Kultur

Ein truande rebell

’Ein tener ikkje Gud ved dumskap og uvitigskap’, meinte Rikke Nissen, kvinna frå borgarskapet som grunnla sjukepleia som fag.

Visjonær føregangskvinne. ­Truande rebell. Grunneleggaren av sjukepleia som fag. Dette er nokre av epiteta Kitt Austgard og Berit Hovland nyttar når dei skildrar borgarskapskvinna Ulrikke Eleonore (Rikke) Nissen (1834–1892), som forlèt ein danna heim for å følgje kallet sitt om å utvikle pleie av sjuke, med si kristne overtyding som drivkraft. I biografien Rikke Nissen. I kamp og kjærlighet fortel Austgard og Hovland historia om ein pioner innanfor sjukepleia som dei meiner har fått lite merksemd i ettertid.

– Ho såg det som si oppgåve å gjere diakonien kjent i ­Noreg, fortel Kitt Austgard, tidlegare ­dosent ved Lovisenberg ­Diakonale Høgskole.

Nissen vaks opp i ein velståande heim, på ein gard på ­Hedemarken med tenestefolk, i eit miljø der det stadig vart ­arrangert ball i eit livleg ­selskapsliv, og der kristendommen var til stades – men ikkje veldig sentral. Vegen derifrå til å pleie sjuke i Guds teneste, var langt ifrå sjølvsagt.

Simpelt grovarbeid

«Å pleie syke på denne tiden hadde ­ingen anerkjennelse i folket. Arbeidet ble betraktet som det simpleste grovarbeid de fleste holdt seg langt unna, hvis ikke nøden tvang dem. Ingen fra borgerklassen ville drømme om å sende sine døtre inn i sykepleien», skriv Austgard og Hovland i boka.

– Sjukepleia hadde ein låg status i Noreg på 1800-talet, det var eit arbeid som i alle fall ikkje danna kvinner frå borgarskapet skulle utføre. Tanken om at sjukepleiarane, som då først og fremst var dei såkalla gang-­konene på sjukehusa, skulle ha utdanning, var framand, seier Berit Hovland, diakonisse og tidligare rektor ved Lovisenberg. Ho er i dag ansvarleg for sjukepleiemuseet på Lovisenberg-området.

– De skriv at Nissen gjorde eit pionerarbeid som representerte noko nytt som fekk varige endringar. Kva var dette nye?

– Det eine er at ho seier at også kvinner kan tileigne seg kunnskap. Det andre er at ho såg at sjukepleia var eit høgverdig fag, der teori vart heilt nødvendig. Grunnvollen i Nissens oppfatning av den faglege sjukepleia, var eit holistisk menneskesyn; ein skulle behandle både kropp og sjel, seier Hovland.

– Nissen publiserte fleire faglege artiklar om diakonien i kyrkjehistoria. Om ein gjekk tilbake til apostolisk tid kunne ein sjå korleis diakonisseembetet hadde ein sjølvstendig posisjon i kyrkja, likeverdig med presteem-­
betet, og ho peikte på at kvinnene hadde stor myndigheit i oldtidas kyrkje, seier Austgard.

I desse artiklane kjem visjonen hennar for diakonissegjerninga i Noreg til uttrykk; det var sjukepleie med vektlegging av teoretiske kunnskapar og kristen tru og kjærleik som fundament.

Gjerningsmisjon

I boka fortel dei om ei oppleving då Nissen sjølv vart sjuk i 1862 – ho sleit også med dårleg helse heile livet – då ho fekk behandling av ufaglærte sjukepleiarar og tenkte sitt om kva desse kvinnene kunne ha utretta hadde dei hatt meir kunnskap.

– Ho såg det som si oppgåve å kjempe for forståinga av at det å vere sjukepleiar kravde danning og kunnskap, at det var eit høgverdig fag som alle kvinner kunne vere stolte av å drive med – også kvinner frå borgarskapet, seier Kitt Austgard.

Men det var også noko anna som dreiv ho, nemleg trua på ­Jesus Kristus. Det var søstera ­Bolette Nissen, som først vart fengsla av «den johnsonske vekkelse», ei åndeleg rørsle med ­utspring i universitetsteologen ­Gisle Johnsons tankegods og ­ideen om ein gjerningskristendom, i kontrast til ein kristendom som hadde ordet aleine i sentrum. Det vart oppretta ein indremisjon i hovudstaden, som skulle utføre ein gjerningsmisjon, og ei rekke sosiale tiltak vart iverksette, mellom anna fattigpleia. Bolette, som budde i Kristiania på denne tida, vart frelst. Og Rikke følgde etter, inn i ei tru som kombinerte praktisk handlekraft og djupt religiøst alvor, med eit veksande engasjement for diakonien ho ser har fått feste i Sverige og England.

Kunnskap

Etter eit opphald ved fleire av anstaltane i Tyskland blir Rikke Nissen overtydd om at diakonien må etablerast også i Noreg, med teoretisk ­utdanning av diakonissene som eit sjølvsagt element. Her var ho ikkje heilt på bølgjelengd med indremisjonen, som hadde konkrete planar om å etablere eit diakonissehus i hovudstaden. Nissen har ikkje helse til sjølv å pleie sjuke, eller fullføre ei diakonisseutdanning, men det er ikkje noko tvil hos henne om kva hennar bidrag skal vere: Ho skal undervise elevane ved Diakonissehuset i alt frå allmennlære til bibellære, og sjølvsagt i anatomi, legemiddel, hygiene og sjukdomslære.

– Ho hadde bestemt seg på ­førehand for kva fagområde det skulle undervisast i, der truslære og etikk var ein del, den medisinske ein annan, og pleie av sjuke ein tredje, seier Austgard.

I 1869 sender ho brev til ­leiinga ved Diakonisseanstalten der ho søkjer stilling som læresøster, og greier ut som sitt syn på diakonien.

– Her grunngir ho viktigheita av at dei som skulle pleie, måtte ha kunnskap. Ho skreiv at ein tener ikkje Gud ved dumskap og uvitigskap, fortel Berit Hovland.

Det tar tid før styret i indremisjonen ser forbi det som for dei verkar som ein oppsiktsvekkande frimodig og arrogant førespurnad, at dei her hadde å gjere med ei kvinne som ikkje kjende sin plass. Men etter kvart skjønar dei kva for tilskot ei driftig kvinne med den intellektuelle og analytiske kapasiteten som Nissen hadde, kunne vere.

Kvinnekamp

Diakonissehuset i Christiania blir offisielt stifta 20. november 1868, og tar inn seks søsterelevar første året. 180 personar var innom anstalten i løpet av 1870, i byrjinga av 1871 er det dokumentert 227 sjuke, i all hovudsak dei fattigaste av dei fattigaste sjuke. Anstalten er i rask vekst. I 1881 var elevtalet oppe i 55, og anstalten husa 46 diakonisser og 42 prøvesøstrer.

Rikke Nissen kjem i 1870, og blir grunnleggar og leiar av diakonissenes teoretiske undervisning i sjukepleie, og i 1877 gir ho ut Noregs første lærebok i ­sjukepleie: Lærebog i ­Sygepleie for Diakonisser. Etter kvart ­etablerer ho også bladet Fra Diakonissehuset, der ho nyttar spalteplass til å løfte fram sjukepleia som sjølvstendig fag. Men ho ­vender seg også til alle kvinner og ­understrekar viktigheita av at dei tar utdanning slik at dei kan forsørgje seg sjølve.

– Ho dreiv ikkje berre ein profesjonskamp og ein truskamp, men ein kvinnekamp, seier Austgard.

Braut grenser

Det var ikkje berre lett for ei direkte og myndig kvinne som Rikke Nissen å finne sin plass i eit miljø der idealet var den sjølvutslettande diakonissa, der hennar privilegerte status ikkje hadde betyding.

– Å skulle gi opp alt verdsleg og kroppsleg og gi seg fullt og heilt til gjerninga, synest ho var for strengt, eg trur ho sleit heile tida. Ho fekk jo etter kvart både innpass og anerkjenning, men ho klarte nok aldri heilt å tilpasse seg, fortel Hovland.

For Nissen la ikkje skjul på meiningane sine og hadde ein sterk formidlingstrong.

– Ho blanda seg borti alt, var kritisk og kravde mykje av dei rundt seg, seier Hovland.

Ho var nok ikkje alltid like ­enkel å ha med gjere, og ­vanskelegare å plassere, og ­Hovland og Austgard spekulerer i om dette kan vere noko av grunnen til at ho har fått ­mindre merksemd enn til dømes ­forstandarinna av ­diakonissehuset, ­Cathinka ­Gulberg.

– Eg trur ikkje alltid ho skjønte sjølv at ho braut grenser, seier Austgard.

Mer fra: Kultur