– Ein institusjon som Dansens Hus skal gje plass til kunst som behandlar vanskelege og kontroversielle tema, seier Samme Raeymaekers.
Raeymaekers vektlegg at oppsettinga ikkje skal vere eit innlegg i debatten om aktiv dødshjelp.
– Det er viktig å seie at dette stykket ikkje handlar om eutanasi, men om døden.
– Men tar ikkje Platel indirekte stilling, i favør eutanasi, når han tek i bruk ein film av ei som tek livet sitt på denne måten?
– Stykket stiller spørsmål ved problematikken, men legg ikkje føringar. Om menneske skal få bestemme over sin eigen død, er eit etisk tema som kunsten bør belyse.
Raeymaekers kjenner koreografen godt frå før, og for han har det vore viktig å vite at familien til Lucy har vore med i prosessen.
– Familien og Lucy har gjort eit ærleg val om å vere med i prosjektet, så eg vil ikkje seie at Platel misbrukar materialet.
Positiv
Kulturrådgjevar i Den norsk kirke, Knut Erik Tveit, har tatt med Requiem pour L i Påske + pasjon-programmet. Tveit har ikkje sett det sjølv, og hadde ikkje fått med seg at det blir vist ein film av ei kvinne som døyr, då Vårt Land snakka med han. Han vart nyfiken då han høyrde om filmgrepet.
– Å gå inn i dette alvorlege og spennande rommet mellom kunsten og det verkelege livet, tykkjer eg er veldig spennande, seier Tveit.
Tveit er glad for at oppsettinga ikkje skal omhandle eutanasidebatten.
– Det verker til at koreografen tar tematikken på alvor. Så lenge verket ikkje er eit programinnlegg for eller imot aktiv dødshjelp, tenkjer eg at produksjonen har gode moglegheiter til å vere open og interessant.
Kyrkjemusikk
Tveit set også pris på at kyrkjemusikken blir brukt i nye kunstuttrykk.
– Den kyrkjemusikalske tradisjonen er så rik, og det er skrive mange store verk om døden. Det er spennande at samtidskunstnarar innan andre kunstfelt enn musikk, tar i bruk denne sjangeren i kunstuttrykket, seier Tveit.