Kultur

– Både fornuft og fantasi er viktig for trua

LITTERATUR: – Arven etter C.S. Lewis er rik og kompleks, seier den kjente britiske teologen Alister McGrath. Han kjem til Noreg på Veritaskonferansen i oktober.

Den britiske biologen og teologen Alister McGrath er blant dei største kapasitetane i den evangelikale delen av kristenheita. Med bøker som Christian Theology og Science & Religion er han på pensum for teologistudentar over heile verda. Og han er ekspert på forfattarskapen til C.S. Lewis, kanskje fordi hans eiga livshistorie kan minne om Lewis’: Begge jobba på universitetet i Oxford. Begge var ateistar, men let seg overtyde om sanninga i kristendommen.

I oktober kjem McGrath til Noreg for å delta på Veritaskonferansen på Bibelskolen i Grimstad. Konferansen samlar eit breitt spekter av folk som er interesserte i kristen tru og tanke, ikkje minst ungdom og studentar frå 18 år og oppover i tjueåra.

Hovudtemaet i år er «Fornuft og fantasi – arven etter C.S. Lewis».

– Kva er den viktigaste arven etter C.S. Lewis, 125 år etter fødselen hans og 60 år etter at han døydde?

– Arven etter Lewis er rik og kompleks. Han inkluderer gjenoppdaginga av rasjonaliteten i den kristne trua, og trua si evne til å forstå den menneskelege erfaringa. Lewis legg vekt på at kristendommen fortel ei historie som gir meining alle våre andre historier, eit tema han mellom anna utforskar i Legenden om Narnia. Lewis hadde også ei bemerkelsesverdig evne til å omsette vokabularet i den kristne trua til det «kulturelle folkespråket», seier McGrath.

Så god var den evna, at Lewis har fått lesarar over heile verda, særleg i USA, men i aukande grad også i Latin-Amerika og Asia. Også i Noreg og Europa blir han lesen av mange. Ikkje berre Narnia-bøkene, som har eit breitt publikum, men også dei apologetiske – truforsvarande – bøkene hans.

Det er tydeleg at mange kristne ser Lewis som ein påliteleg åndeleg mentor og teologisk vegleiar, seier McGrath.

Lewis hadde ei bemerkelsesverdig evne til å omsette vokabularet i den kristne trua til det ‘kulturelle folkespråket’

—  Alister McGrath

– Profetisk romtrilogi

Vårt Land skreiv nyleg om det kristne forlagshuset Lunde, som satsar friskt på Lewis’ forfattarskap i Noreg. Dei har sikra seg rettane til dei fleste av bøkene hans utanom Narnia-serien, som blir gitt ut av Gyldendal.

Blant titlane dei no skal gi ut, finn vi også science fiction-trilogien Malacandra, Perelandra og Thulcandra. McGrath trur ikkje at romtrilogien nokon gong kjem til å bli like kjent som Legenden om Narnia, men meiner at han blir stadig meir anerkjent for kritikken av den «ukritiske optimismen» i naturvitskapen – at naturvitskap kan svare på dei djupaste spørsmåla i live og løyse dei framtidige problema våre.

Dei aukande bekymringane for farane ved kunstig intelligens resonnerer sterkt med Lewis’ bekymringar om at teknologi lekamleggjer menneskeleg feilbarlegheit og svakheit. Dei tre banda i romtrilogien, og særleg det siste, er profetiske i sine bekymringar om vitskapen, meiner McGrath.

Han har også stor sans for bruken av dans som bilete på den ordna venleiken i kosmos, fundert ut frå Guds sinn, slik Lewis gjer det i Perelandra.

Gler seg til noregsbesøk

– Eg gler meg med stor entusiasme til å komme til Noreg, som eg ikkje har besøkt på mange år. På Veritaskonferansen skal eg forklare korleis Lewis kan bringe ei ny djupne og ein ny kvalitet til den kristne trua vår. Eg kjem til å snakke om korleis han kan hjelpe oss å forstå trua vår betre, og korleis vi kan forklare trua til venene våre utanfor kyrkja, seier McGrath.

Han kjem særleg til å ta utgangspunkt i bøkene Se det i øynene (Mere Christianity) og Tatt av gleden (Surprised by Joy), som han meiner er det beste utgangspunkt for å bli betre kjent med C.S. Lewis – saman med Narnia-boka Løven, heksa og klesskapet.

– Eg kjem også til å snakke om korleis eg sjølv oppdaga Lewis. Han var uvurderleg i å utvikle trua mi, og hjelpte meg også med å oppdage kvifor teologi er så viktig, seier McGrath.

C.S. Lewis kan bringe ei ny djupne og ein ny kvalitet til den kristne trua vår

—  Alister McGrath

– Snakkar godt til dei ikkje-truande

Bjørn Hinderaker, teolog og høgskulelektor på NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, er glad for å få besøk av ein så kunnskapsrik og profilert teolog til å kaste lys over arven etter C.S. Lewis. Hinderaker, som underviser i kommunikasjon, livssyn og kristen apologetikk og er programansvarleg for Veritaskonferansen, reknar Lewis som ei av dei viktigaste kristne stemmene frå det førre hundreåret.

– Lewis snakkar spesielt godt til dei som står utanfor trua. Han har hjelpt mange til tru fordi han sjølv kjente det sekulære perspektivet frå innsida. Lewis hadde evna til kritisk tenking og analyse samtidig som han hadde evna til fantasi. Dette er også viktig innanfor apologetikken – å ta eit perspektiv, men samtidig å kunne sjå for seg ting, seier Hinderaker, med eit nikk til Lewis’ bruk av omgrepet «imagination».

– Både fornuft og fantasi er viktig for trua.

Lewis snakkar spesielt godt til dei som står utanfor trua

—  Bjørn Hinderaker, teolog og høgskulelektor

Den norske teologen synest det er viktig å hugse at trusforsvar ikkje er eit reint rasjonalistisk prosjekt, og dette kan arven etter C.S. Lewis skape større forståing for. Han trur McGrath høver svært godt til å formidle dette til deltakarane som samlar seg på Bibelskolen i Grimstad den 20.–22. oktober.

– Alister McGrath er ein unik kapasitet som er fleksibel med tanke på å kombinere både populærformidling og fagleg formidling. Han blir med på forskingssymposiet vårt, men vi legg også opp til at folk skal kunne komme på konferansen utan mange forkunnskapar om kristen tru og apologetikk, fortel Hinderaker, som legg til:

– Og det er ikkje berre for ungdom! Vaksne må gjerne komme, òg!

---

Veritaskonferansen

  • Kristen konferanse i regi av Bibelskolen i Grimstad, Laget (NKSS) og NLA Mediehøgskolen Gimlekollen. Damaris Norge og Ungdom i Oppdrag er medarrangørar.
  • Blir arrangert på Bibelskolen i Grimstad 20.–22. oktober.
  • Konferansen blei starta i 2013 og har dermed tiårsjubileum i år.
  • Veritaskonferansen inviterer til å utforske sanninga om Jesus Kristus, og til å la seg utfordre av denne. Han er «for alle som leiter etter ærlege svar på ærlege spørsmål».
  • Hovudtema på konferansen i år er «Fornuft og fantasi–arven etter C.S. Lewis».
  • Den internasjonalt anerkjente teologen og C.S. Lewis-kjennaren Alister McGrath deltek.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur