Kultur

Forfattarar krev tydelegare standpunkt om krigen i Gaza

LITTERATUR OG POLITIKK: Over 500 amerikanske forfattarar krev at ytringsfridomsorganisasjonen PEN America tek eit tydelegare standpunkt i Israel-Gaza-krigen. – Vi har eit moralsk ansvar her i Noreg, seier den norske forfattaren Priya Bains.

Eit ope brev signert av meir enn 500 forfattarar og litteraturfolk i USA kritiserer ytringsfridomsorganisasjonen PEN Americas haldning til Israel-Gaza-krigen. Forfattarane er sterkt kritiske til det dei meiner er tysnad om «palestinske journalistar, forfattarar og poetar som blir myrda av Israel», går det fram av brevet som er omtalt i avisa The Guardian. Ifølgje forfattarane er ikkje PEN America tydelege nok i å fordømme krigen, men nøyer seg med å «gravlegge pressemeldingar på nettstaden sin».

– PEN America burde oppløysast hvis organisasjonen ikkje kan leve opp til oppdraget sitt om å verne, gi ei plattform til og styrke dei forfattarane som er blitt mest marginalisert av vondsinna krefter, heiter det i brevet.

Også ei ny fråsegn frå organisasjonen, der dei «håper at dei multinasjonale forhandlingane som no er i gang vil føre til ei gjensidig avtalt våpenkvile», har møtt kritikk, blant anna for at dei «håper» og ikkje «krev». Organisasjonen har på si side tatt til motmæle mot kritikken og meiner at det slett ikkje har vore «tause».

– Sidan 7. oktober har PEN America reagert på krisa i Israel og Gaza med nesten to dusin fråsegner om sjølve krisa og den påfølgjande konsekvensen for ytringsfridomen, seier PEN Americas talsperson til The Guardian.

PEN America burde oppløysast hvis organisasjonen ikkje kan leve opp til oppdraget sitt

—  Ope brev signert meir enn 500 forfattarar

Fordømmer angrep på journalistar

Generalsekretær i Norsk PEN, Jørgen Watne Frydnes, meiner at denne typen diskusjonar og krav er vanleg for ein global organisasjon som PEN.

– Vi ønsker velkommen ein diskusjon rundt vårt eige arbeid. Men Norsk PEN har ikkje opplevd liknande type opprop som i USA, seier han.

Den norske greina av ytringsfridomsorganisasjonen har uttalt seg om krigen i Gaza med vekt på situasjonen for journalistar, men også sivile: «Vi er sjokkert over antallet journalister og sivile som er drept på Gaza de siste blodige månedene. Norsk PEN fordømmer på det sterkeste brudd på internasjonal lov, drap på sivile og Israels blokade. Vi krever samtidig at de involverte partene opprettholder internasjonale forpliktelser ved å sørge for å beskytte fri journalistikk og at journalister ikke utsettes for angrep,» har Frydnes sagt tidlegare.

– I stor grad handlar fråsegnene våre om å uttrykke stor bekymring for situasjonen, men også fordømme angrep spesielt på journalistar. Vårt mandat er stort sett knytt til frie ytringar, pressefridom og journalistikk. I dette dramatiske tilfellet, der skiljet mellom sivile og journalistar er vaska ut, har vi også sett eit større bilete og kravd våpenkvile, seier Frydnes.

– Det er umogleg å vere journalist i situasjonen på Gaza, men det er også umogleg å vere eit menneske.

Held seg til kjerneverksemda

I Noreg går debatten om kva ein kan krevje under Gaza-krigen på fleire hald, ikkje minst politisk – der LO, AUF og Norsk Folkehjelp nyleg kom med fem konkrete Gaza-krav til regjeringa, blant anna om støttepakke og handelsforbod. Men også kunstnarane engasjerer seg, ikkje berre i spørsmålet om Israels deltaking i Melodi Grand Prix (Eurovision). I fjor haust skreiv oppunder 300 norske forfattarar under på eit opprop for sivilbefolkninga i Gaza. Oppropet blei synleggjort av Den norske Forfattarforeininga (DnF), men initiert og signert av privatpersonar.

– I fråsegnene våre prøver vi å halde oss til kjerneverksemda vår, som er vernet av det frie ord og rettane til forfattarane. Å ta stilling i sjølve konflikten ville vore lett for oss å gjere, men det er ikkje vår jobb, seier påtroppande leiar i DnF, Bjørn Vatne.

Tause om konflikten i Gaza er Forfattarforeininga likevel ikkje. Styret i DnF har fått nokre få førespurnader frå medlemmar om å ytre seg om rettane til palestinske forfattarar. Dette kvitterte den avtroppande leiaren Brynjulf Jung Tjønn ut i eit innlegg i Klassekampen førre helg, under tittelen «Palestinske forfattere må bli hørt». Her retta han på vegne av DnF-styret også ein takk alle dei norske forfattarane «som gjennom opprop, opplesninger og andre tiltak det siste året har stilt seg i solidaritet med sine palestinske kolleger».

– Vi har løfta fram initiativa som har komme frå forfattarane sjølve gjennom saker og intervju på nettsidene våre, seier Vatne.

I fråsegnene våre prøver vi å halde oss til kjerneverksemda vår, som er vernet av det frie ord og rettane til forfattarane

—  Bjørn Vatne, påtroppande leiar av Forfattarforeininga

Å komme med eigne spissa politiske fråsegner er likevel DnF forsiktig med, ikkje berre når det gjeld Gaza-krigen, ettersom dei har ei stor medlemsmasse som potensielt kan romme mange ulike syn. Eit anna døme er den norske debatten om oljeleiting, som det kan vere delte meiningar om i forfattarstanden.

Vatne trur at dei få innspela til foreininga av typen som amerikanske forfattarar uttrykker overfor PEN America, ikkje betyr at norske forfattarar er likegyldige, men at dei «truleg forstår kva slags dimensjonar av konflikten som ligg innanfor kjerneverksemda til DnF».

– Med fråsegnene våre må vi vere medvitne om kva som er funksjonen vår som forfattarforeining, seier den påtroppande DnF-leiaren.

Bjørn Vatne er innstilt som ny leder i Den norske Forfatterforening.

Kaller engasjementet sitt for «aktivistisk»

Den norske forfattaren Priya Bains var ein av initiativtakarane til forfattaroppropet i fjor haust, og har også vore med på å starte ei rekke poesikveldar til støtte for Palestina, saman med forfattarkollegaene Anna Kleiva og Bendik Vada. Bains vil ikkje krevje av DnF at dei skal komme med offisielle fråsegner om krigen i Gaza, men har reagert på det ho oppfattar som forskjellar i kommunikasjonen kring Palestina og Ukraina. Ho meiner at foreininga var tidleg ute på nettsidene sine under Ukraina-krigen, mens det tok lenger tid med krigen i Gaza.

– Eg forstår prinsippet om at ei forfattarforeining ikkje kan uttale seg om all verdas elende, men om ein skal verne om ukrainske kollegaer, bør det same gjelde palestinske kollegaer, seier Bains.

Sitt eige engasjement kallar ho «aktivistisk», noko som for henne går hand i hand med rolla som forfattar. Ved sida av å jobbe med ulike litterære prosjekt, er Bains ofte ute på gata i politiske demonstrasjonar for Palestina.

Demonstrantar frå Aksjonsgruppa for Palestina aksjonerer mot drepne journalistar på Gaza. Den norske forfattaren Priya Bains har vore på nokre av demonstrasjonane til Aksjonsgruppa.

– Det er snakk om kollegaene våre. Journalistar og forfattarar er blitt drepne, bibliotek og kulturstader er blitt øydelagde. Då blir det med ein gong noko som angår meg sjølv. For meg er litteratur og politikk to sider av same mynt, seier Bains.

Ho åtvarar mot at ytringsfridomen i fleire land er under press, blant anna ved justeringar i lovverket som kan hindre politiske støtteaksjonar for Palestina. Ho er også kritisk til kulturinstitusjonar, blant anna i Tyskland, som ikkje lar pro-palestinske stemmer komme til orde.

– Vi har eit moralsk ansvar her i Noreg, ettersom vi nyt godt av ytringsfridomen og kan seie det vi vil. I årevis har pro-palestinske kunstnarar og forfattarar blitt ekskludert frå statsstøtta institusjonar i Tyskland. Det angår alle som bryr seg om ytringsfridomen. Folk skal få velje sjølve kva slags forfattarar dei ønsker å vere. Eg ønsker ikkje å peike med fingrar, men det er vanskeleg å sjå kor lite konsekvente folk er i spørsmål om ytringsfridom og solidaritet med krigsramma menneske. Så kanskje peikar eg litt med fingrane likevel, seier Bains.

Forfatter Priya Bains

Samla inn pengar i #BooksForGaza

Internasjonalt har vi sett at forfattarar har engasjert seg blant anna i innsamlingsaksjonar som #BooksForGaza, der folk som Salman Rushdie, Ali Smith og Kamila Shamsie har bidratt med signerte bøker. Nyleg samla auksjonen inn over 900.000 kroner til medisinsk hjelp for skadde barn i Gaza. Også i Noreg har forfattarar seld bøker til inntekt for sivilbefolkninga som er ramma av krigen.

– Burde norske forfattarar i større grad samle inn pengar, eller bør dei først og fremst bruke ordet?

– Det eine utelukkar ikkje det andre. Under poesikveldane våre har vi oppmoda folk til å donere pengar til Norwac. Å donere pengar er ein av dei få tinga ein kan gjere, saman med å signere opprop og gå i demonstrasjon, seier Bains, som meiner det ville vore ein «bra ting» med ein norsk versjon av #BooksForGaza.

Påtroppande leiar Bjørn Vatne i Den norske Forfattarforeininga kjenner ikkje til om norske forfattarar har vore med på den internasjonale auksjonen.

– Men generelt veit vi at mange av medlemmane våre har eit sterkt samfunnsengasjement, også i denne saka, og at det er ein lang tradisjon for at enkeltkunstnarar deltar i slike dugnader. Vi blir ikkje overraska om ideen finn vegen til Noreg, seier Vatne.

---

PEN America

  • Ein ideell organisasjon som jobbar for å auke medvitet om vern av ytringsfridom både i USA i resten av verda. Det gjer dei ved å fremje litteratur og menneskerettar
  • PEN America blei stifta i 1922 og har hovudkontor i New York City. Organisasjonen er den største av dei meir enn 100 sentra over heile verda som utgjer nettverket PEN International
  • Norsk PEN er ein del av dette nettverket. Jørgen Watne Frydnes er generalsekretær

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur