Kultur

– Når du plagierer, både lyg og stel du

ETIKK: Direktøren for god forskingsetikk, Helene Ingierd, kallar plagiering for eit alvorleg brot på linje med fabrikkering og forfalsking. Blant norske forskarar har 14 av 100 rapportert om kollegaer som har plagiert.

Ei undersøking for nokre år sidan avdekka at rundt 14 prosent av forskarane i Noreg meiner det finst plagiering i tekstar av kollegaene deira. Ein lågare prosentdel rapporterer å ha drive med plagiering sjølv.

– Det er likevel all grunn til å tru at dei 14 prosenta ligg nærmare realiteten. Det samsvarer også med det ein har funne internasjonalt, seier direktør Helene Ingierd i De nasjonale forskningsetiske komiteene.

Dette er ein statleg etat under Kunnskapsdepartementet som jobbar for at forsking skal halde seg innanfor anerkjente etiske normer. Plagiering, å bruke andre sine tekstar utan å vise fram kjelda, er eit klart brot på desse normene.

I helga trekte Sandra Borch seg som forskings- og høgare utdanningsminister på grunn av at ho hadde kopiert tekst frå andre i si eiga masteroppgåve. Like etter kom det fram at også masteroppgåva til helseminister Ingvild Kjerkol hadde tekstutsnitt som er identiske med tekst frå andre masteroppgåver.

Ingierd ønsker ikkje å uttale seg konkret om Kjerkols sak, som i skrivande stund blir behandla ved Nord universitet. Ho seier likevel at plagiering blir rekna som eit grovt og alvorleg brot på linje med fabrikkering og forfalsking. Dette går også fram av Forskingsetikklova, som kom i 2017.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch (Sp) trakk seg på en kortfattet pressekonferanse fredag. Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Plagiering bryt forpliktinga på sanning

– I lova blir plagiering lista opp som eit av dei alvorlege brota. Når du plagierer, både lyg og stel du. Du tek noko frå nokon andre og framstiller det som ditt eige, anten det er tekst eller idear. Plagiering bryt med sanningsforpliktinga til forskinga, seier Ingierd.

– Plagiering er to brot på dei ti bod, med andre ord?

– Det er minst to brot!

Ingierd peikar på at plagiat også er brot på kravet om originalitet, kollegialitet og etterprøvbarheit. Til saman gjer dette plagiering til ei alvorleg misferd i forskingssamanheng. Mindre brot kan til dømes vere å kopiere kjeldetilvisingar utan å sjekke dei sjølve, eller unngå å invitere inn relevante forfattarar i tekstsamarbeidet.

Plagiering bryt med sanningsforpliktinga til forskinga

—  Helene Ingierd

– Mindre brot er det større førekomst av. Prosenten går ned dess grovare brotet er, seier Ingierd.

– Dersom det likevel stemmer at 14 prosent plagierer andre – er ikkje det eit høgt tal?

– Det er absolutt høgt. Ifølgje forskingsetikklova har forskingsinstitusjonane krav til å gi opplæring i forskingsetikk og dei normene som gjeld, til både studentar og tilsette. Institusjonane har eit stort ansvar ikkje berre for å handtere dei ulike sakene, men å bygge ein god kultur, seier Ingierd.

Meiner etikk-opplæring står sentralt

Ein av institusjonane som gir studentane sine opplæring i forskingsetikk og kjeldetilvising, er MF vitskapleg høgskule. Prorektor og etikkprofessor Kjetil Fretheim meiner at utdanningsinstitusjonane har ei ståande utfordring i å skape bevisstheit om plagiering og øve på god tilvisingsskikk.

– Kvifor blir somme freista til å plagiere?

– Det kan jo vere freistande å forenkle arbeidet for seg sjølv. Plagiering blir då ein snarveg til å få produsert ein tekst. Forskingsetisk er det sjølvsagt fullstendig uforsvarleg, seier Fretheim.

– Det er i strid med god vitskapleg skikk å stele frå andre og framstille det som sitt eige. Derfor er det viktig å øve på god tilvisingspraksis.

Det er i strid med god vitskapleg skikk å stele frå andre og framstille det som sitt eige

—  Kjetil Fretheim, professor i etikk

Prorektoren trur sakene som har rulla og gått i media dei seinaste par dagane kan skape større medvit blant fleire om korleis ein arbeider med tekst.

– På MF er dette noko vi underviser i for at studentane skal unngå å hamne i plagiatvurderingar. Det står heilt sentralt i utdanninga, seier Fretheim.

Irene Vanja Dahl, UIT

Lettare å avsløre fusk enn før

Irene Vanja Dahl er professor ved Norsk senter for havrett på Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. For tida er ho også leiar av Granskingsutvalet, eit nasjonalt utval for «gransking av uredelighet i forskning». Dahl har inntrykk av at søkelyset på plagiering i akademia er blitt endå større dei seinare åra. Utvalet ho leier, ser ikkje på masteroppgåver frå studentar på universiteta – desse oppgåvene blir sjekka for «fusk» på dei ulike lærestadene. Prinsippet er likevel det same.

– Som fusk reknast til dømes å gi ut andre sitt arbeid som sitt eige. Plagiat er ei felles akademisk oppfatning som er den same når du skriv masteroppgåve og når du driv med forsking, seier utvalsleiaren.

– Har tilfanget av verktøy baserte på kunstig intelligens gjort det lettare å avsløre plagiering?

– Ja, blant anna er det ei større breidde i kjeldene som blir sjekka enn tidlegare, til dømes masteroppgåver ved andre lærestader. Slik sett er det lettare i dag å avsløre fusk, seier Dahl.

– Ei dødssynd i akademia

Helene Ingierd ved De nasjonale forskningsetiske komiteene meiner at det både er lettare å jukse og lettare å avdekke juks enn tidlegare. Direktøren har jobba med forskingsetikk i litt over femten år, og meiner at det skjedd mykje på desse åra.

– Fabrikkering, forfalsking og plagiering har vore dødssynder i akademia i alle år, så det er ikkje noko nytt at ein har fokus på det. Det nye er det lovpålagte ansvaret og det høgare medvitet som følgjer med dette, i tillegg til dei nye verktøya.

– Kva inneber avsløringane dei seinaste dagane for arbeidet for fuskefri forsking?

– Det er jo triste saker. Dei avdekker at det skjer fusk, men det veit vi jo allereie. Det viktige er å heve medvitet om dei etiske normene – også blant studentane – og sørge for at dei blir følgde.

– Sakene viser absolutt at det er eit behov for å auke kunnskapen om forskingsetikk.

---

Plagiering i akademia

  • Ei undersøking for nokre år sidan viste at 14 prosent av forskarane i Noreg har sett plagiat hos andre
  • Færre oppgir å ha plagiert sjølve
  • 14 prosent ligg likevel nær realiteten, meiner direktør Helene Ingierd i De nasjonale forskningsetiske komiteene
  • Nyleg gjekk forsking- og høgare utdanningsminister Sandra Borch av på grunn av at ho hadde kopiert inn tekst i masteroppgåva si
  • Helseminister Ingvild Kjerkols masteroppgåve skulle måndag bli gjennomgått av Nord universitet, etter fleire funn av tekstparti som var identiske med tekst i andre oppgåver

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur