Finn boka di

Fire kilometer med bøker og Norges største samling av religiøs litteratur. Bokbyen i Fjærland opnar 1. mai-helga.

I Bokbyen Fjærland kan ein vandre langs fjorden og gå innom hus etter hus fylte med bøker.
Publisert Sist oppdatert

Butikkane, som ligg på rekke og rad i gamle hus langsmed fjorden, bognar av nye og nysorterte bøker. Og vårdagane er lange her nord no, så dei held ope frå ti til seks kvar dag ut sesongen.

Religiøse bøker. – Me markerer at Bokbyen har ei av dei største samlingane religiøs litteratur i landet. Mykje av programmet under Opningshelgi tek fatt i dette og handlar om religion, salmar, liv og daude, bibelomsetjing, Hans Nielsen Hauge og religiøst liv i det heile. Og laurdagskvelden held Ole Paus konsert i Fjærland kyrkje, formidlar Bokbyen på heimesida si.

Dikt og tekstil. Alt fredag opnar utstillinga «Hjartespråk». Dette er eit samarbeid i form og tekst mellom kunstnar og kunstterapeut Merethe Klæboe og kulturformidlar Trond Klaape-Aasdal. Dikta til Trond Klaape-Aasdal går saman med tekstilkunsten til Merethe Klæboe, og blir eit eige språk til hjarta: eit hjartespråk.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP