– Eg har arbeidd med Fjodor Dostojevskij mesteparten av livet mitt. Han har utan tvil påverka måten min å tenke på, seier Jan Erixon.
Den svenske pastoren og evangelisten kjem til Lia gård i slutten av august for å snakke om kvifor den russiske forfattaren alltid ville ha vald Kristus – også om han skulle bli overtydd om at Kristus ikkje representerer sanninga. I bagasjen har Erixon med seg den svenske boka Därför väljer jag Kristus, nyleg gitt ut på Libris bokförlag.
– I kva grad var Dostojevskij ein kristen forfattar?
– Eg hentar mykje av lesinga mi i boka frå dagbøkene og breva hans. I eitt av desse breva skriv han til ei kvinne som gav han ein bibel under fangetransporten til Sibir: «Eg trur at det ikkje finst noko vakrare, ingenting djupare, ingenting meir attraktivt, sannare, klokare, modigare og meir perfekt enn Jesus Kristus. Fylt av brennande kjærleik til han, seier eg til meg sjølv at hans like ikkje eksisterer, og kan heller ikkje eksistere.» Ein person som vedkjenner seg ein slik Kristus-kjærleik kan per definisjon ikkje vere noko anna enn kristen, seier Erixon.
Heller Kristus enn sanninga
I det siterte brevet held teksten fram med: «Dessutan seier eg til meg sjølv at dersom nokon gav meg bevis på at sanninga om livet ikkje er i Kristus, og det faktisk er slik at sanninga om livet ikke er i Kristus, då vil eg heller vere med Kristus enn med sanninga.»
– Dette sitatet er kanskje det mest kjente i Dostojevskij-forskinga. Konteksten handlar om sekulariseringsprosessen som Dostojevskij var ein del av i store delar av sitt relativt korte liv. Med romanen Brødrene Karamasov visualiserer Dostojevskij konflikten mellom fornuft og kristen tru. Aldri før har han uttrykt denne ideologiske motsetninga med ei slik poetisk kraft, symbolsk høgde og i form av ei så brei skildring av russiske samfunnstypar og russisk liv, seier Erixon, som meiner at både Aljosja og Dimitrij – to av dei tre brørne – gir oss ei djup forståing av Gud.
Med romanen «Brødrene Karamasov» visualiserer Dostojevskij konflikten mellom fornuft og kristen tru
— Jan Erixon
Gir plass til motstemmene
Den svenske pastoren peikar på at spørsmålet om Gud og Kristus er eit overordna tema gjennom heile Dostojevskijs litterære produksjon etter fleire år i fangenskap.
– Det som kjenneteiknar han, er kjærleiken som trassar all fornuft. Sonja i Forbrytelse og straff er ein av desse heilage dårane som viser Jesu grenselause kjærleik til medmenneska sine.
– Korleis verkar Dostojevskijs polyfone forteljarteknikk inn på måten han formidlar kristendommen på?
– Dei mange stemmene i romanane hans får like stor plass: både dei som fornektar og dei som trur på Gud. Dostojevskij gir ikkje større verd til truende enn til fornektarar; alle blir synt lik respekt, seier Erixon.
Dei kristne stemmene i Brødrene Karamasov er ikkje minst representert av munken Zosima og Aljosja, den yngste av brørne. Blant fornektarane er Ivan (den mellomste av brørne), Fjodor Pavlovitsj (faren deira) og Storinkvisitoren, frå den berømte teksten Legenda om Storinvisitoren.
Dei mange stemmene i romanane hans får like stor plass: både dei som fornektar og dei som trur på Gud
— Jan Erixon
Undersøker fornektinga
– Med kunstnarskapet sitt kjempar Dostojevskij mot eventyrlystne og skadelege trusførestillingar ved å vise dei katastrofale konsekvensane som kan følgje av å forlate trua. Ved grundig å undersøke «fornektingsjorda», understrekar han den positive bodskapen. Det er umogleg å erstatte trua på Gud med veldedige sosiale tiltak. Der trua manglar, er ekte kjærleik til menneskeheita ikkje berre umogleg, men risikerer å bli det motsette. Tanken på all den tilsynelatende meningslause lidinga menneskeheita har halde ut, og det umoglege i å lindre denne lidinga, kan fort gjere den opphavlege kjærleiken til hat.
Den svenske pastoren har lært mykje av det bibelske perspektivet han finn hos Dostojevskij – at Kristus framleis «vandrar blant oss og er ven med syndaren og den sørgande».
– I Dostojevskijs litteratur kjem eg nær eit førebilete som lytta nøye til si eiga tid, i stil med kyrkjefedrane som oppmodar oss om å «bli kjent med vår eiga tid, og han som herskar over tidene», seier Erixon.
– Generasjonen som Dostojevskij høyrer til, vaks opp i ei tid med politiske og filosofiske omveltingar. Det var ei tid som kravde interesse for sosiale og politiske, men også religiøse spørsmål, samtidig som møtet mellom ei gammalkristen førestellingsverd og nye samfunnsendrande tenkemåtar under overflaten skadde åndslivets organiske nervetrådar.
Ingen respektert teolog i den russiske kyrkja
– Kor viktig er det russisk-ortodokse i Dostojevskijs skildringar av kristen tru? Har dette tankegodset i dag blitt utfordra gjennom rolla den russisk-ortodokse kyrkja spelar i Russlands krig mot Ukraina?
– Dostojevskij er ikkje høgt respektert som teolog i russisk-ortodokse krinsar. Det fekk eg vite av ein invitasjon til eit teologisk akademi der dei ville spørje meg om det vesteuropeiske synet på Dostojevskijs biblisisme. Rektoren på skulen ønskte å gjere det klart for meg at Dostojevskij var forfattar og ikkje teolog, og at han ikkje kan reknast som ein representant for den russisk-ortodokse kyrkja. Sjølv lurer eg på korleis Dostojevskij, med sitt syn på verdsomspennande brorskap, der Russland spelar ei leiande rolle i tenkinga hans, stemmer overeins med aggresjonane i Ukraina.
For dei som ikkje har lese noko av Dostojevskij tidlegare, anbefaler Erixon å starte med Opptegnelser fra det døde hus og Forbrytelse og straff – eventuelt norske Geir Kjetsaas biografi, Fjodor Dostojevskij – et dikterliv (Gyldendal).
– Kan det styrke norske lesarar i den kristne trua å lese Dostojevskij?
– Ja, absolutt! Mi eiga erfaring er at eg i Dostojevskijs selskap får vekse i trua på kva Gud gjer med vanlege menneske, seier Jan Erixon.
---
Fjodor Dostojevskij
- Russisk forfattar
- Fødd 1821 i Moskva, døde 1881 i St. Petersburg
- Kjent særleg for ei rekke store romanar, som Idioten, Forbrytelse og straff og Brødrene Karamasov
- Jan Erixon er aktuell med Dostojevskij-boka Därför väljer jeg Kristus (Libris bokförlag), og deltek 22. – 25. august på ein retreat på Lia gård for å snakke med utgangspunkt i denne
---