Kultur

Filosofen som meinte vi ikkje burde få barn

FILOSOFI: Peter Zapffe står bak ein radikal filosofi om meininga med livet og naturen. Dag O. Hessen utforskar Zapffes relevans i dag.

– Zapffe har interessert meg så lenge eg kan hugse. I alle fall sidan ungdommen då eg vart introdusert til boka Barske Glæder. Det var dei humoristiske skildringane hans og den djupe filosofiske understraumen i dei litterære verka som vekkja noko i meg, fortel biolog og forfattar Dag O. Hessen.

Hessen skildrar Zapffe som ein djupt tenkjande filosof som stiller fundamentale spørsmål om meininga med livet. Sjølv om Hessen sjølv ikkje deler Zapffes pessimisme eller antinatalisme – ideen om at ein ikkje må få born – så trur han at det er mykje viktig i det filosofen skriv om, særleg om forholdet mellom menneske og natur.

Paradoksal motstand til kristendom

Zapffe er kjend for sin mørke, nihilistiske filosofi, kor han argumenterer for at livet er utan objektiv meining. Hessen reflekterer over dette og påpeikar Zapffes unike posisjon ikkje berre som ateist, men også som antiteist. Antiteisme er aktiv motstand mot eksistensen av ein eller fleire gudar.

– Det er litt vanskeleg å få omgrep på det, for du kan ikkje vere anti til noko du ikkje trur på, seier Hessen.

Hessen meiner det er paradoksalt at Zapffe brukte livet sitt på å argumentere mot noko han ikkje trudde på, nemleg eksistensen av Gud. Likevel anerkjenner Hessen Zapffes fascinasjon for religiøse tekstar og den djupe kjennskapen hans til Bibelen.

– Zapffe leste testamenta framlengs og baklengs, slik at han kjende Bibelen betre enn dei fleste teologar. Det er spesielt å sjå at han vart så besett av kristendommen og spesielt personen Jesus.

I Hessens nye bok om Zapffe startar han med å forklare ei historie frå det første møtet hans med døden. Då ei jente i Hessens klasse plutseleg døydde, vart han og klassekameratane hans tatt med til gravferda av læraren.

Eg trur han hadde blitt skuffa og sett mange av sine verste visjonar bli oppfylt dersom han såg Noreg i dag

—  Dag O. Hessen

– Det var godt meint frå læraren at vi skulle sjå dei harde realitetane i livet, seier Hessen, men legg til at det for han sjølv førde til ei erkjenning av det forgjengelege og meiningslause i livet. Denne hendinga speglar noko av det same mørket og det same ubehaget som Zapffe følte og skildrar i sine eigne verk.

Zapffe er kritisk til kristendommen både i sine meir saklege verk og i sine litterære verk. Boka Den Siste Messias er eit tankeeksperiment om kva som hadde skjedd dersom Jesus fann ut at han ikkje var Guds son, men derimot son av Herodes.

Færre barn

Sjølv om Zapffe kritiserer mykje av kristendommen og kyrkja, så er det andre aspekt ved filosofen som fascinerer Hessen mest.

– Zapffes teori om at mennesket er «overutrusta» med intellektuelle evner som fører til ei kjensle av håpløyse og nihilisme, er det han er mest kjend for, seier Hessen.

Zapffe samanliknar arten menneske med ein kjempehjort. Denne hjorten har utvikla eit så stort og tungt gevir at han ikkje maktar å reise hovudet frå bakken. Dermed døyr han. Det er prakta og stoltheita til hjorten som utrydda han. Slik er det med mennesket også, meiner Zapffe.

– Han seier vi burde slutte å få barn og la jorda vere for seg sjølv utan menneske. Det er ein sterk nihilistisk tankegang.

---

Peter Wessel Zapffe (1899 – 1990)

  • Forfattar og filosof oppvaksen i Tromsø
  • Skreiv romanar, essay og skodespel, og vart kjend for sine idear om naturvern, nihilisme og antinatalisme (ideen om at det er feil å få born).
  • Zapffe var god venn av Arne Næss og dei hadde like synspunkt på mennesket si rolle i naturen.
  • Dag O. Hessen er aktuell med boka Å tenke med Zappfe (Kagge forlag)

---

Sjølv om mange kanskje deler ein viss forståing for Zapffes syn på mennesket si intellektuelle byrde, er det dei færraste som drar det til dei same ekstreme konklusjonane som Zapffe gjorde.

Hessen kritiserer den nihilistiske tankegangen til Zapffe med å seie at filosofen brukar sitt eige liv til å argumentere for universell meiningsløyse.

– Det er kanskje den største feilen han gjer. Dei fleste av oss finn jo meining i våre eigne liv sjølv om vi ikkje ser noko ytre meining med livet, seier Hessen.

Naturvernaren

Ei anna side ved Zapffe som Hessen trekker fram, er det tidlege engasjementet hans for naturvern. Zapffe var radikal og kompromisslaus i sitt syn på mennesket sitt forhold til naturen, og dette er noko Hessen finn svært relevant for dagens samfunn.

– Zapffes kritikk av det moderne forbrukarsamfunnet og innverkinga det har på naturen er noko som resonnerer sterkt i dagens diskusjonar om miljøvern og berekraft.

Dag Olav Hessen

Hessen er overtydd om at Zapffes tankar er meir relevante enn nokon gong, særleg i ei tid kor forbrukarkultur og miljøøydeleggingar er på dagsordenen.

– Eg trur han hadde blitt skuffa og sett mange av sine verste visjonar bli oppfylt dersom han såg Noreg i dag, seier Hessen, med tilvising til den omfattande utbygginga av naturen og forbruket og den digitale underhaldninga i det moderne samfunnet.

Komikaren og Klatraren

Trass i det dystre innhaldet i Zapffes filosofiske skrifter, seier Hessen at det er stor semje om at skrivekunsten hans er av høgste klasse.

– Zapffes evne til å skrive med ei blanding av humor, ironi og djup alvor gjer verka hans til engasjerande lesing. Zapffes bruk av metaforar og den stilistiske elegansen hans gjer filosofien meir tilgjengeleg og engasjerande for lesaren. Han skriv så metaforisk og vittig på ein original måte at det er kjekt å lese alt han skriv, seier Hessen og ler.

Peter Wessel Zapfe

Mange av Zapffes verk spring ut frå gleda hans over tur og klatring. Essaysamlinga Barske Glæder fortel om opplevingane hans i natur og fjellskrentar.

Kunne Zapffe gått inn i ein klatre- og buldrehall og kost seg der?

– Nei, det trur eg slett ikkje. Mykje av essensen som Zapffe fant i klatring, nærleiken til naturen, forsvinn i ein klatrehall. Samtidig vil han nok sjå på det som ei kommersialisering av klatring, seier Hessen.

Hessen konkluderer med at Zapffes tankar framleis har stor relevans, både når det gjeld spørsmål om meininga med livet og mennesket sin plass i naturen. Han understrekar at Zapffes kompromisslause haldningar og djuptgåande analysar utfordrar oss til å tenkje djupare over våre egne liv og ikkje minst samfunnet.

– Eg trur han er meir aktuell enn på mange år.


Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Mer fra: Kultur