Kultur

Jordnær glamour­ skal ­inspirere

Ny serie frå NRK skal vise eit anna bilde av unge kvinner med minoritetsbakgrunn.

I dag lanserer NRK dokusåpeserien Vita & Wanda, om tvillingsøstrene Vita og Wanda Mashadi, som lever travle liv med jobbar i motebransjen og festing på kveldstid. Dei har foreldre frå Iran, men er sjølv oppvaksne i Noreg.

NRK har følgd dei over to år, og vi får bli med på deira oppturar og nedturar: då Vita opererer nasen sin i Iran, då søstrene skal feire 25-årsdagen sin og då dei vitjar heimbygda si ved Kongsvinger og minnest vanskelege tider prega av mobbing og dårleg sjølvtillit. Dei vil vise fram eit anna bilde av unge kvinner med minoritetsbakgrunn enn det som støtt blir synt fram i media.

– Dette er jordnær glamour, fortel regissør Noman Mubashir.

Gry Rustad, postdoktor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, skildrar serien som ein norsk versjon av Keeping up with the Kardashian.

– Dette er TV for snapchat-generasjonen, som eg trur vil treffe det tilsikta publikummet i aldersgruppa 15-30 år. Ei ­dokusåpe som det er god plass til ved sida av Skam-suksessen og Iram Haqs film Hva vil folk si, seier Rustad.

LES OGSÅ: Selfies er både grenseløs lek og lek med grenser

Bak fasaden

– Vi lever i ei tid der unge menneske, særleg jenter, lever liva sine gjennom ­sosiale medium. Vita og Wanda er typiske ambassadørar for denne generasjonen, seier ­Mubashir, som meiner serien ­bidrar til å spegle dei ulike kvardagane som finst der ute.

Søstrene går langt i jakta på ein perfekt utsjånad, og reiser i ein av episodane til Iran for å operere nasen.

– Mi rolle som journalist og programskapar er å sette søkelys på ulike typar ungdomsmiljø. Det finst mange jenter som liker å iscenesetje seg sjølv via sosiale medium. Og då må vi også spørje kvifor. Eg skal ikkje spørje om denne livsstilen er sunn eller etisk eller riktig, eg skal fortelje historie, seier Mubashir, som har vore motivert av å prøve å kome bak denne fasaden.

Samfunnsdebattanten og skribenten Nancy Herz meiner det er bra å få vist fram ulike type menneske på norsk TV.

– Representasjon er viktig, og unge med minoritetsbakgrunn er ikkje ei homogen gruppe. Vi mister ofte det privilegiet det er å vere forskjellig frå kvarandre, og derfor er nyansane og ulikskapane viktige.

LES OGSÅ: Iram Haq er en modig regissør som viser hvilken håpløs skvis et ungt menneske havner i når ­familiens ære står på spill.

Alvorleg bakteppe

På spørsmålet om kvifor dei ville vere med på ein slik serie, svarer Vita og Wanda Mashadi at dei ville vise folk ei anna side av seg sjølve.

– Vi ønskte å vise at alt ikkje alltid er perfekt, og sjølv om ein ofte ønskjer å verke slik på sosiale medium, er vi to heilt vanlege kvinner i tjueåra, som jobbar og tener eigne pengar, seier Vita Mashadi.

Dei håper at dei som ser heile serien, får med seg at liva deira handlar om meir enn berre ­utsjånad.

– Ja, vi er opptekne av en del ting som folk kanskje synest er overflatiske, men denne serien handlar også om å vere tru mot seg sjølv, trivast med seg sjølv, og gjere ting fordi ein sjølv vil, fortel Wanda Mashadi.

Rustad peiker også på at presset om å sjå bra ut er noko alle jenter og unge kvinner føler som ein del av kvardagen.

– Men treng vi fleire program som byggjer opp om kropps- og utsjånadspress?

– Vita og Wanda jobbar i motebransjen, tett på denne tematikken. Men når dei drar til Iran for å pynte på nasene sine, med ­kirurgi, har det eit alvorlig bakteppe. Dei vaks opp på ein liten stad der dei vart kalla negrar – og mobba for dei store nasane sine, fortel ho.

LES OGSÅ: Kim Kardashian og Jørn Hoel er sexy, om ikke granateple, store hjerner og sol også skal være det.

Ikkje religiøse

Mubashir peiker på at media, og ikkje minst NRK, har ein tendens til å ha­ 
religion i fokus kvar gong eit program skal handle om unge kvinner med muslimsk bakgrunn.

– Det er sjølvsagt viktig at viktig at deira stemme blir høyrt, men det finst fleire unge kvinner enn det vi er klar over som har røter i muslimske land, men som ikkje trur, eller nødvendigvis har ei sterk tilknyting til sin kulturelle bakgrunn.

Han meiner det er mange som er redde for at andre skal dømme dei fordi dei er opptekne av mote og utsjånad, som vil setje pris på historia om Vita og Wanda.

– Serien viser at innvandrarjenter er som alle andre jenter; vidt forskjellige. Og ikkje minst viser Vita & Wanda eit mangfald i denne gruppa – og det handlar nesten ikkje om religion. Det er ofte ein hovudingrediens i møte med jenter i innvandringsmiljø, seier Gry Rustad.

Nancy Herz har ikkje sjølv sett serien, men kan sjå at mediedekninga kan vere einsidig - sjølv om ho understrekar at det har med å gjere at tru og identitet er viktig for mange.

– Det kan likevel vere nyttig for unge sjølv, og for storsamfunnet, at dei unge med minoritetsbakgrunn er mykje meir enn si religiøse tilknyting, seier ho.

– Det er nettopp derfor dette­ programmet er viktig for oss, seier Wanda Mashadi.

– Det er mange nordmenn som ikkje er kristne, og på same måte finst det også mange iranarar som ikkje er religiøse. Det at vi ikkje har så sterk tilknyting til kulturen i Iran, har aldri plaga oss. Vi håper jo at vi kan vise folk med minoritetsbakgrunn at det er ok å ikkje vere religiøs. Det gjer deg ikkje til et dårlegare menneske. Vi er alle forskjellige, og det er heilt normalt.

Les mer om mer disse temaene:

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur