– Organistar blir spurd om å spele brurepars favoritt songar til bryllaupsseremonien, men dette er ofte songar som er ukjende for meg, og som krev mykje ekstra arbeid. Enten med å lære meg utanåt, finne besifring, eller notere ned sjølv fordi det ikkje finst skikkeleg notar til songen, seier Andrew Gilbert Wilder.
Wilder er organist i Vågsbygd Kyrkje og har tatt på seg fleire spelejobbar i bryllaup og gravferder. I vår spelte han truleg sitt siste bryllaup.
– Det må skje ein endring før eg skal spele bryllaup igjen, seier Wilder.
Spesielle musikkønsker
Wilder fortel at når nokon kjem med songønske til bryllaup, så kan det vere ukjende eller krevjande songar.
Forslaget frå Wilder til å betre dette er ved å først gjere det enklare å registrere meir arbeid for organistar, dersom dei endar opp med å brukar mykje meir tid.
Det må skje ein endring før eg skal spele bryllaup igjen
Hans andre forslag er at organistar eller kantorar kan reservere seg mot speling av utilgjengeleg stoff og ukjend stoff.
– Dårlege videoar på YouTube, tekst utan taktstrekar eller melodilinje og berre nokre gitargrep held ikkje, uttrykkjer Wilder.
Wilders tredje forslag inneber at prestar og daglege leiarar må kunne presisere om at dersom slik musikk ønskes, må paret sjølv finne eigna musikar eller playback. Innhaldet må også vere passande i kyrkja.
For Wilder må han strekke seg langt for å skulle skape ein bra oppleving når han får eit songønske som ikkje er ein del av standardrepertoaret.
– Eit ønskje som eg fekk for ikkje så lenge sidan var ein song frå Kaptein Sabeltann. Alt eg fant var berre tekst og gitargrep. Det kravde mykje tid for at dette skulle låte bra, og eg kan ikkje bruke så mykje tid på å lære meg Kaptein Sabeltann, seier Wilder.
Wilder påpeikar at det byrjar å bli vanleg at brureparet også kjem med ein eigne musikarar til sine særskilt utvalde songar.
Ved spørsmål om han synest cd-avspeling er betre eigna enn å skulle lære seg eit nytt stykke, svarar Wilder:
– Eg føretrekker livemusikk, men dersom det er eit stykke eller song som ikkje passar orgel kan eg forstå bruken av det.
– Ein må vise eigenskapa til orgelet
– Eg opplever mykje av det same som Wilder fortel. Samtidig er det veldig individuelt, men dersom paret blir vist kva som kan bli spelt med orgelet, så er det mange som kanskje vel ifrå standar repertoaret, seier Jon Martin Høie.
Høie er kantor i Bragernes kyrkje i Drammen og har spelt i bryllaup i ti år. Han seier at standardrepertoaret for bryllaup, tradisjonelle norske og klassiske bruremarsjar, blir mindre brukt dei siste åra.
– Det er fint å sjå at orgelet kan bli brukt til så mykje variert, men det krevst mykje meir frå organistane. Førebuing og arrangering er tidkrevjande, men eg trur det også kan vere givande, seier Høie.
Han påpeikar at ikkje alle har forhold til orgel eller orgelmusikk, noko som gjer at fleire vel musikk som ikkje passar orgelet.
– Ein må møte brureparet, vise dei eigenskapa til orgelet og spele for dei. Slik at dei får høyre på orgelet og kanskje kan velje ein song eller stykke som betre eignar seg for instrumentet og kyrkjerommet, fortel Høie og legg til at han meiner at orgelet kan og skal brukast i kyrkja.
Fekk notar skreve med KI
Den unge organisten har fått fleire spesielle ynskjer til bryllaup, men eit ynskje hugsar han godt. Då vart han spurd om han kunne spele eit stykke frå det populære dataspelet Baldurs Gate 3.
Høie syntest ønsket var veldig spesielt og krevde mykje arbeid, men han sa ja til oppdraget.
– Notane eg fekk frå paret var laga av kunstig intelligens, sidan det ikkje fanst noko skikkeleg tilgjengeleg. Det gjorde til at eg måtte sette meg ned å skrive ned mykje sjølv.
Vi har levande blomstar i kyrkja, difor har vi også levande musikk
— Jon Martin Høie
Når Høie framsyna songønsket var brureparet svært nøgde. Sjølv syntest Høie at det var eit givande arbeid.
– Spesielle stykke funkar ikkje alltid på orgel eller i kyrkjerommet, men dersom det blir gjort på ein god måte blir det ein god oppleving. Noko som krev mykje ekstra arbeid.
Avspeling frå CD eller mobil i kyrkjerommet er noko Høie også vil unngå, og seier:
– Det er eit estetisk standpunkt for meg. I kyrkjerommet har vi levande blomster, då skal musikken også vere levande, seier Høie til slutt.