Kultur

Harmonisk håp i ei dunkel verd

KYRKJEMUSIKK: Eivind Buenes nyskrivne verk til Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival står i samband med eit lysritual frå påskeveka. Festivalen har komme seg gjennom pandemien, men må hanskast med låg kronekurs og ein ustabil verdssituasjon.

I renessansen kom ideen om å framføre musikk i skimmeret av femten talglys. Etter kvar «leksjon» i Leçons de ténèbres – «mørkets leksjoner» – blei det blåst ut eitt lys, heilt til det siste lyset blei sløkt på langfredag.

No har komponisten Eivind Buene skrive eit nytt verk i samtale med denne tradisjonen, og ikkje minst François Couperins Leçons de ténèbres frå 1714. Verket får urpremiere under Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, som går føre seg i den norske hovudstaden frå 8. mars til 17. mars.

– Musikken i Leçons de ténèbres var skriven ut frå Klagesongane i Bibelen. Det har fascinert meg at musikken kan vere utruleg vakker, harmonisk og rik, mens tekstane er svært mørke og dystre. Klagesongane handlar jo om øydelegginga av Jerusalem for 2600 år sidan, seier Buene.

Det har fascinert meg at musikken kan vere utruleg vakker, harmonisk og rik, mens tekstane er svært mørke og dystre

—  Eivind Buene

Blei brått endå meir aktuelt

I Couperins verk, som Buene er inspirert av, komponerer han på ein måte som samsvarer med dei illuminerte bøkene frå mellomalderen, der den første bokstaven var rikt ornamentert.

– Eg brukar ein del av dette stoffet, men ønskte å ta det litt vidare og sjå på den øydelegginga som skjer i det same området i dag, seier Buene, som leverte det ferdige verket nokre få dagar før Hamas’ angrep på Israel den 7. oktober i fjor.

– Då blei verket brått endå meir aktuelt enn eg hadde tenkt meg.

I verket brukar Buene også tekstar frå Finn Iunkers Stemmer fra Israel (2017). I denne har Iunker skrive med utgangspunkt i vitnesbyrd frå israelske soldatar, der dei fortel om handlingane dei har utført på Vestbreidda og i Gaza.

– Desse tekstane har eg sett opp imot forteljingane om Jerusalems øydelegging, seier Buene, som i tillegg brukar eit tredje tekstelement, nemleg ei FN-utarbeidd liste over alle namna på okkuperte palestinske område. Alle stadnamna blir lesne i løpet av stykket.

André Lislevand

Har tatt vare på kontrasten

Komponisten har samtidig tatt vare på den tradisjonelle kontrasten mellom den harmoniske venleiken i musikken og det dystre innhaldet i tekstane. Musikken skal framførast av dei fire kvinnestemmene i kammerensemblet Song Circus og den italienske gambisten André Lislevand, som er av norsk slekt.

– Musikken er til meg å vere ganske mild, utan harde kantar, seier Buene, som er kjent både som forfattar og som ein av våre fremste samtidskomponistar. Rett før helga vann han Musikkforleggerprisen for «Årets verk – Klassisk/samtidsmusikk», med verket «Doubles».

– Er det noko vi kan ta med oss i ei disharmonisk tid, at vi likevel må løfte fram venleiken?

– Ja, kanskje! Eg har ikkje tenkt så medvite kring det, men det lett å miste håpet i ei håplaus tid. Kanskje musikken representerer eit håp, utan at eg vil redusere det til at musikken er håpet og tekstane er røynda. Men eg har tatt med meg klangverda frå Couperin og prøver å vere i denne på ein måte som resonnerer med samtida.

Vil delta med si stemme

– Palestina-konflikten er svært betent. Tek du ei politisk stilling i stykket?

– No blei jo dette meir dagsaktuelt enn eg hadde trudd. Og den aktualiteten er ein forferdeleg aktualitet, det er umogleg å ikkje stille seg på den undertrykte si side. Verket reflekterer at det finst eit folk som i lang tid er blitt utsett for øydelegging, også gjennom Holocaust, eit land som no utset eit anna folk for brutale øydeleggingar. Uansett om ein lar vere å ta stilling, kjem ein ikkje utanom at det er over 30.000 menneske som er drepne i Gaza. Det går ikkje an å fornekte. Det er noko som skjer, seier Buene.

Komponisten synest det er fint å kunne delta med ei stemme, sjølv om han ikkje brukar å vere eksplisitt politisk når han komponerer. Han ønsker å «vise fram noko», og meiner ikkje at det ligg ei konflikt i verket mellom lidingane til jødane og lidingane til palestinarane på Gaza.

Uansett om ein lar vere å ta stilling, kjem ein ikkje utanom at det er over 30.000 menneske som er drepne i Gaza

—  Eivind Buene

– Enkeltmenneske blir knuste

– Lidingane frå Det gamle testamentet er reflektert i materialet eg brukar, og peikar også fram mot lidingane i det førre hundreåret. Tekstane i Klagesongane handlar jo også om menneske som sørger, land som er øydelagd og byar som er okkuperte. På eit individnivå handlar det om korleis enkeltmenneske blir knuste og korleis dette er ein uuthaldeleg posisjon, uavhengig av kven som er okkupanten, seier Buene.

– Kva betyr det for deg å kunne presentere ny musikk på Kirkemusikkfestivalen?

– Det betyr veldig mykje for meg. Festivalen når breitt ut til mange menneske og har eit fantastisk repertoar av kyrkjemusikk, samtidig som det er svært inspirerande at dei satsar på nyskriven musikk. Det flott å vere inkludert i eit program der dialogen med historia blir tydeleg. Eg trur også at det betyr mykje for Oslo å bruke kyrkjeromma til å vise fram denne dialogen, seier Buene.

Bente Johnsrud

Tilbake til éin årleg festival

Bente Johnsrud er direktør og kunstnarisk leiar for festivalen som snart har halde det gåande i eit kvart hundreår. På dei 24 åra med Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival har det vore heile 135 urframføringar, noko som må kunne kallast eit markant bidrag til den musikalske nyskapinga her til lands.

Frå og med i år er det éin årleg Kirkemusikkfestival igjen, i staden for to, som det i to år har vore på grunn av smitterisiko i etterkant av koronapandemien. Festivalen har klart seg greitt gjennom pandemien, men kronekursen gjer det dyrt å hente inn internasjonale utøvarar – slik festivalen i stor grad gjer det i år.

– Her bør folk kjenne si besøkingstid, for i år kan publikum oppleve musikk av ein kvalitet som ein elles svært sjeldan har høve til innan kyrkjemusikken, seier Johnsrud og hintar om at det kan bli lenge til det er mogleg å oppleve somme av dei største og fremste internasjonale ensembla igjen.

Gli Incogniti

– Topp verdsklasse

Frå programmet dreg ho mellom anna fram satsinga der festivalen set opp både det første og det siste oratoriet av Georg Friedrich Händel og kjem med sjangeroverskridande tolkingar av kjente verk som Water Music og Music for the Royal Fireworks. Blant dei framståande ensembla er både Accademia Bizantina og Bl!indmand[sax].

Johnsrud vil også spesielt nemne Buxtehude-konserten med Voces Suaves og Gli Incogniti, under leiing av fiolinisten Amandine Beyer.

– Dette er utøvarar i topp verdsklasse, som eg har hatt på blokka mi lenge. Og Membra Nesu Nostri er eitt av dei mest unike sakrale verka frå barokken, seier ho.

Festivaldirektøren kan elles skilte med folkemusikk frå både Georgia og Noreg, urframføring av eit nytt rekviem av amerikanske Tyler Futrell og 200-årsmarkering for Anton Bruckner – blant mykje meir.

– Eg trur vi har noko for ein kvar smak! Det er mykje å glede seg til, seier Bente Johnsrud.

---

Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival

  • Årleg festival som har som mål å formidle kyrkjemusikk av høg kvalitet
  • Festivaldirektør og kunstnarisk leiar er Bente Johnsrud
  • H.K.M. Kronprinsesse Mette-Marit er den høge vernaren for festivalen
  • Har halde det gåande i 24 år
  • Festivalen blir arrangert i Oslo domkirke og fleire andre kyrkjer i den norske hovudstaden 8. – 17. mars

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur