Kultur

Trøystesongar for folk i 40-åra

MUSIKK: – Det finst for lite musikk som speglar livssituasjonen til oss som er i ein etablert midtlivsfase, seier Ellen Sofie Hovland.

Ellen Sofie Hovland platedebuterte for tolv år sidan med Vær her for meg – og blei straks nominert til Spellemannsprisen som beste tekstforfattar. For plate nummer to vann ho den kjente norske musikkprisen for beste visealbum, og blei prisnominert igjen med nummer tre. No er Hovland aktuell med si fjerde plate. Kjenner ho på ei form for press?

– Det er utruleg pinleg å snakke om kjenslene mine rundt dette, men det er klart eg kjenner på eit visst prestasjonspress, smiler ho.

Artisten som til dagleg jobbar som psykolog, er vand med å snakke om ulike typar kjensler. Profesjonelt nok kjem ho seg ut av knipa på følgjande vis:

– Ein slik nominasjon er jo ikkje noko ein kan forvente seg. Det har vore utruleg gledeleg å bli sett og anerkjent av juryen heile tre gonger.

På den nye plata, Hva med det i midten?, syng ho om livet slik det fortonar seg i midtlivsfasen. Det dreier seg altså ikkje om den stormande, nyforelska livsfasen eller livet slik det artar seg kring eit samlivsbrot. I staden er det familielivet og kvardagane fulle av små og store lengslar og forpliktingar som er temaet.

---

KKV

Hva med det i midten?

  • Plate av Ellen Sofie Hovland ute på KKV
  • Er spelt inn med Knut Reiersrud på gitar, Johannes Martens på cello og Roger Arntzen på kontrabass

---

Farga av eigen livsfase

– Du skildrar jo eit daglegliv som er fullt av små og store gjeremål. Du lever sjølv eit slik liv?

– Eg gjer det! Eg skil rett nok mellom kunsten og mitt eige liv, men eg tek fatt i ting som er relevante også for meg sjølv, seier artisten som er gift og har to barn i småskulealder.

Hovland har vore farga av livsfasen sin i alle dei fire platene ho har gitt ut. Men ho har også interessert seg for kva andre menneske er opptatt av. Korleis opplever dei livet sitt? Kva er aktuelt no?

– Etter kvart blei det veldig tydeleg for meg at eg ville skrive songar til ei plate som først og fremst rettar seg mot folk som er i midten av livet. Dei som kanskje har hatt eit forhold over lang tid og som har tenkt å fortsette med det, seier ho.

Eg ville skrive songar til ei plate som først og fremst rettar seg mot folk som er i midten av livet.

—  Ellen Sofie Hovland, artist

«Trøystesongar for folk i 40-åra»

45-åringen peiker på at familielivet kan vere både fryd og glede, samtidig som det også kan innebere ein god del arbeid.

– Musikken min er jo eit kunstnarisk prosjekt og ikkje eit terapeutisk prosjekt, men det kan vere veldig mykje god terapi i kunsten. Det finst for lite musikk som speglar livssituasjonen til oss som er i ein etablert midtlivsfase, seier Hovland, som med eit smil kallar låtane sine for «trøystesongar for folk i 40-åra».

– Eg trur det er viktig for oss menneske å kjenne seg spegla i musikk og tekst eller andre kunstformer.

Den nye plata hennar blei nyleg trekt fram av platemeldar Olav Solvang i Vårt Land som ei av «månadens beste». Artisten vedgår at det er stas med gode tilbakemeldingar, noko ho ikkje tek som ei sjølvfølgje. Og ho blir glad når Vårt Lands journalist meiner å høyre inspirasjonen frå Ole Paus i låtane hennar.

– Ole Paus er kanskje den største inspirasjonskjelda mi! Tekstane hans er fulle av kontrastar. Dei har noko veldig sårbart og hudlaust samtidig som dei har satirisk brodd. Songane hans snakkar til alle fasettane i sjela.

Artist og psykolog Ellen Sofie Hovland.

Vil ta imot det menneskelege

Dei ulike fasettane av sjela er noko Hovland interesserer seg for både som artist og psykolog.

– Eg trur eg er uvanleg interessert i menneske, rett og slett.

– «Intet menneskelig er meg fremmed»? (red.anm. kjent sitat av den romerske komediediktaren Terents)

– Det sitatet har eg kome tilbake til mange gonger! Det er eit «go to»-sitat! Vi må strekke og tøye forståinga og toleransen vår for å ta inn det menneskelege mangfaldet. Eg er veldig glad i å jobbe som psykolog, og då er det mykje som handlar om å ta imot det menneskelege, la det romstere rundt i ein sjølv og forhåpentleg bringe noko som gir meining tilbake, seier Hovland.

Artisten tenker at musikk og psykoterapi har mykje felles som kreativ prosess.

– Korleis vi snakkar saman, og korleis vi tonar oss inn på kvarandre. Stemmeleiet og det som går utanom orda. Korleis vi tilpassar oss den andre. Det er ei form for musikk, det òg.

Eg trur eg er uvanleg interessert i menneske, rett og slett.

—  Ellen Sofie Hovland

Sjeldan konsert i februar

Artisten fortel at ho ikkje var eit einsamt barn i oppveksten, men at ho ofte valde å vere åleine etter skulen og spele piano.

– Eg har mange gode menneskevener, men pianoet og gitaren og songen har også vore gode vener for meg opp igjennom, seier ho.

Slik sett har ho også skrive songar til eiga trøyst.

– Eg har aldri tenkt at eg skulle gi ut plater koste kva det koste vil. Eg har eigentleg vore fornøgd berre med å lage ting. Men det er jo det beste utgangspunktet ein kan ha: At det er noko ein elskar å halde på med, og så held ein på med det.

Ellen Sofie Hovland har ikkje eige management, og det går litt i bølgjer kor ofte ho held konsertar. Det første høvet til å høyre henne «live» i den norske hovudstaden blir på sleppfesten for den nye plata i Kulturkirken Jakob den 11. februar.

– Vi som trio er veldig interesserte i å komme oss litt meir ut på vegen. Men det er jo for så vidt greitt, apropos livssituasjon og sånne ting, at det ikkje blir for mykje. Når eg har vore ute og spelt konsert og det har vore litt halloi, likar eg å komme tilbake på jobb og skjenke meg ein kopp traktekaffi. Det er ein måte å ankre meg på, seier ho.

Artist og psykolog Ellen Sofie Hovland.

Det fantastiske og det skrøpelege

– Du har ein del eksistensielle og religiøse observasjonar og formuleringar i tekstane dine. Kvar kjem desse frå?

– Eg tenker jo at religiøsitet er ein svært betydeleg del av det å vere menneske. Mange som opplever seg som ikkje-religiøse, kan nok også kjenne seg att i nokre av dei religiøse kjenslene eller vibrasjonane.

– Er du truande sjølv?

– Eg er ei undrande sjel, ei truande sjel og ei tvilande sjel. Det eg synest er det vakraste med religionen, er når ein samlast i eit heilagt hus. Når mange menneske sit i same rom, og alle er sårbare og små og strekker seg etter noko større og guddommeleg. Det synest eg er veldig sterkt i seg sjølv. Den inderlege og personlege religiøse lengselen.

– Eg hugsar ei verselinje frå debutplata di: «Så går jeg heller ensom til Guds hus, og drikker sårt av blodet hans fra sølvbelagte krus». Den var sterk!

– Takk! Eg synest det er eit fint og oppsummerande bilete på lengsla og det skrøpelege vi kan kjenne på som menneske. Det er der noko av det vakre ligg, også, i brytningspunktet mellom det fantastiske og det skrøpelege.

Vil synleggjere kvardagsheltane

Med den nye plata håper Hovland å kunne synleggjere kvardagsheltane. Alle som er travelt opptatt med å fikse matpakkar, hugse vedkubbar til turdagen og stille opp til dømes på fotball og korps – samtidig som ein skal vere emosjonelt tilgjengeleg, meistre jobben og ta vare på samlivet.

– Eg ønsker at folk skal kjenne at alt arbeidet på så mange nivå blir verdsett, seier Ellen Sofie Hovland.

– Det treng ikkje alltid vere så enorm dramatikk. Det er på tide å løfte fram kvardagsmennesket.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur