Kultur

Yahya Hassan identifiserer seg med språket

Ser ikkje på seg sjølv som eit offer.

Politiet stod oppstilt utanfor Litteraturhuset i Oslo då den danske poeten Yahya Hassan deltok i eit arrangement på Morsmålsdagen fredag ettermiddag. Hassan las frå diktsamlinga si, Digte, som har fått enorm merksemd både i heimlandet Danmark og i resten av Skandinavia etter at ho kom ut i fjor. I etterkant var Hassan med i ein panelsamtale leia av Ali Esbati, der også den samiske joikaren Inga Juuso og den argentinske skodespelaren og forfattaren Veronica Salinas også var med. Temaet for samtalen var språk og identitet.

– Eg identifiserer meg ikkje med Danmark som heimlandet mitt, men som diktar identifiserer eg med det danske språket. Eg kunne ikkje ha skrive dikta mine på arabisk, for det arabiske ordforrådet mitt er ikkje litterært nok, sa Hassan.

«Statslaus». Forfattaren presenterer seg sjølv som ein statslaus palestinar med dansk pass. Han kom til Danmark som flyktning på 1980-talet. I debutsamlinga som allereie er blitt den mest selde diktsamlinga i Danmarks historie – med over 100.000 selde eksemplar til no – kritiserer han både islam og sin eigen foreldregenerasjon.

Under panelsamtalen fredag hadde Hassan også eit stikk til samtalen han sjølv deltok i.

– Eg synest at samtalen høyrest ut som om vi er tre flyktningar, tre arabarar eller merkelege menneske som sit og klagar til eit kvitt publikum. Når eg sit på ei scene, ser eg ikkje på meg sjølv som eit offer. Eg er her for å lese dikta mine og for å snakke om språk, sa Hassan.

Omvendt ekskludering. Den 18 år gamle poeten uttrykte at for han er morsmål eit språk som foreldra hans snakka i eit land som han sjølv ikkje har eit forhold til.

– Eg vaks opp i ein arabisk familie med arabisk som språk. I dikta mine skriv eg om at ein ikkje får snakke dansk heime, ei form for omvendt ekskludering. Dette skjer fordi vi er ein minoritet. Språket handlar jo om identitet. Foreldra våre har prøvd å halde på oss ved å lære oss arabisk, så vi skulle bevare vår identitet, som likevel smuldrar opp.

Hassan reflekterte også rundt kva vi snakkar om når vi snakkar om arabisk morsmål: språket som blei snakka i Midtausten for lenge sidan, i flyktningleirar i Libanon eller språket som blir snakka på gata i Danmark.

– Dette morsmålet har fått nokre slag på vegen, sa han.

Ny forståing. Poeten ser på andre språk som ei plattform som opnar opp for ny forståing. For han sjølv betyr det ikkje noko kva for eit språk kunsten brukar, så lenge det er mogleg å forstå dette språket.

– Språk bind sjølvsagt saman. Men der eg vaks opp i Danmark, var det ting som var sterkare enn språket som batt folk saman, til dømes religion, sa Hassan.

Heilt til slutt fekk poeten spørsmål om kva han kjem til å halde på med framover.

– Eg reknar med at eg kjem til å skrive nokre dikt, utan eg veit kva det kjem til å bli eller kva dei skal innehalde. Men poesien er uttrykket mitt, og det trur eg at eg vil arbeide vidare på, avslutta Yahya Hassan.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur