Kultur

Marta Steinsvik – ei kvinne i kamp

Ho utfordra mannskultur på fleire felt og var første norske kvinne som talte frå preikestolen under ei gudsteneste.

Ingeborg Solbrekken låser seg inn ei sidedør og kjem i skade for å utløyse alarmen i Grønland kirke i Oslo. Forfattaren og psykoterapeuten er framme på staden der Marta Steinsvik fekk alarmen til å gå, metaforisk sett, for dryge 90 år sidan. Steinsvik, som Solbrekken no har skrive biografien om, var den første norske kvinna som talte frå preikestolen under ei gudsteneste. Året var 1921.

– Soknepresten i kyrkja, Ecktell, var for at kvinner skulle få tilgang til presteyrket. Ved å sleppe Marta Steinsvik til på preikestolen ønskte han å kutte den teologiske knuten, som ei sivil ulydnadshandling. Dette var jo mot lovverket, slik det vart tolka, så det vart eit frykteleg ramaskrik. Talen utløyste praktisk talt ein alarm, med sterke reaksjonar blant anna frå Menighetsfakultetet, fortel Solbrekken.

Steinsvik opplevde aldri sjølv å bli prest, ho døydde elleve år før Ingrid Bjerkås vart ordinert som første norske kvinne i 1961. Derimot var det den teologiske argumentasjonen hennar som danna premissgrunnlaget for stortingspolitikarane som formelt opna presteembetet for kvinner i 1938. Denne argumentasjonen utvikla ho i hefter, pamflettar og avisartiklar.

Mot prevensjon. Solbrekken meiner likevel at vi ikkje kan sjå på Steinsvik som ein typisk kvinnesaksforkjempar.

– Ho var til dømes mot prevensjon. Og ho var sterkt imot abort. Så mange av dei utprega kvinnesakene gjekk ho imot. Det er ikkje så lett å plassere henne der heller. Men ho hadde sjølv eit kall til å bli prest, og ho syntest ikkje kvinna skulle bli diskriminert som eit mindre åndeleg vesen enn mannen.

Landsmålet var ei anna av kampsakene hennar. Ho vart tidleg gift med målmannen Rasmus Steinsvik, mangeårig redaktør av bladet Den 17de Mai. Sjølv leverte Marta artiklar til bladet, og ektemannen var streng med fristane. To timar etter at ho hadde fødd born nummer tre, spurde redaktøren etter eit nytt manuskript.

Språkmektig. – Marta Steinsvik var dessutan viktig i arbeidet med å gjere landsmålet til eit litterært språk. Ho var språkmektig – ho kunne til dømes både sanskrit og egyptisk kileskrift – og omsette ei rekkje bøker til landsmål, blant andre Jules Verne og Selma Lagerlöf, fortel Solbrekken.

– Ho var også i disputt med Sigrid Undset. Kva gjekk det ut på?

– Dei sverma for dei same mennene ... Heilage Olav og Kristus. Steinsvik meinte at ein ikkje kunne sjå på Heilage Olav som katolsk helgen, ettersom han var oppfostra i den keltisk-irske kyrkja. Katolikkane hadde såleis tilrana seg Heilage Olav på ein uredeleg måte. Dette likte ikkje Sigrid Undset. Dei to kvinnene hadde ei djup gjensidig forarging overfor kvarandre, men denne forarginga førte til at begge skreiv betre tekstar.

Luthersk mystikar. – Hadde Marta Steinsvik eit tydeleg protestantisk utgangspunkt i denne diskusjonen?

– Ja, ho var protestantisk lutheranar på sin hals. Det vart sagt at ho var meir luthersk enn Luther. Dette trass i dei teosofiske strøymingane ho var opptatt av, frå Madame Blavatsky til Rudolf Steiner. Ho fann ikkje noko motsetning i dette. Ho såg dei teosofiske doktrinane som meta-storleikar som ikkje var usameinelege med den lutherske kristendomsforståinga hennar. Ein kan seie at ho var ein luthersk mystikar.

– Hadde ho Jesus-inderlegdom også?

– Det hadde ho, og den var svært vid. For henne var Kristus ein kosmisk frelsar som ikkje var innskrenka til den bibelske, historiske Jesus. Ho tenkte nok at alle religionar har eit felles utgangspunkt, men heldt omgrepssfærane frå kvarandre. Det blei ikkje New Age, meiner Solbrekken.

Okkultprega idear. Dei teologane som analyserte Marta Steinsviks tale i Grønland kirke, meinte likevel at det var ei blanding av vedkjennande kristendom og meir okkultprega idear.

– Ho tok opp i seg ein del universalidear frå teosofien, seier Solbrekken.

Steinsvik hamna i fleire stormar med katolikkane. På eit tidspunkt fekk ho høyre av ein katolsk sokneprest at ho var ein «løgnfabrikant i helvetes teneste». Det ville ho ikkje ha sittande på seg, og ho gjekk til injuriesak mot soknepresten. Seinare blei ho sjølv saksøkt for injuriar etter boka Sankt Peters himmelnøkler.

I dag står jødesynet hennar fram som eit endå meir kontroversielt emne. I 1920-åra uttrykte Steinsvik antisemittiske haldningar i foredraga sine. Dette var rett nok i pakt med ei rekkje andre debattantar i mellomkrigstida. Til og med i det katolske tidsskriftet St. Olav stod det ein artikkel med dryg språkbruk.

Antisemittisk propaganda. – Ho blei nok fanga av den tidsmessige førestellinga om at «jødekapitalen» var på veg mot verdsherredømme. Til liks med fleire andre, trudde ho at innhaldet i Sions vise protokoller var sant. Sett med våre auge dreiv ho difor ein antisemittisk propaganda når ho reiste rundt og heldt foredrag om dette emnet. Samtidig kan ein ikkje seie at ho var ein jødehatar. Ho kom heller ikkje inn på tematikken att etter 1920-talet, seier Solbrekken.

Steinsvik gjorde sin største innsats, ved sida av kampen for landsmålet og kvinnelege prestar, i oppgjeret med mishandlinga av landssvikfangar etter andre verdskrigen. Dette skreiv ho ei bok om, Frimodige ytringer (1946), som Solbrekken meiner er noko av det viktigaste som står att etter Marta Steinsvik. Samfunnsdebattanten engasjerte seg også mot dyremishandling i medisinen.

– På den tida dissekerte ein levande dyr, såkalla viviseksjon.

Forelska i Steiner. Marta Steinsvik hadde eit turbulent privatliv, og vart blant anna ulukkeleg forelska i Rudolf Steiner. Ho reiste ned til Tyskland for å besøke han, men ektemannen som ho var i ferd med å separere seg frå, kom og henta henne. Ho vart tvangsinnlagt på Gaustad Asyl og diagnostisert som kronisk sinnssjuk av overlege Johan Scharffenberg.

– Scharffenberg var ven av Rasmus Steinsvik og trudde at alle som hadde slike okkulte religiøse tankar, var psykopatar. Eg trur nok at Marta var i ei personleg krise, men ho var verken psykotisk eller akutt suicidal, seier Solbrekken.

Biografen trur at Marta Steinsvik hadde eit nokså samansett sinnelag. Ho kunne vere ein flammande reformator i skrift og stå fram som verdas rolegaste bestemor for barnebarna sine. Ho var allsidig på alle måtar, både privat og i sakene ho engasjerte seg så sterkt for – eit religiøst menneske som gjekk til angrep på autoritetar utifrå sitt eige samvit.

Som Ingeborg Solbrekken seier det:

– Marta Steinsvik har spelt ei nokså utruleg rolle i norsk historie.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur