Kultur

Forskar vil endre synet på funksjonshemming

Likestillingskampen har gjort mykje for å utjamne kjønnsforskjellar. Statsvitar Kjersti Skarstad meiner vi treng å ta ein liknande kamp for folk med funksjonshemming.

Bilde 1 av 2

– Mange tykkjer det eg held på med er snevert. Men faktum er at alle kjem til å vere avhengige av andre i løpet av livet, så eg meiner det er ein universell tematikk, seier Skarstad.

Trass i at FN laga ein konvensjon som presiserer menneskerettane for folk med funksjonshemming i 2006, har det blitt skrive lite om dette. Med boka Funksjonshemmedes menneskerettigheter (2019), rettar Skarstad litt på statistikken.

– Det er eit stort behov for meir medvit kring funksjonshemming. Denne gruppa blir oftare utsett for alvorlege brot på menneskerettane enn andre, og brota mot dei får mindre merksemd enn andre utsette grupper.

Skarstad meiner vi kan samanlikne situasjonen med kvinnekampen.

– Det er ein sterk parallell til likestillingskampen på kjønnsfeltet. Folk med funksjonshemming treng den same oppløftinga og synleggjeringa. Det handlar mellom anna om å behandle dei som individ og inkludere dei i samfunnet.

LES OGSÅ: Julia Kristeva og Jean Vanier endra synet på handikap

Sjølvbestemming

Ei av dei store utfordringane handlar om retten til å ta eigne val.

– Alle land har mykje å gå på når det gjeld rett til sjølvbestemming, som er ein av dei mest sentrale og grunnleggande rettane. Problemet oppstår når nokon må ha hjelp til å ta eigne val. Mange vil då velje for dei i staden for å ta utgangspunkt i kva personen eigentleg ønskjer sjølv.

Ei sak frå 2016 som vart anka til høgsterett, illustrerer dilemmaet godt.

– Ein psykiatrisk pasient med vergemål arva ein million kroner då foreldra døydde. Ho gjekk til sak for å få bruke pengane på det ho likte – taxiturar, ferie og røyk. Anka leia ikkje fram. Det problematiske er at viljen til individet og kva som var godt for ho, ikkje vart vektlagt i fleirtalsavgjerda.

– Korleis bør ein gå fram for å ivareta individets rett til å bestemme sjølv?

– I situasjonar kor personar har vanskeleg for å gje uttrykk for kva dei ønskjer, handlar det om å ha god kjennskap til personen, slik at ein har grunnlag for å gjere den beste tolkinga av situasjonen og legge til rette for at valet er i tråd med viljen til individet. Det er ei heilt anna tilnærming enn å berre ta det valet ein sjølv meiner er best for vedkomande.

Vekk med skiljet

Forskinga til Skarstad syner at menneskerettskonvensjonen for funksjonshemma folk har skapt meir merksemd kring problematikken.

– Eg har sett på om menneskerettskomiteane har blitt meir medvitne. Det kan ein trygt seie at dei har. Kor ofte funksjonshemming blir nemnt i komiteane sine konkluderande observasjonar om menneskerettigheitssituasjonen, har auka frå 16 til 62 prosent frå 2000 til 2015. Det syner at konvensjonen har noko å seie.

Men det er framleis mykje å ta tak i.

– Eg ønskjer å bryte ned skiljet mellom oss og dei. Tradisjonelt sett har ein snakka om dei med funksjonshemming i eit helseperspektiv og alt dei ikkje kan gjere. Det er ikkje legitimt. Vi bør heller sjå på kva samfunnet gjer som ekskluderer dei, og endre på det, slik at vi får fleire med funksjonshemming til å delta i politikk, arbeidsliv og samfunnet generelt.

LES OGSÅ: Berre halvparten av funksjonshemma er i jobb

Sjølvlært

Skarstads interesse for funksjonshemming starta då ho tok ei mastergrad om menneskerettane og oppdaga kor lite det var skrive om dette. Difor skreiv ho Norges første doktorgrad om emnet. Men korleis ein skal behandle folk med funksjonshemming, har ho ikkje trunge lese seg til.

– Eg vaks opp med ein familiemedlem med funksjonshemming. Heime blei vi behandla likt. Det har gjort det enklare for meg å sjå når folk ikkje får rettvis behandling.

---

Funksjonshemmedes menneskerettigheter

  • Ny bok av Kjersti Skarstad
  • Utgitt på Universitetsforlaget

---

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur