Diktar med trådar frå Draumkvedet
LITTERATUR: Vidar Sundstøls nye roman skriv seg inn mot det store kristne visjonsdiktet frå den norske mellomalderen. – Døden er det einaste som aldri går av moten, seier forfattaren.
VISJONSKUNST: Vidar Sundstøl (t.h.) tek med seg Draumkvedet inn i sin nye roman. Mellomalderdiktet har også inspirert kunstnaren Olaf Willums. Måleriet er ein del av Porsgrunn kommunes kunstsamling.
Olaf Willums/Porsgrunn kommunes kunstsamling og Baard Henriksen
Draumkvedet er eit av dei mest markante diktverka i norsk litteraturhistorie. Diktet frå slutten av mellomalderen er ein visjon av livet etter døden. Som ein nordisk Dante Alighieri frå Den guddommelege komedie reiser Olav Åsteson gjennom både helvete og paradis. Visjonane kjem som dikttittelen røper i draumetilstand, for Åsteson sovnar på julaftan og vaknar ikkje opp att før trettandedag jul – altså 6. januar.
– Det er ikkje tilfeldig at Olav Åsteson søv seg gjennom den aller mørkaste tida på året. Midtvinters i mellomalderen var verda ekstra farleg. Kva som helst kunne skje når dei mørke kreftene var ute etter menneska, seier forfattar Vidar Sundstøl.
Sundstøl, som sjølv er frå Telemark, blei interessert i Draumkvedet då Telemark historielag midt på 1990-talet gav ut eit tidsskriftnummer om det kjente visjonsdiktet.
Bestill abonnement her
KJØP