Kultur

Jon Fosse vann Nordisk råds litteraturpris

Vinnartrilogien gir assosiasjonar til både evangelietekst, visjonsdikting og kristen mystikk.

Jon Fosse er ofte blitt nemnt som ein favoritt til Nobelprisen i litteratur. No har han vunne prisen som kanskje ligg nærmast i ære for ein nordisk forfattar. Nordisk Råds litteraturpris er ein stor og viktig pris, og Fosse vinn han for eit prosaverk – ikkje for dramatikken, som han har fått mest internasjonal merksemd for. Sjølv poengterte han nettopp dette då han mottok prisen i Reykjavik seint tysdag kveld. Og juryen som nominerte han, kalla Trilogien, som består av bøkene Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, for eit høgdepunkt i nyare norsk romanlitteratur.

Storleik

Prisen seier litt om kva slags litterær storleik Fosse er. Han er ikkje berre ein av verdas leiande dramatikarar, men også ein ualminneleg sterk prosaist – og lyrikar.

Interessant er det også at Fosse har så tydelege strengar av religiøsitet i bøkene sine. Dette gjeld ikkje berre dikta hans, der han mellom anna er i dialog med Jesaja i antologien Bibeldikt (redigert av underteikna og Jan Ove Ulstein), og brukar religiøse ord og tankebygningar i ei diktsamling som Stein til stein frå 2013. Men også romanane hans er fulle av metafysisk stoff, ikkje minst Morgon og kveld, som også var nominert til Nordisk råds litteraturpris. I år vann han endeleg – Fosse har sjølv sagt at ville bli skuffa om han ikkje fekk prisen – med ein trilogi som gir assosiasjonar til både evangelietekst, visjonsdikting og kristen mystikk.

Intens

I pressemeldinga frå Samlaget blir trilogien skildra som ei intens forteljing om to elskande, Asle og Alida, som prøver å finne sin stad i verda. Andvake handlar om spelemannen Asle og kjærasten hans, Alida – med ein romanopning som assosierer til sjølve juleevangeliet. I Olavs draumar skal Asle og Alida bli ektefolk, men Asle endar i staden med å bøte med livet for gjerningane sine. I Kveldvævd følgjer vi Alida og den vesle sonen Sigvald attende til staden Asle og Alida først rømte frå.

Vårt Lands meldar Eskil Skjeldal er blant dei som har rosa Jon Fosse: «Ingen skildrer den skjøre kjærligheten som Fosse,» skreiv Skjeldal i si melding av Kveldsvævd. «Jeg leser Fosse fordi han skriver så vakkert om døden og kjærligheten. Fordi han bygger ned grensene mellom mennesket og naturen. Jeg leser Fosse fordi han åpner opp mellom liv og død, det metafysiske og det fysiske. Fosse vever hele virkeligheten sammen.»

Blei katolikk

Eskil Skjeldal gav i år ut ei samtalebok med nettopp Jon Fosse, der Fosse seier mykje både om litteratur og den kristne trua si, Mysteriet i trua. At Fosse nyleg har konvertert til katolisismen, er kjent for dei fleste. Han var nok på veg dit allereie for nokre år sidan, då eg gjorde Min tro-intervju med han for Vårt Land.

Eit anna aspekt det er verdt å trekke fram, er at det er tredje gongen Nordisk råds litteraturpris går til ein forfattar som skriv nynorsk. Tarjei Vesaas (1964) og Kjartan Fløgstad (1978) gjekk framfor han. Straks Fosse hadde fått prisen, gjekk det ut melding frå Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum om at «Nynorsk-Noreg jublar».

Nordisk Råds litteraturpris til Jon Fosse er ein etterlengta pris for mange. Han burde nok ha fått han for fleire år sidan. Men som Fosse sjølv seier, er timinga for han personleg svært god. Fosse kjem nemleg til å konsentrere seg om prosa, ikkje dramatikk, framover.

Vi har truleg fleire interessante bøker i vente.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur