Eit mylder av sosiale, unge menneske
Dersom du har høyrt namnet Hillsong før, er det mest truleg på grunn av dei tallause lovsongane som har kome frå kyrkja. Det var òg mitt referansepunkt.
Allereie nede i vegen, utanfor kyrkja, møter eg glade vertar som ønskjer velkommen til Hillsong Oslo. På hjørnet mellom Sannergata og Valdresgata ved Ringnes Park finn du den såkalla hipsterkyrkja som mange snakka om for eit år sidan. I utlandet har fleire kjendisar vore tilknytt kyrkja, så då Hillsong kom til Noreg i fjor vår blei det fleire medieoppslag. Dei som møter meg er også unge og hippe, men Justin Bieber er nok på ei anna Hillsong-gudsteneste denne føremiddagen.
Mest av alt er det ufatteleg mange folk – så mange at det er mest vanskeleg å koma seg inn dørene i Sannergata 12. Eg får tilbod om kaffi både på kyrkjetrappa og inne, og det kjennest som at alle eg ser smiler eller seier «velkommen». Nokon har Hillsong-t-skjorter, og på eigne banner står det «Velkommen hjem».
I mylderet av menneske og inntrykk ser nokon at eg er i ukjent terreng. Ei ung kvinne kjem i prat med meg, og med eitt kjem fleire til. Etter litt småprat får eg følgje inn i salen når dørene opnar. Sjølv om eg ikkje kjem særlig tidleg, held alle seg i kafeen eller på kyrkjetrappa til nærare ti over elleve. Er det for å skapa meir rom for det sosiale, tru?
Bestill abonnement her
KJØP