Kultur

Omstridd «Imam of Peace» på norgesbesøk

Den omstridde «Imam of Peace» var på ytringsfridomarrangement: – Ein sjarlatan og yndling av høgreekstreme, seier to muslimske samfunnsdebattantar.

Bilde 1 av 4

Torsdag sist veke ordna den uavhengige organisasjonen Likestilling, integrering og mangfold (LIM) til eit arrangement ved namnet «Freedom of speech vs. Freedom of religion». Dette i regi med Norsk institusjon for menneskerettigheter (NIM), Født Fri og Oslo Freedom Forum.

I panelet var blant anna ein journalist frå det franske satiremagasinet Charlie Hebdo, Zineb el Rhazouid og karikaturteiknaren Fleming Rose – kjent frå karikaturstriden i Jyllandsposten. Den norske juristen Anine Kierulf var også der i lag med internettfiguren «Imam of Peace». Arrangementet tok for seg ytringsfridom i møte med religionsfridomen, spesielt sett i lys av Islam.

I etterkant av arrangementet har det vore fleire som har reagert på at den sjølvutnemnde imamen, Mohamad Tawhidi, kom på arrangementet.

– Ein sjarlatan

– Denne såkalla «Imam of Peace» er internasjonalt avslørt som ein sjarlatan og blir forkasta av sjia- og sunnimuslimar verda rundt. Han er ein yndling blant ytre høgre og islamhatande krefter, han tyr til grove feiltakingar, generaliseringar og stempling av muslimar.

Det seier samfunnsdebattant og spaltist i Vårt Land, Mohammed Usman Rana. Han synest det er synd å sjå at Tawhidi blir representant for Islam i eit arrangement for ytringsfridom. Han er lei seg for kva dette gjer med heile islamdebatten.

– Eg er spesielt overraska og skuffa over at Anine Kierulf har valt å hylle denne mannen, seier Rana.

Today inside the Norwegian Parliament, after meeting with great MPs. We are winning. Believe me.

Publisert av Imam Tawhidi  Torsdag 14. november 2019

«Imam of Peace»

Mohamad Tawhidi, meir kjent som «Imam of Peace», er ein australsk statsborgar med bakgrunn frå Irak og Iran. Han framstår på ulike sosiale medium som ein person som ønsker å reformere Islam i tråd med vestlege idear. Han har ein stor følgarskare med over ein halv million følgarar på Twitter. Fleire har sådd tvil om imamutdanninga hans og vore tvilsame til at han stiller opp som ei påliteleg kjelde og representant for Islam i allmenta.

Tawhidi har vore omstridd for fleire uttalingar om Islam og muslimar. Blant anna skal han ha advart mot muslimsk innvandring og sagt at dette utgjer ein eksistensiell trussel for det vestlege samfunnet. Han skal ha støtta Trumps «muslim-ban» og meint at Trump burde ha utvida utestenginga til å gjelde fleire land.

Han skal òg ha gitt støtte til politikarar frå ytre høgre som Marine Le Pen og australske Pauline Hanson. Sistnemnde skal ha kalt Islam «ein sjukdom som australarar må vaksinere seg mot». Det har ført til at ytre høgre-aktivistar, som English Defence League-leiar Tommy Robinson, har hylla den sjølvutnemnde imamen.

Ønsker å avgrense rettane til muslimar

Også samfunnsdebattant og spaltist i Dagsavisen, Mohamed Abdi, reagerer på invitasjonen av «Imam Tawhidi». Han meiner dei her har gjort eit feilskjær.

– Dei poserer med ein høyreradikal og sekterisk sjølvutnemnd Imam som er populær blant islamofobe og høyreekstreme nettverk, seier Abdi.

Han meiner at tyder på at NIM og dei organisasjonene som har invitert den sjølvutnemnde Imamen ikkje veit nok om kven og kva slags politikk han eigentleg støttar.

– Eg vil seie at dei har dumma seg ut. Er dei interesserte i å hente inn ein reformvennleg muslim burde dei ikkje henta inn ein sjarlatan som stadfester verdsbildet til ytre høgre og som blant anna ønsker å stenge muslimar ute frå vestlege land.

– Viss dei verkeleg var opptatt av menneskerettar ville dei ikkje forsvart ein mann som ønsker å avgrense dei same menneskerettane til muslimar, seier Abdi.

Kierulf støtter fredsbudskapet

Jurist Anine Kierulf blei invitert til arrangementet som representant for Norsk institusjon for menneskerettigheter (NIM). Ho seier til Vårt Land at det at ho stiller i same panel som nokon, ikkje inneber å stille seg bak det dei står for.

– Det eg har støtta, er det fredsbudskapet og kritikken av religiøs praksis som bryt med grunnleggande menneskerettar, som han framførte under debatten, seier Kierulf.

Ho stilte til debatt fordi ho meiner tematikken er fagleg viktig, ikkje ut i frå kva perspektiv meddebattantane hadde.

– At Abdi og Rana vurderer dette annleis og har sterke meiningar om ein av deltakarane, får vere opp til dei, seier ho.

– Abdi meiner at viss du verkeleg er oppteken av menneskerettar så ville du ikkje ha forsvart ein mann som ønsker å avgrense dei same rettane for muslimar. Kva tenker du om det?

Viss eg skulle la dei faglege vala mine bli styrt av alle dei ulike tinga folk hevder dei vala kan bli tatt til inntekt for, ville det ikkje vore mykje eg kunne sagt noko om, så det gjer eg ikkje.

Kritikarane beviser berre formålet, seier initiativtakar

Dana Æ. Manouchehri var ein av initiativstakarane bak arrangementet. Ho er generalsekretær for den uavhengige organisasjonen Likestilling, integrering og mangfold (LIM).

Ho fortel til Vårt Land at ho forventa at denne kritikken skulle kome og at dette berre stadfestar formålet med arrangementet.

– Denne mannen fortel det kritikarane ikkje ønsker å høyre. Anten er du islamofob eller ytre høgre for denne gjengen. Mitt mål er å krenke dei til dei er ferdig krenka, seier Manouchehri.

Ho meiner det er rart at kritikarane brukar så mykje tid på å sverte og diskreditere andre, i staden for å diskutere farene knytt til religionskritikk.

– Dette beviser berre kvifor det er så viktig at me held fram med å utfordre og ha slike arrangement som dette, seier Manouchehri.

• LES OGSÅ: Muslimske ledere anmelder SIAN

• LES OGSÅ: LIM vil sette stopper for Islam Net

• LES OGSÅ: Dette ber IRN og MDN Norge gjøre mot muslimhat

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur