Kultur

Meiner «bruk og kast»-mentalitet pregar lovsong: Trur få har mål om å hamne i salmeboka

MUSIKK: Lovsongs–Noreg var samla til konferanse i helga. Lovsongsartist David André Østby ser ei utvikling der fleire lagar musikk til eigen samanheng.

– Eg trur veldig få av dagens låtskrivarar tenkjer at «den låten eg skriv no, den skal i salmeboka og vare i 300 år».

Det seier David André Østby, lovsongsartist og kreativ pastor i Filadelfiakirken Oslo.

I helga var rundt 800 personar som brenn for lovsong samla til konferansen Lovsang23 i Lillestrøm. Det er sjette gongen lovsangsnettverket Lovsang.no har invitert til tverrkyrkjeleg storsamling.

– Personleg så har eg ein passion for å samle låtskrivarar og skape eit nettverk slik at ein veit om kvarandre, finn saman og utviklar gåvene sine, seier Østby, som sit i styret til Lovsang.no.

Bruk og kast

Pastoren meiner å sjå ei utvikling der fleire har fokus på å skrive lovsong for sin eigen samanheng.

– Ein ser mykje bruk og kast-mentalitet i dag, også når det gjeld musikk, seier Østby, som meiner streaming har gjort at ein i større grad «forbrukar» musikk.

Det trur han gjer til at fleire tenkjer at de ikkje treng å vera «dei aller beste låtskrivarane i verda».

– Ein tenkjer ikkje nødvendigvis at dette skal kunne brukast av alle, men det viktigaste er dette betyr noko for oss, i vår samanheng. Då treng det ikkje vera salmeboknivå på det ein skriv.

Temaet for årets lovsongskonferanse er «Mesterverk».

– Mistar ein ikkje noko, viss ingen har ambisjonar om å skrive meisterverk som hamnar i salmeboka?

– Absolutt, svarar musikaren.

Vaknar midt på natta

Han har sjølv gitt ut om lag 150 lovsongar, og fortel at han alltid har som mål å skrive songar som kan tole tida.

Sjølv kan han vakne midt på natta av ansvaret han kjenner på med å gje ut lovsong som potensielt kan forme trua og gudsbilete til folk.

– Me låtskrivarar har eit enormt ansvar.

Likevel meiner han lovsong for ei avgrensa tid og stad også har sin funksjon.

– Det har ein verdi om det er noko ein treng lokalt, meiner Østby.

Dessutan kan det at fleire små lovsongsmiljø dukkar opp, gjera at fleire får sleppe til og utvikle talent og gåver, påpeikar han.

Møtes kvar veke for å laga songar

På konferansen er det i lunsjen sett av tid til at fleire kan presentere nye songar dei har jobba med, og fortelje litt om miljøet der songane har blitt til.

800 personar var samla til konferansen Lovsang23 i Lillestrøm. Det er sjette gongen lovsangsnettverket Lovsang.no har invitert til tverrkyrkjeleg storsamling.

Svigerinnene Liv Karoline Bøhlerengen (25) og Mari Bøhlerengen (28) presenterer songen «Gud er alt jeg trenger» saman med Emilie Ellingsen (23).

Dei tre kjem frå eit miljø knytt til Get Focused, som er eit tverrkyrkjeleg arbeid som i hovudsak er knytt til Vestfold.

Frå scenen fortel Mari Bøhlerengen at det her har vakse fram eit blomstrande låtskrivingsmiljø dei siste åra. Songen dei skal syngje er skrive av fire-fem personar i alderen 16-25 år, gjennom vekevise samlingar.

– Det er to mål med denne prosessen. Det eine er å skrive enkle og kraftfulle lovsongar som kan brukast kvar som helst og når som helst. Det andre er å trene og inspirere unge lovsongsleiarar og låtskrivarar, fortel Mari Bøhlerengen.

Enklare enn før

Etter framføringa og stor applaus frå salen tek Vårt Land ein prat med Get Focused-gjengen.

Dei trur det ligg ulik motivasjon bak å laga lovsong, og at denne ikkje nødvendigvis er å nå lengst mogleg ut.

– Nokon skriv fordi dei har noko på hjartet og uttrykksforma deira er song. For andre handlar det om at ein vil signe kyrkja si, eller landet sitt. Ein kjenner kanskje at ein har fått noko som treng å bli sunge, seier Mari Bøhlerengen.

Likevel seier ho at dei ser kor stort det er for ungdommane som er med å sjå at songane dei lagar blir bruka rundt om i landet.

Dei fortel at appar og program som TikTok og Spotify har gjort det enklare å laga og dela musikk enn før.

Døgnfluger

– Men viss terskelen er lågare for å laga lovsong, er de ikkje då ei fare for at mykje av det ein brukar tid og resursar på å laga ender som døgnfluger?

– Jau, det vil skje. For nokon songar skal berre leva i ein periode, meiner Mari Bøhlerengen.

800 personar var samla til konferansen Lovsang23 i Lillestrøm. Det er sjette gongen lovsangsnettverket Lovsang.no har invitert til tverrkyrkjeleg storsamling.

Det er dei tre einige om at det ikkje treng vera negativt.

– Eg trur ikkje alle songar treff alle. Sjølv om ein song du har laga ikkje blir bruka så mykje, så trur eg den songen har betydd noko. Den har mest sannsynleg treft nokon, seier Liv Karoline Bøhlerengen.

– Ja, nokon songar passar i éin sesong i livet. Dessutan ser ein at eldre songar kan dukke opp att seinare, seier Emilie Ellingsen, som påpeikar at det er enkelt å hente fram att eldre musikk når alt ligg tilgjengeleg digitalt.

Dei meiner det alltid vil vera nokon songar som held seg populære over langt tid, og nemner at «Navnet Jesus» nyleg fylte hundre år.

Navnet Jesus og Jolene

David Andre Østby brukar også denne songen som eit døme.

– Den blei sagt å vera skriven etter eit vekkingsmøte og på toget til Lørenskog. Noko av kritikken mot moderne lovsongar er at ein seier på spøk at det tek lengre tid å syngje dei enn å skrive dei, seier musikaren med eit smil.

Han påpeikar at samtida ofte ikkje er dei beste til å avgjera kva som blir sett på som meisterverk seinare, og at det ikkje nødvendigvis er samanheng med kor lang tid ein har bruka på å laga noko og kor stort inntrykk det gjer på ettertida.

– Dei seier Dolly Parton laga både «I Will Always Love You» og «Jolene» på same kveld.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur