Kultur

Prestar blei forfattarar, kjenner seg heilt fri

LITTERATUR: Svenske Karin Härjegård jobbar annakvar veke som prest og annakvar veke som forfattar. Norske Ingrid Brækken Melve trudde ho hadde brent alle bruene til presteyrket med debutromanen sin.

I januar kjem den svenske forfattaren Karin Härjegårds første bok på norsk, Å isbade blant fjellene. Romanen handlar om Helena, som blir brutalt sviken av mannen sin, Martin.

– Mannen har vore den einaste tryggheita hennar. Så forsvinn han og verda rivnar, seier forfattaren som har skrive åtte bøker på svensk.

Härjegård jobbar annakvar veke som prest i Svenska Kyrkan og annakvar veke som forfattar. Det er ei ordning ho er godt nøgd med. Men i kor stor grad romanen hennar er påverka av presterolla hennar, er vanskeleg for henne å seie sikkert.

­– Eg har mykje av identiteten min i presterolla, for eg har vore prest i over tjue år. Det er ikkje til å komme ifrå at ting frå prestelivet mitt blir vevd inn i romanteksten, seier ho.

Den svenske forfattaren meiner at ho som prest har hatt fordelen av å møte svært mange menneske. Ho trur ikkje at nokon av desse er redde for å hamne i bøkene hennar, og håper at dei seier ifrå om det dersom dei kjenner på noko slikt.

– Eg kjem aldri til å bruke noko som eit menneske har fortald meg i ei bok, seier den svenske presten og forfattaren.

BOKAKTUELL: Den svenske forfattaren Karin Härjegård er aktuell med si første bok på norsk. Ho jobbar annakvar veke som prest.

Vil formidle håp

– Er det vanskeleg eller lett å kjenne seg fri som forfattar når ein samtidig er prest?

– Eg kjenner meg heilt fri! Å vere prest er ikkje noko anna enn å vere eit menneske. Det handlar om livet, og livet rommar svært mykje, seier ho.

Forfattaren synest det ville vere morosamt og fint å skrive om ein prest i ein av romanane sine. I bøkene ho har gitt ut til no skriv ho mykje om menneskelege relasjonar og menneske som handsamar vanskar på ulike vis.

Å vere prest er ikkje noko anna enn å vere eit menneske

—  Karin Härjegård, prest og forfattar

– Eg synest det er viktig å formidle håp. Det kjennest som det største og vakraste eg får gjere. Eg får ofte takkebrev frå lesarar som seier at eg har formidla håp inn i livet deira, og det synest eg er fantastisk.

– Er ikkje dette også ei oppgåve som prestane har – å gi håp til menneska?

– Jo! Og der blir forfattarlivet og prestelivet vevd i hop på ein god måte. Å gi håp er også mitt viktigaste oppdrag som prest, seier Härjegård.

---

Prest og forfattar

  • Fleire skjønnlitterære forfattarar kombinerer forfattaryrket med ein jobb som prest
  • Svenske Karin Härjegård er aktuell på norsk i januar med romanen Å isbade blant fjellene (Kagge)
  • Norske Elisabeth Thorsen slutta i prestejobben for å satse på skrivinga.
  • Ingrid Brækken Melve slutta som prest, debuterte skjønnlitterært og begynte som prest igjen.

---

Trudde ho brente bruene til presteyrket

Den norske presten og forfattaren Ingrid Brækken Melve debuterte med romanen Avstøtning i 2022, ei bok ho fekk gode kritikkar og blei tildelt Saabye-stipendet for. I dag satsar ho vidare som forfattar samtidig som ho er kapellan i Råde. At ho skulle kombinere rollene som prest og forfattar, var ikkje like opplagt for nokre år sidan.

– For å få til å skrive, har det vore viktig for meg å skilje dei to romma. Eg er den typen prest som dreg snippen ut når eg går frå jobb. Men lenge tenkte eg at eg måtte velje. Eg skreiv salmetekstar, og det var greitt, men eg tenkte at eg ikkje kunne vere prest og skjønnlitterær forfattar, seier Melve.

Ingrid Brækken Melve, prest og forfattar

Ho fortel at ho opplevde ordinasjonsløftet som ei «lenke rundt halse», så ho ikkje stod fritt som forfattar. Ho tok ein pause som prest og skreiv debutromanen sin i den perioden.

– Mens eg skreiv, såg eg for meg at eg brente bruene til presteyrket og at folk kom til å hate meg. Eg hadde ikkje skrive oppbyggeleg, men til nedbryting. Gud kjem ikkje godt ut av romanen. Då ba eg om eit møte med biskopen med tanke på å seie ifrå meg ordinasjonen, seier ho.

Eg ba om eit møte med biskopen med tanke på å seie ifrå meg ordinasjonen

—  Ingrid Brækken Melve, prest og forfattar

Neste roman blir endå mørkare

Slik blei det likevel ikkje. Og etter kvart opplevde Melve meir og meir at Bibelen gir rom for spennet ho sjølv står i. Kristendommen er ikkje berre «positivitetspropaganda».

– Og då boka kom ut, fekk eg dei aller varmaste tilbakemeldingane frå andre prestar. Rommet var nok ikkje så trongt som eg hadde tenkt. Det var frigjerande, og har gjort at eg no jobbar som prest igjen. Eg har samtidig blitt modigare og fått meir tru på at eg sjølv kan vere med på å forme presterolla, seier Melve.

Samtidig skriv ho vidare på ein ny roman. Det er viktig for henne å seie at ho aldri brukar prestemøta sine med menneske i den skjønnlitterære skrivinga. Folk skal vere trygge på at det dei deler med henne som prest, ikkje ender opp i ei bok. Tausheitsplikta er noko av det mest heilage ho har.

Kreativt forløysande å slutte i prestejobben

Elisabeth Thorsen er ein annan norsk forfattar som er godt kjent med presteyrket. Ho debuterte med romanen Komposisjoner av lys i 2021, og slutta for ikkje så lenge sidan som leiande domkyrkjeprest i Oslo domkyrkje for å satse på skrivinga. Presteidentiteten er likevel nærverande hos henne.

– Ein gong prest, alltid prest, seier Thorsen.

Ho held framleis både gudstenester og forrettar gravferder, no som frilansar.

– Eg trur likevel at eg som forfattar er nærmare den rolla eg som barn forstilte meg at ein prest hadde: ein som har tid til å fordjupe seg. I ei moderne presterolle er det mykje tidspress. Det er mange forventingar og skjemautfyllingar, seier Thorsen.

Ho synest i større grad enn Härjegård og Melve at det kan vere eit problem å kjenne seg fri nok som forfattar når ein er fast tilsett som prest.

– Det må ikkje nødvendigvis vere eit problem. Men det var det for meg. For meg blei det kreativt forløysande å slutte i prestejobben, seier ho.

For meg blei det kreativt forløysande å slutte i prestejobben

—  Elisabeth Thorsen, prest og forfattar

Gjennom dei 30 åra Thorsen arbeidde som prest, har ho møtt menneske i alle fasettar av livet. Også ho er nøye med å ikkje utlevere folk. Ho omarbeider stoffet så ingen er gjenkjennelege i tekstane hennar, og ho kan gjerne spørje folk direkte om lov til å skrive om noko dei har fortald henne.

Elisabeth Thorsen

Opptatt av at menneska skal vere skapande

Ho trur at forfattarverksemda også verkar inn på korleis ho jobbar når ho er prest. Blant anna er ho blitt veldig klar over at ho likar å ha eit gjennomarbeid manus når ho skal halde preike.

– Eg har alltid kjent på ei glede over å preike, men no kjenner eg meg friare, seier ho.

– Du kjenner deg altså friare både som prest og som forfattar etter at du slutta i prestejobben?

– Ja, eg gjer det! Og så er eg blitt mykje meir opptatt av Gud som skapar. At vi menneske også skal vere skapande, blant alt det skapte.

Thorsen synest også det er bra om prestar kan bli ein del av fleire miljø enn dei reint kyrkjelege. Kyrkja treng det, meiner ho, for at kyrkjene ikkje skal bli små klubbar som er mest opptatt av kvarandre.

– Evangeliet handlar om å gå ut, møte menneske, gjer seg erfaringar, gjenfortelle. Sitte ved brønnen og sjå om det kjem nokon forbi, seier Elisabeth Thorsen.

– Eg trur at forfattarar som også er prestar bringer noko viktig tilbake til kyrkja.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur