Vi som kjenner oss langt borte frå Gud
I påska utspeler det store dramaet i kristendommen seg. Men kva har det å seie for mitt eige liv?
DEN BORTKOMNE SONEN: Rembrandts måleri «Den bortkomne sonen» viser korleis Gud kjem oss i møte med kjærleik, slik Jesu likning i Lukasevangeliet fortel oss om.m
Wikimedia Commons
Den seinaste tida har eg gått og grunna på ein liten detalj ved den bibelske påskeforteljinga. Evangelistane skriv noko ulikt om det som skjedde under Jesu krossfesting, men tre av fire er i samsvar med observasjonen som står å lese i Lukasevangeliet: «Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på.»
Setninga rammar meg hardt. Sidan eg var barn, har eg lese og høyrt om Jesus. Eg lærte å kjenne han, som det heitte på bedehuset. Eg kallar meg ein kristen. Likevel kjenner eg meg att i avstanden bibelteksten fortel om: Eg står langt borte og ser på.
Den bortkomne sonen