Gir ut bok på berre 88 ord
LITTERATUR: Mange av dei beste bøkene er korte i omfang, men opnar for lang tids lesing og tenking. Jørn H. Sværen vil heller vere stille enn å fylle på med graut.
KORT ER GODT: Forfattaren og forleggaren Jørn H. Sværen skriv korte bøker. I haust er han aktuell med «Tolv bøker», på berre 88 ord.
Alf Kjetil Walgermo
I mengda av bøker som kjem ut kvar haust, finst det både korte og lange. Det finst gode og dårlege korte bøker på same vis som det finst gode og dårlege lange bøker. Likevel er det interessant å sjå litt nærmare på den aller kortaste litteraturen.
Tidlegare i år gjekk debatten om tynne bøker har for lite innhald, eller kostar for mykje vurdert mot innhaldet dei tilbyr. På den andre sida får ofte tynne bøker positive verdivurderingar. Blant vinnarane av Tarjei Vesaas’ debutantpris dei seinaste tjue åra, til dømes, kan det store fleirtalet av bøkene reknast som tynne, med eit sidetal på litt over 150 i gjennomsnitt.
Kvar og ei av desse prisvinnarane er likevel som mastodontar å rekne samanlikna med bøkene til Jørn H. Sværen. Til dømes er boka Håndtak (2015) på berre éi setning: «et håndtak i form av en springende hjort». Det same er dei nyare Elisabeth og Eden. Dei to sistnemnde er tekne med i boka Tolv bøker, nyleg gitt ut på Kolon forlag. Denne er på 96 sider, men har berre 88 ord i alt.
Bestill abonnement her
KJØP