Kultur

Den vesle vegvisaren til Jon Fosses litteratur

BOKESSAY: Jon Fosse har fått Nobelprisen i litteratur. Her er guiden til deg som enno ikkje har lese han, og til deg som har lese litt.

Forfattarskapen til Jon Fosse er både omfattande og viktig. Visste du det ikkje før, veit du det iallfall no, for det er sjeldan vare at ein norsk forfattar får Nobels litteraturpris. Fosse er eit internasjonalt toppnamn, og var allereie før pristildelinga kjent over store delar av verda for bøker i fleire sjangrar. Burde kanskje vi lesande nordbuarar vere ekspertar på Fosse? I det minste burde vi vel ha ei formeining om bøkene hans?

Kanskje er du likevel blant dei mange menneska her til lands som er både oppegåande og samfunnsengasjert – ja, beint ut litteraturinteressert – men som ikkje sit så støtt i Fosse-båten som du skulle ønskje. Kanskje manglar du oversikten til enkel Fosse-konversasjon i selskapslivet? Ikkje fortvil! Og dersom du kjem til denne artikkelen som ein slags angrande syndar, ein person som burde vite betre, men som enno ikkje har lese ei einaste bok av den norske nobelprisvinnaren, kan eg også trøyste deg. Det finst både tilgiving og hjelp til oppreising. Den smale veg ligg rett framføre deg. Berre les vidare!

Nynorsken lenge leve

La oss først ta fatt i nokre moment ved Jon Fosses bøker som er verdt å rydde unna som potensielle hinder. Det første er nynorsken. Likar du ikkje å lese nynorsk, sa du? Du les i det minste denne teksten. Utan nynorsk, ingen Jon Fosse. Utan nynorsk, ingen nobelprisvinnar i litteratur. Prisen til Fosse er mykje godt ein pris til nynorsken, som prisvinnaren sjølv seier. Og det har han rett i. Nynorsken er både fundament og overbygning i Fosses litteratur.

Faktisk er du ikkje nøydd til å lese Fosse på nynorsk. Du kan lese han på dansk, svensk, engelsk eller eit av dei andre femti språka bøkene hans er omsette til. Ein kan med andre ord seie at Fosse funkar også utan nynorsk, i omsett form. Men forfattaren Jon Fosse funkar ikkje utan nynorsk, vil eg meine. Det vil seie, det gjer han kan hende, men eg vågar iallfall påstanden at han ville ha funka dårlegare. Nynorsk og Fosse er som hand i hanske, hest og kjerre, brukarnamn og passord. Difor skal du, så sant du forstår norsk, lese Fosse på nynorsk. Det klarer du. Vi treng ikkje snakke meir om det.

Utan nynorsk, ingen Jon Fosse.

—  Alf Kjetil Walgermo

Gjentaking, og gjentaking igjen

Det andre potensielle hinderet er gjentakingane til Jon Fosse. Det er mange av dei. Gjentakingane er mange. Faktisk var gjentakingane så mange allereie då Jon Fosse skreiv si første bok, at han blei tvungen av konsulenten til å kutte. Først kutta han gjentakingane ned til ein tredel, men då gjekk visstnok teksten i ball for han. Han tok somme av dei inn att, og teksten blei til debutromanen Raudt, svart (1983).

Gjentaking, eller oppattaking, som det også heiter, heldt faktisk på å sette ein stoppar for Jon Fosses karriere som forfattar – og det endåtil før han debuterte. I 1981 og 1982 sendte Fosse inn to manus til Fonna forlag, ei diktsamling og ein roman. Begge blei refuserte. «Oppattaking kan vere eit effektfullt stilgrep når det blir brukt med måte, men det må vere måte på», heitte det frå konsulenten.

Det må kanskje vere måte på. Men ikkje for Fosse. Forfattar var han og forfattar blei han. Han debuterte på Samlaget året etter og blei verande der. Og frå då han han gav ut si neste bok, romanen Stengd gitar (1985), kutta han ikkje i gjentakingane sine. Tvert om, kunne ein seie. Gjentakingane fekk rom og plass i bøkene hans, dei fekk puste i teksten, skape liv. Slik har det vore heile vegen. Ein Fosse-tekst utan gjentakingar er knappast ein tekst av Fosse. Gjentakingane er reisverket i dei litterære bygningane hans, som bjelkar og spikrar i eit hus.

Kva nyttar det vel for Fosse å bygge eit hus med berre éin bjelke og éin spiker? Nei, gjentakingane – oppattakingane – må med.

Jon Fosse

Tekstar utan punktum

Det tredje potensielle hinderet for Fosse-lesaren er at Fosse ikkje set punktum. Skriv han langt? Både òg, vil eg seie. Han kan gjerne skrive fleire korte bøker som han samlar til éi stor. Men her snakkar eg i bokstavleg forstand, at Fosse i fleire av dei seinare bøkene sine har gått bort frå punktumet til å markere slutten på ei setning. Allereie i romanen Morgon og kveld (2000) var det svært få punktum, og i Trilogien (2007–2014) og Septologien (2019–2021) er dei heilt borte. Iallfall har ikkje eg fått auge på dei.

Punktumet er eit av våre mest brukte store skiljeteikn, så det kan ved første augekast verke uvant å lese Fosses mange setningar utan eit einaste eitt. Blir teksten kompakt? Blir han tung å lese? Sjølv synest eg ikkje det. Ein tekst av Jon Fosse er ikkje meir kompakt å lese enn ein tekst av Kjell Askildsen, som også skreiv konsentrert, men med mange punktum.

I sannings namn skal det seiast at ein må vere innstilt på det når ein skal lese lange prosaparti utan punktum. Men det som då hender, vil eg tru gjeld fleire, er at lesaren gløymer å tenke på det uvante. Sjølv tenker eg iallfall lite på «manglande» punktum hos Fosse. I realiteten manglar dei heller ikkje. Dei er berre ikkje synlege for oss.

Det er omtrent som Gud, kunne ein kanskje seie. Gud er der i mellomromma, i stilla og i pausane. Han er der i rytmen og i flyten. Gud er ein Gud som gjer levande, som er eit einaste stort svev. Slik Fosses tekstar utan punktum opnar opp for undringa, tanken, for det ikkje-lukka og ikkje-dogmatiske.

Gud er ein Gud som gjer levande, som er eit einaste stort svev.

—  Alf Kjetil Walgermo, om manglande punktum hos Fosse

Guds nærvær i bøkene

Eit fjerde «hinder» for somme er nettopp det som for andre utgjer det magnetiske ved Jon Fosses bøker: Interessa hans for Gud. Tankar om Gud gjennomsyrer forfattarskapen hans, faktisk heilt frå debutromanen, sjølv om dei gjer seg endå meir gjeldande etter kvart. Fosse blir gjerne kalla for mystikar og er kjent for refleksjonar rundt «lysande mørker» og liknande paradoks. Ofte vever han det religiøse stoffet saman med noko ope og allmenneksistensielt, som når han i romanen Morgon og kveld lar den døde Johannes vandre rundt på jorda i ein mellomtilstand før den endelege overfarten til den andre sida. I forteljinga Kvitleik, som kom ut i år, møter eg-personen ein lysande skapnad inne i den mørke skogen – før han etter kvart blir omslutta av dette skinande, skimrande.

Fosse, som konverterte til katolisismen for nokre år sidan, ser på skrivinga som bøn og er representert i Norsk salmebok med salmen «Nattsalme». Her har han eit vakkert bilete av korleis Gud pregar oss alle, at det finst frå Gud i alt som er, og at det såleis er vi som «lyser fram hans himmel». Biletet kallar både til tru, sjølvrespekt og ansvar for skaparverket og medmenneska våre – ein teologisk kraftpakke som er like dugande i kyrkja som i det levde livet utanfor.

Om du er særleg på jakt etter det kristelege stoffet hos Fosse, kjem du ikkje utanom Trilogien og Septologien, dei store prosaverka hans frå den seinaste delen av forfattarskapet. Trilogien gir assosiasjonar til evangelietekst, visjonsdikting og kristen mystikk. Dei religiøse refleksjonane kjem berre endå meir til sin rett i Septologien, der krossen er eit berande bilete. Bibelsitat, kyrkjebøner og samtalar om Guds eksistens er berre litt av det dette storverket har å by på av eksistensielt kjernestoff. Om det kristelege innhaldet er det viktigaste for deg, bør du vurdere å starte rett på dette meisterverket.

Dersom du har ei ekstra interesse for å lese om gudsdimensjonen hos Fosse, kan du også plukke opp bøkene Mysteriet i trua (2015) av Eskil Skjeldal, forma som ein samtale med Fosse, og U Alminnelig. Jon Fosse og mystikken (2009) av Kjell Arnold Nyhus. Dei gir gode inngangar til forfattaren og litteraturen hans. Det same gjer Tom Egil Hvervens Å lese etter troen (2022).

Anbefalte bøker av Jon Fosse.

Kvar skal ein begynne?

Men Fosse sjølv, kva bør du altså ha lese av han? Kva slags bok bør du gå i gang med for å kunne kalle deg ein ekte Fosse-lesar? Eg kan gi deg fire enkle svar.

Det første enkle svaret er å lese Septologien, som kan seiast å vere Fosses største romanverk. Ei rekke trådar frå tidlegare i forfattarskapet blir her tvinna på nytt og bundne saman. Hovudpersonen Asles veg gjennom livet, og inn i etterlivet, er sterkt anbefalt lesing.

Du må rett nok rekne med å bruke tid på dei tre omfattande banda. Ver obs på at du må lese over 1200 sider, som nemnt utan punktum, men lesinga er både ei høgtid og ein fest! Om du ikkje har lese Fosse før, ville eg likevel begynt med noko kortare, for så å ta dette verket etter kvart.

Det andre enkle svaret er derfor å begynne med romanen Morgon og kveld. Ikkje berre har du då lese ei av bøkene som kronprinsesse Mette-Marit også set stor pris på, men du har lese ei nokså kortfatta bok av utprega eksistensielt format og ein merkestein i Fosses forfattarskap. Romanen tek ikkje lang tid å lese – han er på rundt 130 sider – men tematikkane han handsamar er nok for eit heilt liv. Det handlar om fødsel og død, om inngangen og utgangen i det menneskeleg tilværet.

Det tredje enkle svaret er å starte med Trilogien, som også høyrer til blant Fosses meisterverk. I utgangspunktet er Trilogien tre korte bøker – Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd ­­– som til saman utgjer 239 sider. Det er mykje litteratur per side. Og les gjerne den første delen no i forkant av jul: Forteljinga om Asle og Alida som kjem til Bjørgvin og prøver å finne husrom før Alida skal føde, gir fine assosiasjonar til juleevangeliet.

Eit fjerde enkelt svar er rett og slett å lese den nyaste boka til Fosse, forteljinga Kvitleik (2023), som er på litt over 60 sider. Du får då den ferskaste tilnærminga til nobelprisvinnaren, og du får lese ein kort og eksistensiell tekst med bruk av punktum. Blandinga av komikk og alvor pregar delar av boka, der hovudpersonen køyrer seg fast med bil langt inne i skogen og gjer fatale val i forsøket på å løyse situasjonen.

---

Leserute for Jon Fosse-begynnarar

1. Morgon og kveld

2. Kvitleik

3. Andvake (Trilogien)

Første stopp: Du har no lese rundt 250 sider. Går du vidare? Ja?

4. Olavs draumar (Trilogien)

5. Kveldsvævd (Trilogien)

6. Det andre namnet (Septologien I–II)

7. Eg er ein annan (Septologien III–V)

8. Eit nytt namn (Septologien VI–VII)

Andre stopp: Gratulerer! Du har no svært god peiling på Jon Fosses romanar. Går du vidare? Ja?

9. Nokon kjem til å komme (Teaterstykke 1)

10. Dikt i samling

11. Resten av bøkene hans

Tredje stopp: And yet is more to come! Fosse skriv stadig nye bøker, så berre følg med!

---

Det andre enkle svaret er å begynne med romanen «Morgon og kveld».

—  Alf Kjetil Walgermo

Det meir omfattande svaret

Dersom du ikkje har slått deg til ro med desse lesetipsa, kan det tyde på at du framleis vegrar deg for å lese Jon Fosse eller, eventuelt, at du er ein komplettist. Om du framleis vegrar deg, skal eg gi deg eit siste enkelt råd: Bla opp i salmeboka og les salmen «Nattsalme»! Det tek under eitt minutt. Deretter kan du la salmen søkke inn i deg ei vekes tid før du plukkar opp ei av bøkene i den nye pocketserien som Samlaget har gitt ut med utvalde verk frå Fosses forfattarskap. Du kjenner att serien på dei gledesfulle fargane på omslaga.

Om du er komplettist, må eg berre ønskje deg lykke til på ferda. Då blir svaret meir omfattande, nemleg å lese alt av Fosse. I tillegg til alle dei nemnte bøkene ovanfor, må du då lese romanar som Naustet (1989), Flaskesamlaren (1991), Bly og vatn (1992), Melancholia I og II (1995–1996) og Det er Ales (2004).

Og det er berre romanane. I tillegg finst det fleire tjukke bøker med Fosses skodespel, som han er kanskje aller mest kjent for internasjonalt. Av dei fire bøkene med teaterstykke som eg sjølv har ståande i hylla, vil eg nok særleg trekke fram Teaterstykke 1. Her finn du dramatiske tekstar som Nokon kjem til å komme – som er det første teaterstykket han skreiv – Namnet, Barnet, Sonen og Natta syng sine songar.

Tipset til komplettisten blir derfor å starte med dei dramatiske tekstane, for deretter å gå over til poesien, følgje opp med essayistikken og dei kortare prosastykka, lese barnebøkene nøye og ta romanane til slutt.

Birgitte Larsen spelar den kvinnelege hovudperson i Jon Fosses teaterstykke «Nokon kjem til å kome». Oppsetninga på Det Norske Teatret i 2019 er ei av mange oppsetningar av det første stykket Jon Fosse skreiv.

---

Gratulerer! Du er klar for Jon Fosse-quiz!

No er du klar for å teste deg i kunnskapar om Jon Fosse og litteraturen hans. Ta Vårt Lands Jon Fosse-quiz her! Minst ti av dei tjue spørsmåla skal vere mogleg å svare på med tipsa frå denne artikkelen.

---


Jon Fosse i Grotten

Å lese Fosse

Når du les tekstar av Jon Fosse, anten du er nybegynnar eller vidarekomen, vil eg råde deg til å lese så sakte at du fangar opp rytmen i setningane. Dersom du skummar over sidene på jakt etter intrige og plott, kan du lett bli ein rastlaus og skuffa lesar – sjølv om handling slett ikkje manglar hos Fosse. Du må ha tid til å ta inn over deg sjølve litteraturen, det litterære språket, som du kanskje enklast kan komme inn i ved å lese nokre av setningane høgt. Det er iallfall verdt å prøve om du treng ekstra starthjelp.

Konsentrert må du uansett vere. Fosse er ingen bakgrunnslyd, som fossefallet. Men om du maktar dette, å velje deg ut ei bok og sette deg ned med denne, å prioritere ein time eller tre i selskap med Fosses personar og eksistensielle tema, då kan det hende noko fint:

Då kan tid og rom løyse seg opp i eit evigheitssekund. Du kan komme eksistensen nær gjennom ordet og språket. Då kan du, også du, komme inn i det store svevet.

---

Jon Fosse

  • Norsk forfattar, fødd 1959. Fullt namn er Jon Olav Fosse.
  • Vaks opp i Strandebarm i Hardanger. Bur i statens æresbustad Grotten i Oslo, i Hainburg i Austerrike og på Frekhaug utanfor Bergen.
  • Debuterte med Raudt, svart i 1983 og har sidan gitt ut ei mengd med bøker i ulike sjangrar. Den seinaste boka hans er forteljinga Kvitleik (2023).
  • Konverterte til Den katolske kyrkja i 2013. Han har både før og sidan skrive mykje om Gud i bøkene sine.
  • Fosse blir den 10. desember tildelt Nobelpris i litteratur, ofte omtalt som verdas viktigaste litteraturpris.
  • For ordens skuld: Vårt Lands journalist Alf Kjetil Walgermo er forfattar på det same forlaget som Jon Fosse.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur