Annonse
Annonse
Annonse
Tysdag vart det kjent at Jirde Ali har meldt komikaren Atle Antonsen til politiet for grov rasisme og bruk av fysisk makt mot henne. Hendinga skjedde på ein utestad i Oslo for tre veker sidan.
– Eg kan stadfeste at arrangementet er avlyst. Sumaya kjem ikkje til Bergen på grunn av den pågåande situasjonen, seier teatersjef Stefan Larsson ved Den nasjonale scene til Bergens Tidende.
Jirde Ali har skrive stykket «Havet tar det det ikke gir». Det hadde snikpremiere i Bergen tidlegare i haust under Bergen Dramatikkfestival.
Saka er etterforska av Oslo-politiet som hatefulle ytringar og omsynslaus åtferd og er oversendt Statsadvokaten for påtalevedtak.