøhistorie og snart aktuell på norsk med boka Snø. Ifølgje snøeksperten vaks romantiseringa av jul og snø fram på 1800- og 1900-talet, men har etter kvart fått skikkeleg rotfeste i befolkninga i vår del av verda.

– Så å seie alle barn lærer seg å like den kvite jula. Også dei vaksne gjer det, seier han.

Sörlin meiner likevel at snøen har fått ei særskild stilling nettopp i Noreg, i takt med overgangen til at landet vårt blei ein sjølvstendig nasjon. Snøen blei ein del av det norske fyrverkeriet av nasjonalpatriotiske initiativ, meiner idéhistorikaren.

– Nordmenn blei ein slags spesialistar på snø, seier han.

Nordmenn blei ein slags spesialistar på snø

—  Sverker Sörlin, svensk idéhistorikar

Dette skjedde både gjennom folk som Fridtjov Nansen, gjennom forsking og vitskap og kunst og idrett. Noregs dominans innan skisport er dermed ein del av den same forteljinga, frå Oddvar Brå og Gjermund Eggen til Bjørn Dæhlie, Petter Northug, Marit Bjørgen og Therese Johaug. At nordmenn er «fødde med ski på beina» er ein langlevande mytologisk påstand.

– Så delar av den norske identiteten er bygd på snø?

– Vi får sjå metaforisk på det. Men metaforen er veldig sterk!

---

Sverker Sörlin

  • Svensk idéhistorikar og professor i miljøhistorie
  • Har gitt ut ei rekke bøker og fått fleire prisar, blant anna den gjeve Augustpriset
  • Aktuell med boka Snø, som kjem på norsk i slutten av januar
  • Har også skrive bøker om langrenn
  • Aktiv innan rådgiving og utreiing av forskingspolitikk og miljøpolitikk
  • Har bl.a. vore leiar av den svenske komiteen for det internasjonale polaråret

---

Det nordlege som noko eksotisk

– Er det forskjell på Noreg og Sverige når det kjem til snø som nasjonal identitet?

– Det finst ein liknande snønasjonalisme i Sverige, men eg trur ikkje han er like utprega eller uttalt. Geografisk er det også ein del ulikheiter. Store delar av Sverige har svært lite snø, seier Sörlin.

– Så har du også den svenske hyttekulturen som bygger meir på sommar og sol, mens den norske bygger meir på fjell og påske.

– Vi må tilbake til jula. Kva har vore viktig for å etablere tanken om snø som ein sentral faktor i julestemninga?

– Både filmar og bøker har vore med på dette. Ein sentral faktor har også vore spreiinga av populære brosjyrar og magasin med sterk vektlegging av jul. Samtidig aukar vektlegginga av familien, julenissen og det å gi julegåver. Snøen blir ein viktig ingrediens i alt dette. Så kjem etter kvart Hollywood med si kommersialisering av jula, med reinsdyr og slede for julenissen, og eksotifisering av det nordlege. Denne bygger også på snø, meiner Sörlin.

Idéhistorikaren trur at ideen om det kvite også har betydd ein del for at snøen har vunne fram som julefenomen, sidan kvit blir rekna for å vere uskulda sin farge. Han peikar på at snø rett nok ikkje alltid er kvit, han kan også vere skitten, men som luftig og fersk nysnø er han eit «mjuk og omsluttande» material.

– Dette har bidratt til at snøen funkar bra overfor barn og fritid. Han treng ikkje vere underkasta lønsemd og industrielle prinsipp, men får fram vår mjuke indre verd – kjenslene og stemningane våre, seier Sörlin.

Hakadal 20221224. 
Vintervær med snø og lav sol ved Hakadal kirke på julaften formiddag.
Foto: Paul Kleiven / NTB

Snøenglar som åndeleg tanke

Inn i dette biletet kjem sjølvsagt snøengelen flygande. Den som barn og vaksen kan lage ved å legge seg på rygg i snøen og vifte med bein og armar. Sörlin lener seg på Abraham Lincoln når han ser snøengelen som ein representant for ein åndeleg tanke om engelen som den gode sida av menneskenaturen.

– Det finst eit betre eg inni oss alle, seier idéhistorikaren.

– I kva grad vekker snø tankar om det himmelske?

– I den kyrkjelege biletkunsten finst det iallfall mykje intenst lys, som tenderer å dra seg mot det kvite. Dette står i motsetnad til dei lågare delane av skaparverket og underverda, der djevelen held til. Det er det sjeldan kvitt, men mørkare og råare. Også hos Dante i Den guddommelige komedie aukar lyset dess høgare opp i sfærane vi kjem.

– Det er interessant, for Lucifer i Dantes klassikar sit jo frosen fast i is i botnen av inferno. Det er forskjell på snø og is?

– Absolutt, det finst ein skilnad! Samtidig som is også kan bli skapt av snø, som isbreane våre. Og det finst mange ulike typar is, også.

PÅ HEIMTRAKTER: Sverker Sörlin i nærleiken av barndomsheimen i Åsele kommune i Västerbotten.

Kallar seg snøelskar

– I kva grad tenker vi på snø som noko positivt. Somme synest det er mykje mas med snø og snømåking også?

– Ja, det kjem nok an på kven du spør. Både i Noreg og Sverige finst det ein fundamental ambivalens til snøen. Det finst ein del snøhatarar, men også mange snøelskarar.

– Du er sjølv ein snøelskar?

– Ja, det må eg seie! Sjølv om også eg kan hate snø innimellom.

Sörlin peikar på at den same snøen kan bety heilt ulike ting ut frå kva slags geografisk og sosial kontekst vi ser han i. Snø kan både vere eit glidemiddel i samfunnet og ein kime til konflikt.

Kva så med kunstig snø? Dette blir i stor utstrekning brukt for å sikre gode skiforhold i delar av landet. Kan det i framtida bli aktuelt å bruke kunstig snø for å mane fram den gode julestemninga?

– Eg trur dei fleste som har ein aktiv relasjon til snø synest at kunstsnø er litt trist. Den kunstige snøen er ikkje så levande, noko som blant anna har å gjere med lågare luftinnhald. Han er ikkje særleg tiltalande og har ikkje same magiske kvalitet, meiner Sörlin.

Eg trur dei fleste som har ein aktiv relasjon til snø synest at kunstsnø er litt trist

—  Sverker Sörlin, snøekspert

Spår færre kvite juler

Idéhistorikaren meiner at snø er eit emne som rommar svært mange andre tematikkar. Dette gjer snøen interessant å skrive om, slik han har gjort det i boka Snø, som kjem på norsk i slutten av januar. Samtidig er snøen på vikande front fleire stader i verda, slik også isbreane er i ferd med å smelte.

– Eg brukar snøen som ei linse for å sjå på desse spørsmåla både her i Skandinavia og globalt sett. Eg skriv mest om Norden, men har med noko frå alle kontinenta, endåtil frå Australia og New Zealand. Det er blitt skrive mykje om is, men snøen har på ein diskré måten fått leve i skuggen, utan så mange djupe skildringar, meiner Sörlin.

Når idéhistorikaren snakkar om klimaendringar, er dette relatert til noko også mange nordmenn kan kjenne på kroppen. Særleg langs kysten slår ikkje draumen om ei kvit jul alltid til. Den ultimate postkortjula skjer ikkje kvart år – ofte er bakken berr.

– Meiner du at snøen rett og slett er trua?

– Ikkje på det viset at han kjem til å forsvinne heilt. Og somme stader kjem det også til å snø meir! Men om du ser på snødagar og snødjupne over større regionar på den norde jordhalvkula, ser vi at snøen har minska i fleire tiår allereie. Og han kjem truleg til å halde fram med å minke, seier Sörlin.

– Det meste tyder på at det kjem til å færre kvite juler i framtida.

Nittedal  20151223.
En oppblåsbar nisse er satt opp ved juletresalget i Nittedal for å tiltrekke kunder. Bortsett fra kjempenissen er det lite som minner om jul utendørs. Pr lille julaften varsler meteorologene regn og plussgrader flere steder i landet i jula. Foreløpig er det minimale sjanser for snø.
Foto: Tore Meek / NTB


Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur