Det koker av folk i foajeen på Sandnes Kulturhus. Det er ikkje så uvanleg. Det som skal skje når dei 650 publikummarane finn setene sine, er meir spesielt: Når musikken starter, kjem tre skikkelsar i prestekjole inn på scena.
– Kvifor bruker de pengar på dette midt i veka, når de kan sjå oss gratis kvar sundag, spør Bogafjell-prest Torstein Eidem Nordal publikum.
Ideen kom til under ei studiereise i 2023. Nordal slår ein spøk til ein medreisande om at han skal lage show saman med Øyvind Skjefrås Alsaker, prest i Lura. Alsaker tenner på ideen, og dei får med seg Sandnes-sokneprest Lina Håland for å fylle ut trioen.
Slepp kontrollen
Vårt Land møter dei tre prestane berre nokre timar før dei går på scena framfor eit fullsett Sandnes kulturhus. Latteren sitt laust mellom dei tre kollegane som det siste året har brukt svært mykje av fritida si på dette prosjektet.
– Som prestar står de jo framføre forsamlingar fleire gonger i veka og framfører noko de har skrive sjølv. Kor annleis er dette, eigentleg?
– I kyrkja blir ein jo som prest målt opp og ned med ein gong du kjem inn, og lyset er på, og folk ser på deg, seier Lina Håland.
– Når det gjeld innhaldet, står vi eigentleg like fjellstøtt som vi gjer til vanleg i kyrkja, seier Øyvind Alsaker.
– Kanskje meir, for min del, supplerer Håland. – Dette har eg jo jobba med i eit år.
– Den største skilnaden er at i kyrkja på sundag har eg kontrollen, for då veit eg nøyaktig kva eg skal seie, seier Alsaker.
– Eg forsøkte å få ha med på scena den mappa eg har preika mi i, men det kunne eg berre gløyme, ler han.
Det er slitsomt å vera prest, på eit mentalt nivå og for trua
— Torstein Eidem Nordal, sokneprest i Bogafjell
Kva er prestehumor?
I samarbeid med komiker Rune Bjerga har prestane hatt mange gode diskusjonar om kva som eignar seg på scena, og kva som tener formålet. Dei tre er klare på at humor kan vere både destruktivt og konstruktivt.
– Vi tuller ikkje med trua, slår Alsaker fast.
– Ingen er tent med harselas, ingen er tent med at vi bryt teieplikta eller kjem med blasfemiske påstandar, men vi er tente med at vi faktisk våger å ta fram rolla vår i samfunnet og sjå på den og le av den, seier Nordal.
For det er først og fremst presterolla det handlar om, og dei meiner at utgangspunktet må vere deira eigen oppleving.
– Vi kan tulle med ein prest som strever med å ordleggje seg på en god måte om abortspørsmålet, eksemplifiserer Nordal. – Men vi vil ikkje tulle med abort i seg sjølv.
Dei fortel at dei opplever stor støtte frå prestar rundt seg, inkludert både prost og biskop, også når dei vil tulle med presterolla.
– Vi opplever jo god støtte i kollegiet på den måten at dei som er usamde med oss, viss dei finst, ikkje seier det, ler Nordal
Alvor bak humoren
– Det er slitsomt å vera prest, på eit mentalt nivå og for trua, seier Torstein Nordal.
Han meiner det først og fremst er fordi at det finst så mange meiningar om kva ein prest skal vere, og at det blir debattert hardt i spalter og kommentarfelt.
– Eg vart prest fordi eg ville ha det kjekt, ikkje for å bli riven i bitar av ein polarisert debatt, seier han, og dei andre nikkar.
– Eg ville møte menneske og formidle til dei, og det er nok der vi tre møtest, i den formidlinga.
På scena vitser Nordal om at han ikkje treng å kle seg ut til Halloween, for han er allereie det skumlaste mange veit: Ein konservativ prest.
Det er ein prosess der du får lov til å ta opp tinga i jobben og sjå humoristisk på det
— Lina Håland, sokneprest i Sandnes
Bearbeiding på høgt nivå
Lina Håland var sjukmeldt då Nordal ringte for å be henne vere med på å lage humorshow, og var tvilande til om det å ta på seg noko nytt var den beste måten å bli frisk att. I dag er ho attende i full jobb.
– Det er ein prosess der du får lov til å ta opp tinga i jobben og sjå humoristisk på det, seier ho.
– I det triste kan ein faktisk finne det løgna (’morosame’ på rogalandsk, red. anm.). Og det lækjer meg, rett og slett.
På scena står Håland for den sterkaste forteljinga: Om å bli møtt av kvinneprestmotstand når ho berre vil gjere jobben sin. Ho er open om kostnaden, men seier likevel at ho har verdas beste jobb.
Sjølvtillit og suksess
På spørsmål om kor sjølvtilliten kjem frå til å gå frå å vere morosam privat til å ta eit show til scena for betalande publikummarar, ler dei vordande komikarane.
– Dette må jo vere skapt, seier Nordal med glimt i auget. – Lagt i oss av Skaparen sjølv.
Og skal en ta publikum sitt ord for det, er sjølvtilliten velgrunna: Når siste ord er sagt, får preste-humoristane trampeklapp og ståande applaus.
Siste ord var forresten eit alvorsord, og handla om å ikkje vere redde for å snakke med menneske ein er usamd med – ein lærdom dei tre prestane er ivrige etter å dele.
– Vi ser ulikt på ein del vanskelege spørsmål, men vi finn tryggleik i kvarandre.