Kultur

Håpsmannen Lech Walesa

Filmen om Lech Walesa er blitt eit helteportrett som manglar dynamikk, meiner vår filmmeldar.

Lech Walesa var den polske elektrikaren som blei kjent for heile verda for sin ikkje-valdelege kamp mot det kommunistiske regimet i heimlandet. Han fekk Nobels fredspris i 1983, og slik spelar også Noreg ei viss rolle i den biografiske filmen som no er laga om Walesa.

Regissør Andrzej Wajda, kjent blant anna for den Oscar-nominerte filmen Massakren i Katyn (2007), var sjølv ein av dei som slutta seg til den anti-kommunistiske grasrotrørsla Solidaritet på begynninga av 1980-talet. Han hadde altså Lech Walesa som leiar; no lagar han film om han.

Er det blitt eit helteportrett? Ja, sjølvsagt. Filmen viser fram litt trøbbel på heimebane – med kone og seks barn blir det fort gnissingar når du opnar stovedøra på vidt gap for framande, i solidaritet eller ei. Men sjølv dette blir overraskande fort løyst. Walesa (Robert Wieckiewicz) teiknar ein plakat der det står «Tyfus. Ingen adgang» og Danuta Walesa (Agnieszka Grochowska) smiler igjen.

Førstegrøda. Filmen har fått tittelen Walesa – Håpets mann. Den polske arbeidarrørsla var ein viktig del av kampen mot kommunismen på 1980-talet, ei endring som førte til Berlin-murens fall og oppløysinga av Sovjetunionen. Det som skjedde i Polen, gav håp ikkje berre for dei polske innbyggarane, men for ei heil verd. Polen var på sett og vis førstegrøda av dei politiske endringane som skulle komme.

Filmen vekslar mellom å dramatisere scener frå eit intervju som den kjente journalisten Oriana Fallaci gjorde med Lech Walesa, og utvalde scener frå Walesas ferd frå proletar til president.

Interessant. Det er ei interessant forteljing. Filmen har det same problemet som mange andre biografiske filmar, at han manglar litt dynamikk. Wajda brukar hoppinga inn og ut av intervjusituasjonen for å skape meir nærvere, men lukkast vel berre sånn måteleg med det. Når det er sagt, er Walesa – Håpets mann langt betre enn mange andre velmeinte filmar om viktige personar i vår nære historie. Wajda skildrar både religion og politikk på ein innsiktsfull måte, sjølve fotograferinga er delikat og bruken av filmmusikk er også spenstig, med mykje polsk rock på lydsporet.

Robert Wieckiwicz er overbevisande som Lech Walesa, og ber filmen gjennom to timar. Maria Rosaria Omaggio i birolla som Oriana Fallaci gjer også ei god og truverdig rolletolking.

Standhaftig. Walesa seier i filmen at ein må vere full av sinne for å kontrollere sinnet til folket, men blir ikkje teikna som ein spesielt sint mann. Derimot er Wajdas film eit portrett av ein mann som stod opp for folket sine rettar, mot regimet, og med alle dei konsekvensar denne ikkje-valdelege motstanden kunne få av fengselsstraffer og internering.

Walesa - Håpets mann er verdt å sjå. Også for å friske opp kunnskapane om denne viktige perioden i Europas historie.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur