Kultur

Ketil Jensen blir forlagssjef i Lunde

TILSETT: Ketil Jensen går frå jobben som rektor ved Bibelskolen i Grimstad til å bli sjef for Lunde forlag.

– Eg kjenner på spenning og forventing til å skulle gå inn i ein ny bransje.

Det seier Ketil Jensen om å skulle overta sjefsstolen i det kristne forlaget Lunde. Han har over 20 års erfaring frå ulike skular, og kjem no frå stillinga som rektor ved Bibelskolen i Grimstad.

– Eg er 53 år og tenkjer at det ikkje er for seint å lære seg noko nytt. Eg er veldig glad i bøker og kristen litteratur, og ser fram til å bidra til at forlaget kan spreie evangeliet og den kristne bodskapen, seier Jensen.

Han tek over som forlagssjef etter Tom Teien.

– Me ynskjer Ketil Jensen velkommen og ser fram til å arbeide saman med han i Lunde forlag, skriv styreleiar Eli Gjøra i ei pressemelding.

Tilbake til Fjellhaug

Jensen er utdanna cand.theol., har ein mastergrad i organisasjon og leiing og har tidlegare vore rektor på mellom anna Fjellhaug bibelskole og Fjellhaug Internasjonale Høgskole. Dei to sistnemnde er begge eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet).

No får Jensen nok ein gong kontor på Fjellhaug i Oslo.

Det vekte merksemd då Jensen omtrent tre år etter at han gjekk av som rektor på Fjellhaug skreiv eit innlegg i avisa Dagen, i forbindelse med ein diskusjon i Misjonssambandet om tenestedeling, altså om visse leiarroller skal vera utelukkande for menn. Jensen gjer det klart at medan han før hadde støtta prinsippet og praktiseringa av tenestedeling, no hadde endra meining.

Normisjon og Indremisjonsforbundet eig 15 prosent av Lunde Forlag AS kvar, og Misjonssambandet eig dei resterande 70 prosentane.

Ingen protest

– Du har tidlegare ytra at du er ueinig med Misjonssambandet i visse spørsmål. Korleis blir det å no jobbe i eit forlag som i hovudsak er eigd av dei?

– Det ser eg positivt på. Eg har markert eit syn og det er fullt mogleg å ha det synet og kombinere det med denne jobben. Også eg har eit ope og godt forhold til leiinga i Misjonssambandet.

Han presiserer at han ikkje slutta i organisasjonen i protest, men fordi han ynskte å utforske andre utfordringar.

Og no ser han fram til å sleppe å pendle, slik han har gjort dei siste sju åra. Kona jobbar nemleg som kjøkensjef på Fjellhaug.

– Kona har flytta etter kvar eg har fått jobb fire-fem gonger no. Ho trivest i jobben sin og i Oslo, så denne gongen er det min tur.

---

Lunde Forlag AS

  • Gjev i hovudsak ut kristen litteratur i ulike sjangrar.
  • Består av forlaga Lunde, Luther, Veritas, Sambåndet og Norsk Bibel.
  • Misjonssambandet eig 70 prosent av forlaget, Normisjon og Indremisjonsforbundet eig 15 prosent kvar.
  • Blei etablert i Bergen i 1905 av A. O. Lunde.

Kjelde: lundeforlag.no

---

Krevjande tid

– Kva ynskjer du å få til som forlagssjef?

– Det er krevjande å drive forlag, og me må sikre ei god drift. Det er ein bransje i endring og me må heile tida vurdere kva som er dei rette formidlings- og salsarenaene. Me finne ut kva folk spør etter og kva som er god kristenlitteratur i dag. Det blir veldig spanande å jobbe med, trur Jansen.

Han byrjar i den nye jobben 1. august.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur