Kultur

Fjernar scene frå Toy Story etter metoo

Kampanjen metoo ramma direktøren bak teiknefilmen Toy Story 2 og no også ført til slettinga av ei scene i filmen

Etter rulletekstane i dei berømte Toy Story-filmane dukkar det opp såkalte tabbescenar. I dei skal det sjå ut som om teiknefilmen er ein spelefilm kor skuespelarane gjer tabbar og utfører rampestrekar med kvarandre på filmsettet.

I den nå fjerna scena dukkar ein karakter frå Toy Story 2 med namnet Stinky Pete opp. I scena blir den gamle, skjeggete mannen tatt på fersken idet han på slibrig vis snakkar med to barbiedukker og forsikrar om at han kan gi dei rollar i den neste Toy Story-filmen.

Det var brukarar på ulike internettforum som i førre månad oppdaga at filmen var fjerna i dei nye utgjevingane – både på DVD og på nedlasting. The Guardian meldte om saka på onsdag.

LES OGSÅ: Ebba Witt-Brattström leter fram vitnesbyrdene fra litteraturhistorien i kjølvannet av metoo.

Ramma direktøren bak

Scena illustrerar den praksisen i underhaldningsbransjen som har kome fram i kjølvatnet etter skuldingane mot Harvey Weinstein, og den etterfølgjande metoo-kampanjen.

Den tidlegare mektige filmprodusenten Harvey Weinstein blei gjenstand for over 80 skuldingar av seksuelle overgrep og trakassering. Det medførte ein global trend kor spesielt skuldingar mot menn i mektige posisjonar skulle kome fram i lyset.

Interessant nok skulle også kampanjen spreie seg og ramme direktøren bak nettopp filmen Toy Story 2. Med-grunnleggjar og tidlegare animasjonssjef i Disney, Johan Lasseter, blei i slutten av 2017 skulda i å ha oppført seg uhøveleg og ha gitt uønska seksuell merksemd til kollegaer.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur