Kultur

Storstilt feiring av KKVs femti år

JUBILEUMSKONSERT: Bjørn Eidsvåg var blant artistane og kronprinsesse Mette-Marit sat på første rad under Kirkelig Kulturverksteds jubileumskonsert søndag kveld.

Plateselskapet Kirkelig Kulturverksted inviterte søndag kveld til jubileumskonsert i Kulturkirken Jakob i Oslo. Artisten Sarah Camille leia publikum gjennom eit konsertprogram med fleire sterke stemmer som har samarbeidd med KKV.

– Eg er forventingsfull også til det som skal skje framover på KKV, under leiing av Hans Olav Baden, sa Bjørn Eidsvåg frå scena, og markerte såleis at det ikkje var eit punktum som blei sett denne søndagskvelden.

Konserten som hadde tittelen «I begynnelsen var pulsen – 50 års lidenskap» gav likevel eit lite innblikk i noko av det Kirkelig Kulturverksted har bidratt med i norsk musikkliv, med artistar som Eidsvåg, Kari Bremnes og Karoline Krüger på programmet.

Kronprinsesse Mette-Marit sat på første rad under jubileumskonserten søndag kveld. Ho fekk blant anna høyre Bjørn Eidsvåg synge «Eg ser» og «Kyrie», og ein svært vellukka variasjon over den gamle salmeskatten utført av organisten Iver Kleive, gitaristen Knut Reiersrud og perkusjonisten Sidiki Camara.

Oslo 20241117. 
Kronprinsesse Mette-Marit er til stede ved jubileumskonserten i anledning Kirkelig Kulturverksteds 50-årsjubileum på Kulturkirken Jakob i Oslo søndag.
Foto: Amanda Pedersen Giske / POOL / NTB

Kronprinsesse Mette-Marit har sjølv vore med på å løfte fram salmeskatten med plata Sorgen og gleden - H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marits utvalgte salmer, som kom ut i 2008. For denne plata blei ho blant anna nominert til Spellemannprisen og fekk Vårt Lands Petter Dass-pris.

ASKER 20080307: Etter en uke i salg har CD'en "Sorgen og gleden - H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marits utvalgte salmer" solgt 16 000 eksemplarer. Kronprinsessen mottar gullplata av produsent Erik Hillestad fra Kirkelig Kulturverksted.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Perkusjonisten Sidiki Camara er frå Mali og har budd i Noreg sidan 2006. Han opna jubileumskonserten med djupe pulsslag frå trommene sine og sette såleis tonen for ein kveld med livet og livspulsen i sentrum.

Kari Bremnes entra scena etter Bjørn Eidsvåg. Begge dei to artistane hadde i forkant av konserten komme med rosande ord om Kirkelig Kulturverksted i Vårt Land.

– Kirkelig Kulturverksted har vore svært viktige for norsk musikkliv, sa Eidsvåg.

– Det beste eg fekk i samarbeidet med KKV var kunstnarisk musikalsk fridom, samarbeid og tillit. Vilt inspirerande og så forløysande for mine første år som songskrivar og artist, sa Bremnes.

Oslo 20241117. 
Kari Bremnes under jubileumskonsert i Kulturkirken Jakob i Oslo søndag. Konserten ble holdt i anledning av Kirkelig Kulturverksteds 50-årsjubileum.
Foto: Amanda Pedersen Giske / POOL / NTB

Karoline Krüger sat både sjølv ved pianoet, og song med akkompagnement frå Ketil Bjørnstad. Sistnemnte har blant annet skrive Messe for en såret jord, som Krüger song eit utdrag frå søndag kveld. Også Kulturkirken si eiga Jakobmesse, som har halde det gåande i eit kvart hundreår, fekk merksemd, med ein tekst framført av Erik Hillestad, til underliggande tonar frå Kleive og Reiersrud.

Oslo 20241117. 
Karoline Krüger under jubileumskonsert i Kulturkirken Jakob i Oslo søndag. Konserten ble holdt i anledning av Kirkelig Kulturverksteds 50-årsjubileum.
Foto: Amanda Pedersen Giske / POOL / NTB

Sarah Camille, ein av dei nyare stemmene på Kirkelig Kulturverksted, batt konserten saman med poetisk puls. Ho fekk også salen med i allsong på siste låt, «Du som flyr».

Oslo 20241117. 
Sarah Camille under jubileumskonsert i Kulturkirken Jakob i Oslo søndag. Konserten ble holdt i anledning av Kirkelig Kulturverksteds 50-årsjubileum.
Foto: Amanda Pedersen Giske / POOL / NTB

Jubileumskonserten i Jakob kirke var utseld og gjekk for fullt hus. Oslo-ordførar Anne Lindboe var blant gjestane og sat ved sida av kronprinsesse Mette-Marit på første rad. På onsdag blir det framført ein konsertversjon av plata Lullabies from the axis of evil, som ifølgje Erik Hillestad er ei av dei fem viktigaste platene i KKVs historie, også dette ein del av Kirkelig Kulturverksteds 50-årsmarkering.

---

Kirkelig Kulturverksted (KKV)

  • Plateselskap og kulturaktør etablert i 1974. Har holdt til i Jakob kirke i Oslo siden år 2000
  • Har gitt ut over 500 plater og mer enn 5000 låter
  • Erik Hillestad har vært daglig leder siden starten, bortsett fra en kort midlertidig periode der Ole Edvard Wold-Reitan var daglig leder og Hillestad kunstnerisk leder
  • KKV har også drevet med ulike kunstprosjekter, der Berit Hunnestad har stått sentralt. Var sentrale i prosjekteringen av Mortensrud kirke i Oslo
  • Plateselskapet feirer 50 år og hadde jubileumskonsert søndag kveld

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur